DataverseNO er CoreTrustSeal-sertifisert

DataverseNO fekk 26. mars melding om at CoreTrustSeal-styret hadde godkjent søknaden vår om CoreTrustSeal-sertifisering. CoreTrustSeal er eit kvalitetsstempel på berekraftige og pålitelege forskingsdataarkiv.

DataverseNO (https://dataverse.no) er eit nasjonalt, generisk arkiv for opne forskingsdata som per i dag er teke i bruk av 9 universitet og høgskular, og sertifiseringa gjeld for alle institusjonssamlingane i arkivet.

— Dette er ein milepæl for DataverseNO, og vi er veldig glade for å kunna tilby eit sertifisert arkiv til våre partnarinstitusjonar, seier Johanne Raade, bibliotekdirektør på UiT Noregs arktiske universitet og styreleiar for DataverseNO.

Gjennom CoreTrustSeal-sertifiseringa skal dataarkiv dokumentera at dei oppfyller ei rekkje krav til både teknisk infrastruktur, forvaltningsmodell og -rutinar. Det er i alt 15 kvalifikasjonskrav som inngår i CoreTrustSeal-sertifiseringa, og DataverseNO oppfyller 14 av dei på det høgaste nivået («The guideline has been fully implemented in the repository»). Som eit ledd i sertifiseringsarbeidet har vi utvikla eit omfattande sett med retningsliner for arkivet, DataverseNO Policy Framework.

Vi ser fram til å fortsetja det gode arbeidet i DataverseNO saman med partnarinstitusjonane og å vidareutvikla arkivet, slik at vi heile tida kan tilby norske forskarar ein infrastruktur som skal gjera det enkelt for dei å dela forskingsdata som er så FAIR som mogleg.

Print Friendly, PDF & Email