Forumteater som arbeidsform i integrering

Annankvar onsdag morgon blir Folkets Hus i Bodø fylt med liv, latter og aktivitet. Her møtest bebuarar på Tverlandet integreringsmottak og skodespelarar og instruktørar til Forumteater.

Denne onsdagen startar med at vi alle samlar oss i ein ring, gjer skulderøvingar og andre fysiske sprell. ‘Vi’ er asylsøkarar frå Eritrea og Syria, tilsette ved Batteriet, skodespelarar frå Bodø ungdomsteater og to forskarar frå Cit-egration prosjektet. Vi blir kjent med kvarandre gjennom å uttrykke oss med kroppen, og så går vi vidare til å jobbe saman i mindre grupper. Temaet denne dagen er grenser, og vi prøvar ut: kor nært vil vi ha andre inn på oss? Korleis helser vi på kvarandre? Korleis varierer dette i ulike kulturar? Det heile er kyndig styrt av instruktør Magnus Sørvig. Etter ein kort pause er det klart for eit teaterstykke, framført av dei tre skodespelarane Maiken Vembre, Miguel Gutierres og Jan Olav Bårtvedt. Stykket handlar om grenser og nærleik i ein arbeidssituasjon, inneheld mange dilemma og har ein heller tragisk slutt. Instruktøren går så i dialog med publikum, og fortel at stykket skal spelast ein gong til, men at det no er opp til publikum å gripe inn og gjere endringar. Publikum er engasjert frå første stund. Ropar ut: «Stopp!», foreslår endringar, og tar skodespelarane sin plass. Diskusjonen er livlig, innspela mange – og teaterstykket får ein heilt anna – og langt lykkeligare slutt.

Batteriet Nord-Norge er arrangør av dette tiltaket, på oppdrag av Flyktningkontoret i Bodø kommune. Målet er å bruke Forumteater som arbeidsform i integrering. Gjennom fysiske og verbale uttrykk blir det lagt vekt på å identifisere og kjenne att utfordringar og dilemma, og så prøve ut ulike måtar å møte desse situasjonane på. Forumteater er ein teatermetode utvikla av brasilianske Augusto Boal. Han såg verkemidla i teatret som eigna til å skape endringar i samfunnet, og vektlegg at prosessen med analyse og diskusjon i teateret sitt språk er like viktig som det å finne ei klar løysing.

Forum teater er eit av mange tiltak vi følgjer i Cit-egration. Vi er særskilt opptatte av å utforske korleis språk og uttrykksformer i teateret kan skape nye rom for møte mellom menneske med ulik bakgrunn.

Tekst: Tone Magnussen

You may also like...