Skrevet av Anne Mette Høydal, bachelorstudent ved Institutt for arktisk og marin biologi.
Etter ei intensiv praksisperiode er eg nå ferdig hos Statsforvalteren i Troms og Finnmark. Frå dag 1 og gjennom heile praksisperioden følte eg meg godt tatt i mot av alle på arbeidsplassen og er utruleg takknemleg for tida mi der.
Naturforvaltning går ut på planlegging og vern for å ta vare på natur og landskap og hos avdeling for miljø og klima er der fleire ulike områder innan fagfeltet som forvaltarar arbeida for å aktivt bevare. Under praksisen min arbeida eg spesifikt med trua naturtypar og plantar. Ei av oppgåvene eg arbeida med under praksisen var å sette meg inn i Naturoppmøtet COP15 og presentere informasjonen eg fann i eit personalmøte på avdelinga. Naturoppmøte er på likt nivå med Parisavtalen ein avtale for å sikre og snu på tap av natur. Kunnskap er eit stort nøkkelord eg har tatt spesielt til meg i praksisen nettopp fordi kunnskap gjer oss meir i stand til å skape utvikling og problemløysing. Under studiet har vi øvd oss på å formidle informasjon rundt arbeid vi har utført eller ulike tema og det å tenkje kritisk som eg fekk god nytte av når eg skulle sette meg inn i rapportane.
I tillegg til naturoppmøte, arbeida eg med informasjonstekstar om ulike naturtypar. Eg gjekk gjennom fleire filer som innehaldt både nye og oppdaterte/endra kartområder med tilhøyrande rapportar om naturområda. I rapportane la eg spesielt vekt på informasjonen om artsmangfaldet som blei lista opp for å kunne kvalitetssikre statusen av desse artane. For dette arbeidet brukte eg hyppig NordAtlas for å kontrollere at kartfilene stemte overeins med rapportane og norsk rødliste for arter 2021 for å søke opp om artar var raudlista eller ikkje. Oppdateringane som eg gjorde under praksisen min blei lagt inn i excel-filer for å seinare kunne sendast inn til Naturbase.no. Saman med vegleiaren min fekk eg prøve å legge inn nye og oppdaterte eigenskapsdata til Naturbasen og sende desse inn til godkjenning. Desse retta filene og dokumenta vil spele ei viktig rolle for å gi kvalitetssikra kartfesta informasjon for både friluftsliv og natur. Denne informasjonen er til nytte for kommunale planleggarar, lokalt reiseliv og grunneigarar.

I praksisen har eg fått sterkare kunnskap rundt prosessane man må gjennom for å forvalte miljøet. Dersom der er utbyggingsplanar som Statsforvalteren meinar kan vere i strid med nasjonale og regionale interesser innan miljø kan dei med sin kunnskapen om naturen kome med innsigelsar til desse planane. Dersom det fortset er ueinigheit mellom kommunen og Statsforvalteren kan det bli mekling for å finne dei beste løysningane for å kunne utføre utbygging og samtidig ta hensyn til miljøet. Nå etter enda praksis hos Statsforvalteren har eg framleis eit ønske om meir praktisk arbeid. Likevel var det fint å kome inn i ei rutine der du kjem på jobb og til ein viss grad veit kva arbeidsdagen vil bestå av. Eg fekk også moglegheit til å snakke med ei på avdelinga som fortalte meg meir om feltarbeidet dei gjer slik at eg kunne få eit innblikk i det arbeidet også. Slik eg har forstått det så er der ein del kontorarbeid i vintermånadane, medan det om sommarmånadane er meir arbeid ute i felt med oppmåling av områder eller oppsjekking av moglege byggeplassar og naturen rundt. Etter å ha høyrt dette virka det absolutt ikkje dumt å gjer papirarbeid når det er kaldt og uggent ute og så vere ute når været (forhåpentleg) er på den betre sida. Alt i alt var det svært motiverande å vere omringa av fagfolk som jobbar mot same målet, forvaltning, og å få høyre kor engasjerte dei blir av å diskutere arbeidet sitt.

Planen vidare har og fortset å vere å ta ein master innan eit fagområde i biologien. Eg veit ikkje enda kvar eg kjem til å ende opp, men eg skriv absolutt ikkje frå meg ein slik arbeidsplass som Statsforvalteren. Til slutt vil eg gi ein spesiell takk til den fantastiske vegleiaren min Cathrine Amundsen. Takk for meg!