Målgruppe: DataverseNO-arkivforvaltninga på UiT
Brukar- og tilgangsadministrasjonOppretting av brukarkonto
Ein registrert brukar i DataverseNO er alltid registrert som brukar av heile arkivet. For å kunna arkivera data må ein få tilgang til rett samling. Vi skil mellom to hovudgrupper av brukarar: brukarar frå norske forskingsinstitusjonar og andre brukarar.
Brukarar frå norske forskingsinstitusjonarBrukarar frå norske forskingsinstitusjonar opprettar ein brukarkonto ved førstegongs innlogging via Feide eller ORCiD (sjå DataverseNO-arkiveringsguide). Forskarar frå institusjonar som bruker Feide, bør logga inn med Feide. Feide-brukarar som er tilknytte ein DataverseNO-partnarinstitusjon, får etter førstegongs innlogging automatisk tildelt tilgangsrettar til rett institusjonssamling. ORCiD-brukarar som er tilknytte ein DataverseNO-partnarinstitusjon, må etter førstegongs innlogging i DataverseNO først verifisera institusjons-e-postadressa si før dei får tildelt tilgangsrettar til rett institusjonssamling. For brukarar frå norske norske forskingsinstitusjonar som ikkje er DataverseNO-partnarar, gjeld det same, men desse brukarane får automatisk tildelt tilgangsrettar til toppnivåsamlinga. I begge tilfella kan brukarane oppretta datasett etter førstegongs innlogging. Ingen brukaradministrasjon er nødvendig. Feide-brukarar loggar alltid inn med Feide ved å velja alternativet Your Institution, medan ORCiD-brukarar vel alternativet Other Options > ORCID. Det er også mogleg å logga inn med Azure AD, men det alternativet er pr. i dag berre brukt av Nofima. Desse brukarane vel alternativet Other Options > Nofima.
Andre brukarar
Brukarar som ikkje er tilknytte nokon norsk forskingsinstitusjon, kan oppretta ein DataverseNO-brukarkonto ved å logga inn med eduGAIN eller ORCiD (sjå DataverseNO-arkiveringsguiden). Etter første gongs innlogging, må dei søkja om å få tildelt arkiveringstilgang til ei samling i DataverseNO ved å fylla ut og senda inn eit spørjeskjema (Nettskjema). Ein kopi av skjemaet blir sendt til support@dataverse.no. Etter avklaring med forvaltaren av den aktuelle samlinga ordnar DataverseNO-arkivforvaltaren tilgang til rett samling for den nye brukaren. Rettleiingar på tildeling av tilgangsrettar til samlinga finn du nedanfor. NB! Den nye brukaren vil ikkje få tilsendt noka automatisk melding når tilgang er ordna, men må informerast om det via e-post.
Ordna samlingstilgang for ny brukar som ikkje er tilknytt norsk forskingsinstitusjon:
- Gje den nye brukaren tilgang til rett samling: Logg inn som administrator/deg sjølv, gå til rett samling, og legg den nye brukaren til i rettigheitsgruppa for vanlege brukarar (t.d. NMBU Dataset Creator); sjå avsnittet Gje brukar tilgang til rett samling i Administratorguide for samlingar.
- Gje beskjed til forvaltar av den aktuelle samlinga om at den nye brukaren har fått tilgang til samlinga. Dette kan gjerast ved å setja samlingsforvaltar på kopi i e-posten du sender til den nye brukaren der du informerer om at vedkomande no har tilgang til den aktuelle samlinga.
Forslag til e-post til ny brukar etter at tilgang er godkjend og ordna:
Dear [NN],
Thank you for requesting deposit access to the [NN] collection in DataverseNO.
Your request has been approved and you have been granted deposit access to the collection. To log in, click on this link:
https://dataverse.no/loginpage.xhtml?redirectPage=%2Fdataverse.xhtml%3Falias%3D[KORTNAMN PÅ SAMLING, T.D: uit]Before depositing your data, please have a look at the DataverseNO Deposit Guidelines:
[REMOVE]https://site.uit.no/dataverseno/deposit/[REMOVE]If you have any questions or comments, please contact us by replying to this email.
Brukarar på demo.dataverse.no
Endring av tilgang når institusjon blir DataverseNO-partnar
Når ein norsk UH- eller forskingsinstitusjon blir partnar i DataverseNO, så må ein endra tilgangen til brukarane frå denne institusjonen. Før institusjonen blei partnar, hadde brukarane frå institusjonen tilgang på rot. Når institusjonen blir partnar, får dei oppretta ei eiga institusjonssamling under DataverseNO. Brukarane frå den nye partnarinstitusjonen må no få automatisk tilgang til denne nye institusjonssamlinga, og dei må få fjerna tilgang til rot. Dette skal ordnast av DataverseNO-admin på følgjande måte:
Slett tilgang til rot:
- Gå til DataverseNO/rot, klikk på Edit, og vel Permissions.
