Invitasjon til å senda inn artikkelmanuskript til Nordlit-temanummer om Wikipedia som det utvida biblioteket

 

Vi inviterer med dette interesserte til å senda inn vitskaplege artiklar om ulike aspekt ved Wikipedia til publisering i eit temanummeret om Wikipedia som det utvida biblioteket i tidsskriftet Nordlit. Nordlit er eit fagfellevurdert og teljande Open Access-tidsskrift på nivå 1 som blir utgjeve av Institutt for kultur og språkvitskap ved Fakultet for humaniora, samfunnsvitskap og lærarutdanning, UiT Noregs arktiske universitet.

 

Våren 2015 arrangerte Wikimedia Noreg og UiT Noregs arktiske universitet eit Wikipedia-akademi som hadde som mål å bringa saman Wikipedia-skribentar, forskarar og andre som er interesserte i Wikipedia si rolle i det nye kunnskapssamfunnet. Konferansen hadde to spor, eitt der temaet var Wikipedia som det utvida biblioteket, og eitt ope spor for forsking på Wikipedia. Utover dette fokuset på Wikipedia og bibliotek var konferansen open. Programmet for konferansen er tilgjengeleg her.

 

Som oppfølging av konferansen ønskjer vi no at føredragshaldarane skriv innlegga sine i artikkelform og sender dei inn til vurdering for publisering i Nordlit-temanummeret om Wikipedia som det utvida biblioteket. Vi inviterer også andre interesserte til å senda inn manuskript til vurdering. Døme på relevante tema er

  • Wikipedia som det utvida biblioteket
  • Wikipedia som terminologisk database
  • Digitalisering av kulturarven. Korleis sørgja for at tilgjengeleg materiale også blir brukt?
  • Wikipedia i skulen, samskriving og opne digitale læringsressursar
  • Kvalitet på Wikipedia. Korleis gjera samskrivne redaktørlause nettekstar betre?
  • Det fleirspråklege Wikipedia
  • Biletsamlingar på Wikimedia Commons

 

Manuskripta bør vera skrivne på norsk, dansk, svensk eller engelsk og ikkje vera lengre enn 30 sider.

Manuskripta vil bli fagfellevurderte. Les meir om fagfelleprosessen her.

Fristen for innsending av manuskript er 31. juli 2016. Utsett frist: 1. september 2016.

Meir informasjon om formelle krav til manuskript, og om korleis ein skal senda inn manuskript finn du her.

 

For andre spørsmål ta kontakt med Philipp Conzett, e-post: philipp.conzett@uit.no

 

Beste helsing

Philipp Conzett og Trond Trosterud,

gjesteredaktørar for Nordlit-temanummeret om Wikipedia som det utvida biblioteket