I prosjektet ynskjer vi å tilby ei pakke av læringsressursar til nettstudentane i FYS-0001. Vi har valgt screencast som ein viktig del i denne pakka.
Kva er screencast?
Med screencast meiner ein eit opptak av ein dataskjerm, publisert som ein video. Her kan ein til dømes ta opp ein Power Point presentasjon, som ein spelar inn med opptak av lyd og bilde. Ein kan også bruke eit digitalt teiknebrett/touch-skjerm og ta opp det ein skriv ilag med lyd/bilde av den som skriv. Videoane til KhanAcademy er eit slikt eksempel.
Vår screencast-løysing
Vi har valgt å produsere screencast av den siste varianten nevnt ovanfor, altså opptak av det vi skriv på eit teiknebrett og lyd. Vi vil prøve å halde oss på ein lengde mellom 5 og 10 min. 6 min skal visst vere den mest optimale lengde for best mogeleg læringsutbytte. Typisk vil ein screencast omhandle eit fysisk begrep/samanheng og vi vil kort oppsummere det viktigaste om dette begrepet/samanhengen i denne screencasten.
Mange nye screencast
For å dekke pensum i FYS-0001 har vi funne ut at vi treng rundt 80 screencast. Det betyr totalt 10,5 timer med screencast for heile emnet (med ca 6 min per screencast). Vi har rundt 30 screencast allereie, som betyr at vi i dette prosjektet må lage 50 screencast.
Her kan du sjå eit eksempel på ein screencast, om Newtons 2.lov:
Kvifor nye screencast?
Vi kunne ha brukt eksisterande screencast på som er tilgjengelig på Internett. Vi vel derimot å lage eigne screencast for å at læringsinnhaldet skal vere mest mogeleg “personleg” og ikkje minst vere tilpassa pensumlitteraturen. Det er ein stor jobb å utvikle dette, men vi trur at produkta kan brukast i lag tid framover.