Skreve av Anne Mette Høydal, bachelorstudent ved Institutt for arktisk og marin biologi
Eg går nå siste året på bachelor i biologi og har aldri jobba eller gjort arbeid innanfor biologifeltet utanom det som blir gjort under studiet. Dei 2,5 åra eg har gått på UiT har rast forbi meg og siste semesteret vil nok ikkje bli noko annleis. Det vil sei at det veldig snart er på tide å finne ut av vegen vidare, som kan vere både spennande og skremmande. Eg valte derfor BIO-2014 som valemne da det gir ein utruleg moglegheit til å få eit ekte inntrykk av ein biologs arbeidsdag .Sidan eg aldri har vår innom biologiarbeid byrja eg praksisperioden min utan nokon forventingar og såg på meg sjølv som eit blankt ark.
Eg valte å søke hos Statsforvaltaren i Troms og Finnmark fordi eg ville lære meir om logistikken bak forvaltning da dette er ein retning eg tenkjer å bevege meg mot og var heldig nok til å få praksisplass hos dei. Hos Statsforvaltaren i Tromsø blir eg å arbeide ved miljøavdelinga i seksjon for naturvern. Statsforvaltaren Troms og Finnmark er det som heiter eit norsk statleg embete. Statsforvaltaren representera fylket og har fått ansvaret til oppfølging av vedtak, mål og retningslinjer frå både Stortinget og regjeringa. I regi av departementa utfører Statsforvaltaren forvaltningsoppgåver innan for eksempel arealforvaltning, forureining eller kartlegging av naturmangfald.
For praksisen min valte eg å ta ein intensivperiode på rundt fire veke (minimum 120 timar) for å komme inn i ei ordentleg rutine og verkeleg kjenne på korleis arbeid som statsforvaltar ville vår. Einaste ulempa ved ei slik intensivperiode, i tillegg til vintertida er at praksisperioden går forbi i ein fei, noko som gir lite moglegheit for feltarbeid/befaring.
Eg har nå vår hos Statsforvaltaren i 1,5 veke. Den første arbeidsveka mi blei ein digital oppstart med fagleiaren min, Cathrine, der vi fokuserte på arbeidsoppgåver og innføring av ulike nettsider som eg ville jobbe mykje med under praksisen. Hovudoppgåvene mine består av å oppdatere og legge til tekstar/data som inneheld informasjon om ulike naturtypar og deira artsmangfald. Eg har også sjansen til å bli med å observere nokon av møta til fagleiaren min. Eg var, som forventa, nervøs for å møte fysisk å helse på alle i miljøavdelinga. Denne nervøsiteten forsvann fort da eg berre blei møtt av hyggelege folk som tok godt i mot meg og som stilte seg positive til å ha ein praksisstudent hos avdelinga si.
Motivasjonen er på topp og eg gler meg til å fortsette å oppleve ein liten bit av kvardagen til ein forvaltar.