Om

UiT Open Research Data er ei dataarkiveringsteneste for deling, gjenbruk og sitering av forskingsdata, og som dermed fremjar open og reproduserbar forsking.

Kva er UiT Open Research Data?
UiT Open Research Data er eit open access-dataarkiv og tener så vel eit institusjonelt behov som nasjonale og internasjonale behov for tilgang til og langtidsarkivering av forskingsdata. Tenesta har vore i drift sidan 2014, men då berre for forskingsdata innan språk og lingvistikk. Gjennom eit samarbeid mellom UB og ITA skal tenesta opnast for forskingsdata frå andre fagområde i løpet av hausten 2016.

UiT Open Research Data vil innehalda berre opne forskingsdata. Sensitivt materiale som ikkje kan vera ope tilgjengeleg, er ikkje inkludert i denne tenesta.

Kvifor UiT Open Research Data?
Open vitskap er til fordel for alle. Forsking byggjer på forsking, og jo lettare tilgang til tidlegare forsking og forskingsdata, jo betre er grunnlaget for å gjera framsteg med ny forsking.

Om nokon via UiT Open Research Data får tilgang til og kan gjera bruk av dine datasett, vil du bli kreditert i form av sitering. UiT Open Research Data vil såleis gjera forskinga di betre kjend, og du vil kunna knyta nyttige faglege kontaktar.

Forsking er i stor grad offentleg finansiert, og det er sjølvsagt ønskjeleg at samfunnet får mest mogleg nytte av desse midlane. Styresmaktene i dei aller fleste land stiller difor stadig klårare krav om at data og publikasjonar som kjem frå forskinga dei finansierer, skal gjerast ope tilgjengelege.

Det er òg meir og meir vanleg at dei vitskapelege tidsskrifta stiller krav om at forskingsdata som ligg til grunn for artiklane dei publiserer, skal vera ope tilgjengelege. For å hjelpa forskarane ved UiT med å oppfylla slike krav har UiT Open Research Data blitt etablert.

Korleis kan du ta i bruk av UiT Open Research Data?
Innhaldet i UiT Open Research Data er ope og fritt tilgjengeleg for alle. Det einaste kravet er at brukaren respekterer lisensen og god vitenskapelig skikk og forskingsetiske standarder som mellom anna seier at ein skal referera til data ein har brukt.

Innhaldet er søkbart via søketenester for vitskapeleg innhald, inkludert bibliotektenester, og sjølvsagt også via generelle søketenester som Google Scholar. Andre forskarar treng såleis ikkje å kjenna til UiT Open Research Data for å finna datasetta du har arkivert her.

Bruksvilkåra for UiT Open Research Data finn du her.

Ta kontakt
Sit du med data som med fordel kunne ha vore arkiverte i UiT Open Research Data, så ta kontakt med oss. Det same gjeld om du har spørsmål og vil vita meir om UiT Open Research Data. Bruk din fagreferent for meir informasjon, eller kontakt oss på opendata@ub.uit.no.