Delprosjekt 4 – Pitesamiske stedsnavn

Forsker: Aud-Kirsti Pedersen

På norsk side av det pitesamiske området har det gått føre seg eit omfattande språkskifte, og norsk har trengt vekk samisk som talespråk. Sjølv om språkskifte har blitt gjennomført, kan likevel spor av det samiske språket framleis vere å finne i lokale stadnamn i norsk språkbruk i form av det ein kan kalle samisk substrat i norsk.

Tørrfjorden i Sørfold kommune

Tørrfjorden i Sørfold kommune

I juni 2011 (20.–26. juni) gjorde eg feltarbeid i Tørrfjorden i Sørfold kommune. Området ligg i randsona til det pitesamiske området, men det blei valt ut på grunn av at området tidlegare har hatt ein sjøsamisk busetnad.I ”Major Peter Schnitlers grenseeksaminasjonsprotokoller 1742–1745” blir elleve sjøsamiske menn namngjevne i dette området, og eg ønskte å undersøke om dei norske stadnamna i dette området kunne innehalde språkleg substrat som kunne setjast i samband med det samiske språket som tidlegare har vore brukt i dette området.

Sju informantar blei intervjua – alle frå stader som er omtala som bustader til personane som er nemnde av Schnitler. Informantane mine kom frå Helland, Evjen, busetjingar ved Andkjelvatnet, Øyra, Steinbakken, Medgarden og Nordfjorden.  I alt blei om lag 500 stadnamn dokumenterte.

Forskinga på materialet vil vere såkalla paleolingvistisk substratforsking med utgangspunkt i eit språk som er kjent typologisk sett. I området må ein gå ut frå at det ligg føre språkkontakt i tidlare tider, men kontaktspråket er utdøydd. Den metodiske tilnærminga for å analysere materialet vil vere å analysere det norske materiale for å undersøke eventuelle substrat i det norske materialet. Om eit namn inneheld ledd som ikkje utan vidare kan tolkast ut frå kjent norsk ordstoff, kan ein mistanke at substrat ligg til grunn. Slik substrat ligg truleg føre i stadnamn som Assiholo, Sisovatnet og Moskusdalen, for forledda Assi-, Siso- og Moskus- bør analyserast ut frå ein hypotese om at det her kan finnast eit samisk substrat. Eit anna slikt døme frå det innsamla materialet er namnet Banaken. Både rota Banak- og den morfologiske forma til namnet (bestemt form eintal, hankjønn) gjev grunn til å analysere namnet nærmare.

Eit stadnamnmateriale kan også innehalde informasjon om etniske forhold i eit område om namna inneheld etnisitetsnemningar som t.d. finn, lapp, same, bumann, norsk, nordmann osb. , t.d. Lappmoen, Lappelva, Finnskytelva, Finnvika, Norskesanden, og namn av denne typen inngår i det innsamla materialet.

Stadnamnintervjua er tatt opp med dikatafon, namna er noterte fortløpande under intervjuet i ei feltnotatbok og kartreferansar er noterte. Hittil har det ikkje vore tid å bearbeide det innsamla materialet og skrive det ut som arkivmateriale som i neste omgåang kan analyserast nærmare.

This entry was posted in Uncategorized and tagged , , , , , , . Bookmark the permalink.