Nokon gongar er det greitt å snike seg unna dugnaden

«Det var veldig merkelig […] Den tar meg for langt tilbake», sa Emma Martinovic til Aftenposten då boka hennar «Lever» kom ut. Slik forklarer Martinovic kvifor ho sjølv ikkje hadde lese boka, ei trykt utgåve av bloggen «utøyahelvete», der Martinovic har skrive om kjenslene etter terroren på Utøya 22. juli 2011. Martinovic beskriv prosessen rundt remediering av tekstane sine, altså å bruke opp att eller overføre en tekst frå ein kanal til ein annan, i dette høvet frå blogg til bok.

Ein kan definere remediering som å overføre ein tekst eller anna innhold frå eit medium til eit anna.

For å finne ut av dette merkelege Martinovic kjenner på, skal eg diskutere skilnadene mellom å publisere tekstar i sosiale medium og i tradisjonelle trykte publikasjonar. Spørsmålet er interessant, både for ein som er mest interessert i medievitskap og kommunikasjon og for ein som er mest interessert i pedagogikk og språkdidaktikk.

For å ta det siste fyrst, er det eit pedagogisk poeng å undersøkje kva som skjer med språket gjennom å lese og produsere ulike typar tekster. I mi korte lærargjerning rakk eg å seie fleire gongar, og høyre frå kollegaer enno oftare: «Di meir du les, di betre skriv du.» Gjeld det uansett kva for tekstar ein les?

Spørsmålet er interessant også fordi det gjev oss høve til å diskutere kva som skil sosiale medium frå dei tradisjonelle, analoge kanalane for kommunikasjon. For å diskutere desse skilnadene tek eg utgangspunkt i nokon av dei særtrekka med sosial mediekommunikasjon som Cecilie Staude og Svein Tore Marthinsen gjer greie for i boka «Sosial kommunikasjon. Personlig – samtale – verdi».

Det første særtrekket som Staude og Marthinsen beskriv, er at sosiale medium bringer med seg eit likeverd. Dette likeverdet inneber at skiljet mellom tekstprodusent og tekstkonsument vert viska ut, og det vert lettare å gje tilbakemeldingar og respons. Dette tek forfattarane vidare når dei beskriv dugnadsånd som eit anna særtrekk i sosiale medium: «På nett lever dugnadsånden i beste velgående, vi hjelper hverandre med oppgaver som skal løses, svarer på spørsmål, tipser, spiller inn ideer og utfyller hverandre. I en tradisjonell dugnad må du møte et bestemt klokkeslett og jobbe sammen med andre som møter opp da. På nett kan dugnadsarbeidet foregå til alle døgnets tider, og du bidrar når det passer deg og med den innsats du selv vil.»

Det er lett å tenkje seg at denne digitale dugnaden kan vere til fordel for både tekstprodusenten, tekstkonsumenten og teksten sjølv. Til dømes finn vi fleire kommentartrådar på Trines matblogg der lesarane får hjelp av matbloggar Trine. På denne februarmenyen ser vi også at bloggen vert ein arena der lesarane hjelper kvarandre uavhengig av Trine. I kommentarane under denne oppskrifta på italienske kjøttbollar har lesaren Christoffer har oppdaga ein feil i oppskrifta, og slik hjelper Trine med å forbetre teksten.

Ein skal heller ikkje leite lenge på nettet for å finne døme på denne dugnaden i dei sjølvbiografiske sjukdomsforteljingane, dei såkalla patografiane. Sivert Moe skriv bloggen «Livet med angst, kampen for livet». Her ser vi interaksjonen mellom menneske som identifiserer seg med kvarandre. Etter innlegget «Vendepunktet» ser vi at lesaren Siv skriv: «Er godt å kjenne at mine opplevelser likner andres.» Det er dette Lise-Mari Lauritzen og Linda Hamrin Nesby peiker på i artikkelen «Selvbiografiske sykdomsfortellinger i videregående skole», som vart gjeve ut i tidsskriftet Norsklæraren i 2016. For å forklare kvifor desse forteljingane har vorte så populære og kvifor dei er viktige, skriv Lauritzen og Nesby: «For det første kan patografiene hjelpe andre pasienter i samme situasjon. En syk person kan finne trøst og hjelp i fortellingen til en annen syk person med samme sykdom.»

Desse døma frå bloggane om så ulike emne som mat og sjukdom kan tyde på at tekstar som vert produserte i ein slik digital dugnad oppfyller sin informative språkfunksjon betre enn om dei hadde vorte publiserte utan dialogen mellom tekstprodusent og tekstkonsument. Dette hadde ein ikkje oppnådd om slike tekstar hadde vorte publiserte i ei bok eller annan tradisjonell trykt publikasjon, og ved remediering stoppar den digitale dugnaden opp.

Eg vil likevel ikkje argumentere for at alle tekstar bør publiserast i sosiale medium i staden for i bøker, og slik viske ut skiljet mellom tekstprodusent og tekstkonsument. Dei av oss som er over gjennomsnittet opptekne av sosiale medium bør reflektere over effekten av at tekstkonsumentar stadig oftare vert oppmoda om samstundes å fungere som tekstprodusent. Nokon gongar er det greitt å avlyse dugnaden og halde fram skiljet mellom tekstprodusent og tekstkonsument, og mellom ekspert og brukar. For å vere like konkret som tidlegare: Det er fyrst og fremst ein utdanna medisinar som bør vere legen for pasienten med uklåre symptom, og det er ernæringsfysiologen som bør gjeve diabetikaren råd. Vi gjer klokt i å vurdere om stadig fleire digitale allmannamøte bidreg til å svekkje autoriteten til dei som i kraft av kunnskap og erfaring bør vere ekspertar på sine felt. På lengre sikt kan dette føre til svekt tillit til fagskribenten og til viktige sjangrar som fagbøker og vitskapelege artiklar.

