Heim

Sjå dei siste innlegga her!

Facebook, Twitter, Snap og Insta. Kanalar for samhandling og informasjonsflyt. Kva kjenneteiknar språket og tekststrukturen i desse kanalane? Og kva med blogging: Korleis skriv folk når dei bloggar?

Sosiale medium er komne for å bli. Og i vårt postfaktuelle samfunn med «alternative fakta» der kanalane blir brukte både manipulerande av makta og som motmakt av grasrotrørsler, er det viktig å forstå eigenskapane ved sosiale medium. Språk og tekst er ei viktig side ved det. Og det handlar ikkje berre om politisk makt og avmakt, men òg om sosial makt og sosiale relasjonar. Kanskje vel så mykje det.

Dette kurset tek opp språklege praksisar i sosiale medium forstått som «nettbaserte tjenester som legger til rette for mange-til-mange-kommunikasjon og hvor innholdet i stor grad skapes av brukerne selv» (sjå http://snl.no/Sosiale_medier), og kurset set dette inn i teoretiske rammar for tilhøvet mellom tale- og skriftspråk. Kurset vil òg ta opp fenomenet ‘digital litteratur’ og rette fokus mot innhaldssida ved digitale tekstar og dei litterære særmerka deira.

Emnet Språk og tekst i sosiale medium blir arrangert for andre gong ved UiT vårsemesteret 2017. Undervisninga er organisert i tre samlingar à to dagar kvar gong, første samling i veke 5, andre samling i veke 10 og tredje samling i veke 14. Studentar og lærarar på kurset bloggar her. Sjekk ut innlegga og kommenter gjerne!