Takk for denne gong, Polarinstituttet!

Skrevet av Marthe Fivelstad, bachelorstudent ved institutt for arktisk og marin biologi.

Praksisperioden er over og eg kan sjå tilbake på ei fin periode med mange nye erfaringar. Eg har lært mykje om Norsk Polarinstitutt si rolle innanfor forvalting og forsking, og korleis ein potensiell jobbkvardag kan sjå ut.

Dagane har vore fylt med kontorarbeid og møter. Eg har bidratt med korrekturlesing av rapportar og tekst om indikatorar på MOSJ.no, samt oppdatering av desse indikatorane. MOSJ, eller Miljøovervaking på Svalbard og Jan Mayen, er eit overvakingssystem for miljøet på Svalbard og Jan Mayen. På nettsida kan ein finne 58 indikatorar innanfor tema klima, påverking, dyreliv og planteliv, som brukast til å vurdere om dei politiske miljømåla er oppnådd. Miljømåla handlar om å halde ved lag villmarksprega områder, naturmangfaldet og kulturminnene i polarområda, samt redusere negativ menneskeleg påverking. Døme på ein av indikatorane eg har bidrege til å oppdatere er Lufttilførsel av miljøgifter til Barentshavet, då henta vi data frå forskarane og oppdaterte tekst og tall ut i frå det.

Vi har også vore med på avdeling- og seksjonsmøter, og møter med forskarane som jobbar med miljøgift-indikatorane som blir publisert på MOSJ. Det har vore interessant å få eit innblikk i korleis forskjellege ansvarsområde samarbeider for å formidle og framstille forskinga som er grunnlaget for forvaltinga.

I tillegg til desse møta og kontorarbeidet har det også vore nokre foredrag på Framsenteret som vi har sett på. Eit litt mindre for avdelinga, der dei som hadde kome heimatt frå felt på Antarktis fortalte om det dei har sett og gjort siste tida, og eit litt større foredrag om Fram Forum. Fram forum er eit magasin fylt med forskingsartiklar som er utarbeida av dei forskjellege bedriftene som er knytt til Framsenteret. Årets magasin handla om klimaendringar og forureining (plast og miljøgifter), og korleis desse påverkar arktiske områder. Døme på artiklar frå magasinet er korleis landbruket i arktiske områder blir påverka av klimaendringar, studie av havvind si påverking på marine rev og rognkjeks som får i seg miljøgifter via mikroplast frå bildekk, og mange andre interessante artiklar!

Ein av mange spennande artiklar i Fram forum 2023. Polarinstituttet har bidrege med mange artiklar til magasinet. Ein kan også sjå igjen mange kjente namn frå UiT. Foto: Privat

Praksisperioden har gitt meg mykje motivasjon til å gå vidare på master til hausten, og til å finne ein jobb der ein er med på å «redde verda litt». Derfor har eg søkt på masterretningane Arctic Marine Ecotoxicology og Ecology and sustainability ved UiT.

Bilete frå Polarinstituttet. Foto: Privat

Tusen takk til gjengen i SMIR (seksjon for miljørådgiving) for ei lærerik og hyggeleg praksisperiode! Og spesielt takk til rettleiarane mine, Therese Sigurdsen og Louise Kiel Jensen, som har teke meg godt i mot og gitt meg eit godt innblikk i deira jobbkvardag.

Takk for meg!

  • Marthe