Linux i skolen

Rapport fra Trond Trosterud,
Samisk institutt, Universitetet i Tromsø

Prosjekt 200104097-45

Økonomisk støtte til prosjektet
“Seminar om samisk dataterminologi og lokalisering”

Eg søkte på vegne av Skuvlalinux (http://developer.skolelinux.no/info/samisk) pengar til å arrangere eit seminar for samisk dataterminologi og lokalisering frå Samisk senter, og fekk innvilga søknaden.

Seminaret vart arrangert 19.4-20.4 i Tromsø, med 7 deltakarar frå 3 land.

Seminaret var planlagt med tre tema. Terminologisk arbeid, gjennomgang av programmeringsverkty for omsetjingsarbeidet, og lokalisering (handsaming av samiske bokstavar). Arbeidet med seminaret vart, som alt arbeid med Skuvlalinux, publisert på nettsidene til Skuvlalinux:

Både arbeidet med terminologi, med den vidare planlegginga av prosjektet, og med lokalisering var vellukka. Resultatet av det terminologiske arbeidet vart publisert på nett, og danna utgangspunkt for vidare arbeidet med samisk lokalisering. På eitt punkt var seminaret mindre vellukka, nemleg gjennomgangen av programmeringsverkty for omsetjing (programmet kbabel). På grunn av misforståingar og inkompatible operativsystem var vi ikkje i stand til å gå gjennom dette verktyet som planlagt. Det vart oppsummert at den delen av arbeidet måtte bli betre førebudd til neste gong.

Alt i alt kan seminaret likevel oppsummerast som svært vellukka. Når delar av det tekniske programmet gjekk ut fekk vi meir tid til terminologi (jf. liste over godkjende termar) og planlegging, og resultatet av dette arbeidet viste seg også seinare same år, då Skuvlalinux var i stand til å vise til nok grunnlagsarbeid til å få gjennom ein større søknad om stønad til arbeidet sitt via Kommunal- og Regionaldepartementet.

Med helsing,

Trond Trosterud


Vedlegg 1:

Program for seminaret

Dihtorterminologiijaseminára

Látnja E1004, Humfak

Berjadat 19.4. dii. 9.15 – 15.00,
Terminologiijasagastallan, http://developer.skolelinux.no/info/samisk/

gc. Sátnelistu I, sátnelistu II.

Lávvordat 20.4. dii. 9.15 – 11.00
Terminologiijasagastallan

Lávvordat 20.4. dii. 11.00 – 15.00
Bargguneavvagiid (kbabel, poedit, CVS, sámi lokaliseren).


Vedlegg 2:

Deltakarliste
Esko Aikio
Marit Einejord
Børre Gaup
Regnor Jernsletten
Svein Lund
Berit Merete Nystad
Trond Trosterud

 

About Siri Johnsen

Hovedtillitsvalgt for Akademikerne UiT, Norges arktiske universitet, januar 2006-januar 2017
This entry was posted in Communication, Researcher and tagged , , , , , . Bookmark the permalink.