Monthly Archives: February 2011

Velkommen til MONS 14 i Tromsø 24.-26. november 2011

Konferansen er no avvikla.

Programmet ligg denne sida (pdf) og samandragshefte på denne sida (pdf).
Kart over universitetsrområdet og konferanselokala samt over Tromsø sentrum kan lastast ned her (pdf).

Inviterte foredragshaldarar på MONS 14
Muriel Norde, Rijksuniversiteit Groningen
Jurij Kusmenko, Institutt for språkforsking, Russlands Vitkapsakademi, St. Petersburg
Kristin Eide, Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet, Trondheim
Anne Brautaset, Universitetet i Tromsø

Påmeldingsfrist
Påmeldingsfristen er no gått ut og registreringa er lukka.

Korpuslansering
Torsdag ettermiddag kl. 17.30 blir det offisiell lansering av Nordisk dialektkorpus på bokhandelen Akademisk Kvarter på Universitetet i Tromsø. Direktør for Språkrådet, Arnfinn Muruvik Vonen, og leiar ved Institutt for språkvitskap, UiT, Endre Mørck held innlegg og det blir lett servering av mat og drikke. Arrangementet er ope for alle interesserte! (Sjå denne sida for meir informasjon.)

Språkhistorieseminar
I forkant av MONS 14 vil det 23.-24. november finne stad eit seminar om språkpolitikk, språkideologi, normer og standardisering med Neville Alexander (University of Cape Town) og Andreas Gardt (Universität Kassel) som inviterte føredragshaldarar. Seminaret inngår i arbeidet med band 4 til ny norsk språkhistorie, og bidragsytarane til dette vil også halde innlegg. Seminaret føregår i rom E.0103 og startar kl. 09.15 onsdags morgon den 23. og varar fram til lunsj torsdag 24. Nærmare informasjon om seminaret kan ein få ved å vende seg til Tove Bull.

Posted in Uncategorized | Leave a comment