- Klikk på Users/Groups.
- Leit opp den aktuelle rettigheitsgruppa (t.d. nmbu.no) ved å scrolla gjennom lista eller med hjelp av Ctrl+F, og klikk på Remove Assigned Role.
Legg til tilgang til ny institusjonssamling:
- Gå til rett institusjonssamling (t.d. NMBU-samlinga), klikk på Edit, og vel Permission.
- Klikk på Users/Groups.
- Klikk på Assign Roles to Users/Groups.
- Leit opp og vel den aktuelle rettigheitsgruppe i søkjefeltet (Users/Groups) (t.d. nmbu.no) (NB! Dersom institusjonen manglar rettigheitsgruppe, må ei slik opprettast på rot.).
- Vel rolla Dataset Creator, og klikk på Save Changes.
Flytting av datasett når institusjon blir DataverseNO-partnar
Arkivforvaltar må flytta eventuelle datasett som forskarar på den nye partnarinsitusjonen har oppretta under rot, til den nye institusjonssamlinga.
Oppdatering av kontaktinformasjon på info.dataverse.no
Når ny partnarinstitusjon er på plass, må DataverseNO-arkivforvaltar oppdatera kontaktinformasjon på info.dataverse.no:
- Norsk side: https://site.uit.no/dataverseno/nn/stotte/
- Engelsk side: https://site.uit.no/dataverseno/support/
OAI-PMH-sett for hausting
Når ei ny samling er oppretta, må ein også laga eit OAI-PMH-sett for den nye samlinga. For å oppretta eit slikt sett klikk på brukarnamnet ditt øvst til høgre i DataverseNO, og vel Dashboard. I boksen Harvesting Server klikk på Manage Server. Klikk på Add Set, og fyll ut felta. For NTNU-samlinga ser dette t.d. slik ut:
Definition Query: subtreePaths:”/5622″
Name: ntnu
Description: OAI-PMH harvesting set for the NTNU – Norwegian University of Science and Technology collection in DataverseNO
parentId får ein på følgjande måte: Logg inn på dataverse.no. Naviger til den aktuelle samlinga, klikk på Edit, og vel Permissions. parentId blir no vist heilt til slutt i URL-en (t.d. «id=5622» for NTNU-samlinga).
Adressa som skal brukast til hausting blir då slik (t.d. for NTNU-samlinga):
https://dataverse.no/oai?verb=ListRecords&metadataPrefix=oai_dc&set=ntnu
Denne adressa skal listast opp under Metadatahausting|Metadata Harvesting på sida Om|About på info.dataverse.no.
NB! OAI-PMH-settet må òg oppdaterast ved eventuell flytting av ei samling (jf. t.d. når TROLLing blei flytta til rot.)
Oppdatering av re3data-innførsel
Når ei ny institusjonssamling er oppretta, må ein oppdatera re3data-innførselen. Gå til re3data, og leit opp DataverseNO. Klikk på Submit a change request under innførselen. Informasjon om den nye institusjonssamlinga må leggjast til på to stader: i feltet Additional names i bolken General og i feltet Institutions i bolken Institutes.
Når det er oppretta ei ny spesialsamling (jf. TROLLing), så må ein vurdera å oppretta ein eigen re3data-innførsel.
Opplasting av store filer
Dersom det er behov for opplasting av fil(er) som samla sett er større enn 200 GB, så må dette avtalast med UiT, slik at vi kan gå i dialog med deponent før opplastinga blir gjennomført.; sjå DataverseNO-arkiveringsguiden.
Enkeltforskarar utan institusjonsavtale kan i utgangspunktet arkivera data på opptil 10 GB gratis. Sjekk om det samla datavolumet er innanfor denne grensa ved å summera opp filstorleikane.
Oppgåver i samband med langtidsbevaring
DataverseNO forpliktar seg til å sikra at data som er publiserte i eit arkivverdig filformat, også kan brukast på lang sikt (jf. Preservation Policy). Som eit ledd i dette arbeidet har DataverseNO-forvaltarane ei rekkje oppgåver som er spesifiserte i Preservation Policy og Preservation Plan.
Oppdatering av tilgjengelegheitserklæringar
Frå 1. februar 2023 skal alle offentlege verksemder ha ei tilgjengelegheitserklæring på plass på sine nettstader. Ei tilgjengelegheitserklæring er ein sjølvdeklarasjon om i kva grad ei verksemd sin nettstad etterlever krava til universell utforming av IKT. Det er laga tilgjengelegheitserklæringar for nettsidene som er knytte til DataverseNO (dataverse.no, demo.dataverse.no, info.dataverse.no). Tilggjengelegheitserklæringar skal oppdaterast minst ein gang i året, og ved større endringar på nettløysinga. Avsnittet “Accessibility Statements” i DataverseNO-driftsdokumentasjonen inneheld meir informasjon om korleis tilgjengelegheitserklæringar skal lagast og oppdaterast.