945 43 – Eit tal med stor symbolverdi!

Deweys desimalklassifikasjon

Som bibliotekbrukar har du sikkert lagt merke til at bøkene på biblioteket er ordna og oppstilte etter eit nummer på bokryggen. Denne inndelinga skjer etter eit fastlagt klassifikasjonssystem. Det finst fleire slike system, men det mest utbreidde i Noreg er Deweys desimalklassifikasjon (DDK). Systemet blei utvikla i USA i 1870-åra, og den første utgåva kom i 1876. I Noreg blei systemet teke i bruk første gongen på Deichmanske bibliotek i 1898. Det grunnleggjande prinsippet i DDK er at litteraturen blir delt inn etter fag. Ein opererer med ti hovudklassar:

000 Referanse, informasjon og datamaskinar
100 Filosofi, psykologi, etikk
200 Religion
300 Samfunnsvitskap
400 Språk
500 Naturvitskap og matematikk
600 Teknologi og anvendt vitskap
700 Kunst og fritidsaktiviteter
800 Litteratur
900 Historie, biografi og geografi

Kvar hovudklasse er vidare oppdelt i underklassar. Innanfor 300 Samfunnsvitskap finn vi t.d. nummeret 307.1216, som er brukt om byplanlegging.

I tillegg (eller på tvers av) hovudinndelinga etter fag opnar DDK for ei klassifisering etter andre kriterium. Det finst fleire såkalla hjelpetabellar. Nummera frå desse hjelpetabellane kombinerer ein då med nummeret frå hovudinndelinga. Ein av hjelpetabellane, tabell 5, handlar om etniske og nasjonale grupper, og ein annan, tabell 6, handlar om språk. Til dømes har norsk språk nummeret 398 2. Kombinerer ein dette nummeret med hovudklassen for (skjønn)litteratur (800), får ein nummeret 839.82, som er brukt om norskspråkleg skjønnlitteratur.

 

Kvensk og kvener/norskfinnar

Kor finn ein så kvenskrelatert litteratur i dette systemet? Til no har slik litteratur hamna i lag med andre austersjøfinske språk og folkegrupper. Innanfor denne gruppa er det berre finsk og estisk som har hatt eigne nummer, i alle fall i den norske og engelske utgåva av DDK.

Men i fjor vår tok Universitetsbiblioteket i Tromsø initiativ til at litteratur om og på kvensk og om kvener/norskfinnar bør få eigne Dewey-nummer. Argumentasjonen vår var tredelt. For det første anerkjende Noreg i 2005 kvensk som nasjonalt minoritetsspråk og kvener/norskfinnar som nasjonal minoritet. For det andre finst det ein god del litteratur om og på kvensk og om kvener/norskfinnar.  Og for det tredje vil eigne klassifikasjonsnummer i DDK kunna bidra til auka synleggjering og dermed støtta opp om revitalisering av kvensk språk og kulturen til kvenene/norskfinnane.

 

Lang prosess

Forslag om endringar av eit så utbreidd klassifikasjonssystem som Dewey må gjennom fleire instansar. I mai i fjor (2014) sende Universitetsbiblioteket i Tromsø forslaget sitt til Dewey-ansvarleg på Nasjonalbiblioteket i Oslo. Der laga dei eit saksframlegg som dei så sende til The Library of Congress i Washington. Den ansvarlege instansen der utarbeidde så eit nytt saksframlegg som dei sende til Dewey’s Decimal Classification Editorial Policy Committee ved Online Computer Library Center (OCLC), som eig Dewey-systemet. Rett før sommaren i år (2015) blei det til slutt fatta vedtak om utviding av Deweys desimalklassifikasjonssystem: Kvensk og kvener/norskfinnar får no eit eige nummer i hjelpetabell 5 og 6:

T5—945 43 Kvener/norskfinner
T6—945 43 Kvensk

Dermed kan vi no skilja ut kvenskrelatert litteratur. Til dømes får kvensk skjønnlitteratur nummeret 894.543, og litteratur om kvensk språk kan no klassifiserast som 494.543. Denne endringa er ein liten detalj i den store bibliotekverda, men eg håpar dei nye nummera gjer det kvenske meir synleg både nasjonalt og internasjonalt. Slik sett kan endringa vera med på å løfta det kvenske eit lite steg framover på vegen til å bli ein blomstrande minoritetskultur.

 

 

Kjelder

Decimal Classification Editorial Policy Committee (2015): Exhibit 138-11.2. 15. mai 2015. https://www.nla.gov.au/sites/default/files/epc_138-11.2.pdf [Lesedato: 14.08.2015].

Norsk WebDewey. http://webdeweysearchno.pansoft.de/webdeweysearch/mainClasses.html. Lesedato: 14.08.2015.

Rype, Ingebjørg (2014): Dewey i norske folkebibliotek. Masteroppgåve. Høgskolen i Oslo og Akershus. http://hdl.handle.net/10642/2544 [Lesedato: 14.08.2015].

Wikipedia: «Deweys desimalklassifikasjon». https://no.wikipedia.org/wiki/Deweys_desimalklassifikasjon [Lesedato: 14.08.2015].

 

 

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *