Praktisk informasjon

Wikipedia-akademiet 2015

Overnatting:
Her finn du informasjon om overnatting i Tromsø. Vi tilrår at du bur i sentrum.

Transport:
Frå flyplassen til sentrum kan du ta flybussen, vanleg rutebuss nr 42 (går nedfor parkeringshuset; det er bussen som går frå Eidkjosen til Stakkevollan) eller drosje.

Enklaste måten å koma seg frå flyplassen til UiT Campus Breivika på er å ta flybussen eller drosje.

Mellom sentrum og UiT går det buss ganske ofte. Det er rutebuss nr 20 og 21.

Konferanselokale:

Akademiet blir halde i auditoriet Tabletten på Farmasibygget (hus nr. 14 på dette kartet). Inngangen er frå gangvegen som går frå UiT til sjukehuset.

Mat og drikke:

Det er lagt opp til felles lunsj i MH-kantina (hus nr. 20 på dette kartet) begge dagane. På torsdag etter workshopane skal vi eta middag i lag i Sjampanjekantina, som også ligg på Campus Breivika (huset til venstre for nr. 2 på dette kartet). Både lunsj og middag kan du bestilla du når du melder det på akademiet (sjå påmelding).  Dersom du heller vil ordna lunsj og/eller middag på eiga hand, så tilbyr UiT fleire kantiner med lunsjservering og to kantiner med middagsservering.

Tilbake til hovudsida for akademiet.