Praktisk informasjon

Stad
Konferansen finn stad på universitetsområdet i Breivika i Tromsø, ca. 4 km frå Tromsø sentrum, på Fakultet for humaniora, samfunnsvitskap og lærarutdanning. Ei oversikt over campusområdet til Universitetet i Tromsø og over konferanselokala kan lastast ned ved å klikka her. På denne oversikta finn ein òg eit kart over Tromsø sentrum.

Reise og overnatting
Deltakarane på konferansen må sjølve syte for reise og overnatting. Universitetet i Tromsø har avtaleprisar med ei rekkje hotell i Tromsø som deltakarane kan nytte seg av – nærmare informasjon finn ein på denne sida.

E-post
Praktiske spørsmål om konferansen kan rettast til arrangørane på denne e-postadressen mons.14.tromso@gmail.com