For å kome vidare i denne diskusjonen vender eg attende til Staude og Marthinsen og særtrekka dei legg vekt på i utgreiinga om sosiale medium. Eit anna slikt trekk er den raske publiseringa og den raske spreiinga. Samanlikna med publisering i tradisjonelle publikasjonar er det i sosiale medium kort veg frå tanke til tekst. Når teksten slik vert eit augneblinksbilete utan omfattande omarbeiding, er det mogleg å argumentere for at han vert meir truverdig. Spesielt gjeld dette tekstar som har ein ekspressiv funksjon, til dømes sjukdomsbloggar av den typen Lauritzen og Nesby kallar «kaosforteljingar». Den same korte vegen frå tekst til tanke kan også ha uheldige konsekvensar, og eg skal kort nemne eit par slike. Den eine handlar om tekstprodusenten, den andre handlar om teksten sjølv.

Pressa har heilt sidan den tredje revideringa av det pressetiske dokumentet Ver varsam-plakaten i 1975 hatt eit bevisst forhold til farane ved dei spontane ytringane. I den siste versjonen av Ver varsam-plakaten som gjeld frå 2015, heiter det: «Opptre omsynsfullt i den journalistiske arbeidsprosessen. Vis særleg omsyn overfor personar som ein ikkje kan vente er klar over verknaden av det dei uttaler til pressa. Misbruk ikkje andres kjensler, kunnskapsløyse eller sviktande dømmekraft. Hugs at menneske i sjokk eller sorg er meir sårbare enn andre.» Det er denne formuleringa som på folkemunne vert omtalt som at pressa i nokon høve beskyttar menneske mot seg sjølve, ved at dei spontane ytringane ikkje vert publisert direkte.  Den same aktsemda bør vi ha med oss når vi snakkar om sosiale medium, som tilbyr ein kanal utan filter eller moderatorar før ytringa vert publisert og ofte raskt spreidd. Denne åtvaringa kjem også Lauritzen og Nesby med i sin artikkel om patografiane. Her minner dei om at «gjennom å forfatte en patografi vil man kunne bli et offentlig menneske, og gjennom dagens åpne, sosiale plattformer kan dette også bli en stor belastning for den syke.» Ein treng likevel ikkje vere alvorleg sjuk for å vere ein ubeskytta tekstprodusent som publiserer tekstar ein kan kome til å angre på seinare. Mariann Johansen fekk mykje merksemd då ho i innlegget «Jeg er mammabloggeren som angret» tok eit oppgjer med sin eiga vurderingsevne og det ho sjølv kallar utleverande tekstar. Når ho ser attende på bileta av borna sine som ho har delt, skriv ho at «i dag er de allemannseie i sanntid og spres ikke bare til familie og venner, men til perifere mennesker man på et eller annet tidspunkt har funnet kvalifisert til å legges til vennelisten på Facebook.» Med det beskriv ho godt det som Alice Marwick og danah boyd kallar kontekstkollaps i artikkelen I tweet honestly, I tweet passionately: Twitter users, context collapse, and the imagined audience. Kontekstkollaps oppstår i sosiale medium når fleire grupper ein vanlegvis ikkje kommuniserer med samstundes, vert samla til eit felles publikum for ytringane våre. Refleksjonane frå mammabloggar Johnsen er spesielt interessante fordi dei antydar at vi ikkje kan ta for gitt, slik Marvick og boyd gjer, at språkbrukaren finn strategiar for å handtere dette.

Motsetnaden til den spontane tekstproduksjonen for publisering i sosiale medium er den skrivinga som skjer med tanke på seinare publisering i tradisjonelle analoge kanalar. Denne langsamare tekstproduksjonen har fleire innebygde stoppestadar i prosessen, som endrar språket og strukturen i teksten. Skal teksten til dømes publiserast av eit forlag, vert teksten lesen av andre auge. Ikkje sjeldan går han då gjennom omfattande endringar, og vi må anta at teksten vert betra gjennom slike prosessar. Den same vona ligg truleg òg til grunn for måla i læreplanen i norsk, der evna til å omarbeide eigne tekstar vert nemnd både som ei grunnleggande ferdigheit og som eit kompetansemål på fleire årstrinn. Sameleis har nasjonalt senter for skriveopplæring og skriveforsking rettleiingar om skrivestrategiar. Desse rettleiingane inkluderer både høgtlesing, samskriving, og for oss er det spesielt interessant at skrivesenteret legg stor vekt på modelltekstar og eksempeltekstar i denne samanhengen. Det gjer det interessant for oss å reflektere over kva for skrivekompetanse ein utviklar om ein les stadig fleire spontant produserte tekstar i sosiale medium og stadig færre tekstar som er eit resultat av ein lengre prosess. Dette spørsmålet håpar eg den pedagogiske forskinga vil undersøke meir i tida framover.

 

 

You may also like...

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *