Administratorguide for samlingar

Nedanfor finn du retningsliner for korleis administratoren/-ane (forvaltaren/-ane) på DataverseNO-partnarinstitusjonar skal administrera samlingar i DataverseNO. Viss du utover dette treng hjelp med eller har spørsmål kring administrering, ta kontakt med DataverseNO-forvaltarane på research-data@support.uit.no.

Målgrupper og bruksområde

DataverseNO er eit nasjonalt, generisk arkiv for opne forskingsdata. Norske forskingsinstitusjonar kan bli partnarinstitusjon i DataverseNO og får då oppretta si eiga samling. Eit slikt døme er UiA Open Research Data. Vi kallar slike samlingar for institusjonssamlingar. Brukarar på Dataverse-partnarinstitusjonar arkiverer sine data i dei aktuelle institusjonssamlingane. Enkeltforskarar frå norske forskingsinstitusjonar som ikkje er partnarar av DataverseNO, arkiverer sine datasett i toppnivåsamlinga (rot) i DataverseNO. I enkelte tilfelle kan det vera aktuelt å oppretta samlingar som ligg under institusjonssamlingar der ein kan samla fleire datasett under ein paraply. Ansvarleg for institusjonssamling kan føreslå ei slik løysing for større forskingsprosjekt eller forskingsgrupper. Vi kallar slike samlingar for delsamlingar. Dersom fagmiljøet ønskjer det, kan vi òg oppretta samlingar som er opne for brukarar utanfor DataverseNO-partnarinstitusjonar, inkludert utanlandske brukarar. Eit slikt døme er TROLLing. Vi kallar slike samlingar for spesialsamlingar. Det er i utgangspunktet berre administratorar som kan oppretta delsamlingar og spesialsamlingar. Oppretting av spesialsamlingar må avklarast med DataverseNO på research-data@support.uit.no.

Dei ulike samlingane i DataverseNO skal følgja dei same reglane for kuratering av datasett (sjå kuratorguiden). Derimot skil dei tre samlingstypane seg når det gjeld brukaradministrasjon (sjå nedanfor).


Brukar- og tilgangsadministrasjon



Oppretting av brukarkonto

Ein registrert brukar i DataverseNO er alltid registrert som brukar av heile arkivet. For å kunna arkivera data må ein få tilgang til rett samling. Vi skil mellom brukarar med og utan Feide-konto. Innanfor kvar av desse to gruppene skil vi igjen mellom to grupper: brukarar med og utan tilknyting til ein DataverseNO-partnarinstitusjon.

Feide-brukarar

Feide-brukarar opprettar ein brukarkonto ved førstegongs innlogging via Feide. Brukarar som er tilknytte ein DataverseNO-partnarinstitusjon, får då automatisk tildelt tilgangsrettar til rett institusjonssamling. Andre Feide-brukarar får automatisk tildelt tilgangsrettar til toppnivåsamlinga. I begge tilfella kan brukarane oppretta datasett etter førstegongs innlogging. Ingen brukaradministrasjon er nødvendig. Feide-brukarar loggar alltid inn med Feide ved å velja alternativet Log in or sign up with your institutional account.


Brukarar utan Feide

Brukarar utan Feide-brukarkonto kan søkja om å få oppretta ein DataverseNO-brukarkonto via eit registreringsskjema i Google. Dei må då velja kva arkiv dei vil få tilgang til (t.d. TROLLing, UiA Open Research Data). Når Google-skjemaet er fylt ut, blir det sendt ein e-post som inneheld brukardetaljar, til UiT. DataverseNO-administratorane kan då oppretta ein brukarkonto på vegner av den nye brukaren og ordna tilgang til rett arkiv. Eventuelt kan førespurnaden sendast vidare til den aktuelle DataverseNO-partnarinstitusjonen. Den nye brukaren vil få tilsendt ei automatisk melding når brukarkontoen er oppretta. Brukarar utan Feide må bruka innloggingsalternativet Other options – Username/Email.


Brukarar på test.dataverse.no

Vi kan bruka test.dataverse.no til opplæring og testing. Feide-brukarar loggar inn med Feide. Dersom brukarar utan Feide-konto skal få tilgang til testbasen, så kan samlingsadministrator senda ein førespurnad om dette til DataverseNO-administrator på research-data@support.uit.no. NB! Innhald og brukarkontoar i testbasen kan bli sletta ved versjonsoppgraderingar av Dataverse.


Tilgang til institusjonssamlingar, delsamlingar og spesialsamlingar

Feide-brukarar på DataverseNO-partnarinstitusjonar får automatisk tilgang til sine respektive institusjonssamlingar. Feide-brukarar frå andre norske UH- og forskingsinstitusjonar får automatisk tilgang til toppnivåsamlinga. Brukarar utan Feide-konto, og Feide-brukarar som skal ha tilgang til ei anna samling enn til institusjonssamlinga si, må få tilgangsrettar til rett samling før dei kan oppretta datasett i den aktuelle samlinga. Nye brukarar utan Feide-konto spesifiserer kva samling dei ønskjer tilgang til når dei registrerer seg i Google-skjemaet (sjå arkiveringsguiden). Registrerte brukarar med Feide-konto som vil bli medlem av ei anna samling enn den dei automatisk har fått tilgang til, må ta kontakt med forvaltarane av den aktuelle institusjonssamlinga. For nye TROLLing-brukarar med Feide-konto er det laga eit eige registreringsskjema (sjå Sign Up i TROLLing). Eit tilsvarande skjema kan lagast for andre del- og spesialsamlingar dersom ønskjeleg.

Dersom den nye brukaren oppfyller krava for medlemskap i den valde samlinga, så legg administratoren for samlinga (subdataverset) vedkomande til i rettigheitsgruppa «Dataset Creator» i rett subdatavers. Ei rettleiing på korleis ein gjer dette finn du nedanfor i avsnittet Gje brukar tilgang til rett samling.

Førespurnad om tilgang som administrator for institusjonssamling eller del-/spesialsamling skal koma frå ansvarleg kontaktperson på DataverseNO-partnarinstitusjonen og rettast til research-data@support.uit.no. Tilgang som kurator blir styrt av administrator for institusjonssamling.


Spesialsamlingar av typen TROLLing

Når nye TROLLing-brukarar klikkar på lenkja Sign Up i TROLLing, så kjem dei til ei nettside der dei får to val:

 

  1. Tilsette eller studentar på norske UH-institusjonar (dvs. Feide-brukar)
  2. Andre brukarar

Feide-brukarar (gruppe 1) blir sende vidare til eit eige Google-skjema, der dei fyller ut namn og e-postadresse. Det blir sendt ei automatisk melding om dette til research-data@support.uit.no. TROLLing-kurator må då leggja til brukaren i rettigheitsgruppa «Dataset Creator» i TROLLing-subdataverset (sjå nedanfor i avsnittet Gje brukar tilgang til rett samling). Dersom brukaren mot forventning ikkje dukkar opp i systemet, så må du be han/ho om å logga inn i DataverseNO via Feide. På den måten blir det oppretta ein brukarkonto. Når han/ho har gjort det, legg du den nye brukaren til i rettigheitsgruppa «Dataset Creator» i TROLLing-subdataverset (sjå nedanfor i avsnittet Gje brukar tilgang til rett arkiv).

Andre brukarar (gruppe 2) blir sende til det «vanlege» Google-registreringsskjemaet for brukarar utan Feide (sjå avsnittet Brukarar utan Feide ovanfor). Der fyller dei ut nødvendig informasjon som trengst til oppretting av DataverseNO-brukarkonto. TROLLing-kurator får beskjed om dette via research-data@support.uit.no, og må då oppretta brukarkonto i DataverseNO og leggja til den nye brukaren i rettigheitsgruppa Dataset Creator i TROLLing (sjå avsnittet Gje brukar tilgang til rett samling nedanfor).


Gje brukar tilgang til rett samling

I visse tilfelle må tilgang til ei samling (subdatavers) ordnast manuelt. Det gjeld brukarar utan Feide-konto, og brukarar som har Feide-konto, men som (også) skal ha tilgang til ei anna samling enn samlinga til institusjonen dei høyrer til. Tilgang må i begge tilfella ordnast av administrator for samlinga. Her er ei oppskrift på korleis ein gjer dette:

Tilgang for «vanlege» brukarar:

  1. Gå til rett subdatavers.
  2. Klikk på Edit og Groups:
  3. Klikk på Edit i gruppa [namn på subdataverset] Dataset Creator:
  4. Skriv inn brukarnamn (ev. vanleg personnamn) i feltet Group Members. Du får då opp forslag med gul bakgrunn. Vel rett brukar:
  5. NB! Scroll heilt ned til botnen av lista, og klikk på Save Changes:

Brukaren får no automatisk tilsendt beskjed om at han/ho har fått tildelt rettigheiter til å oppretta datasett i det aktuelle subdataverset.

Tilgang for kuratorar og administratorar:

Følg oppskrifta ovanfor, men i staden for rettigheitsgruppa [namn på subdataverset] Dataset Creator vel du høvesvis gruppa [namn på subdataverset] Curator og [namn på subdataverset] Admin.


Redigeringstilgang til datasett

I visse tilfelle kan det bli aktuelt å tildela redigeringstilgang til eit datasett manuelt. (Bakgrunnen for dette er forklart i kuratorguiden.) Før du kan tildela nokon redigeringstilgang, må vedkomande ha oppretta ein brukarkonto i DataverseNO (sjå oppskrift i arkiveringsguiden). Når det er gjort, kan administratoren for samlinga gje redigeringstilgang til datasettet på denne måten:

  1. Gå til det aktuelle datasettet.
  2. Klikk på Edit-knappen oppe til høgre, og vel Permissions og Dataset:
  3. Klikk på Assign Roles to Users/Groups-knappen.
  4. Leit opp og vel brukaren som skal ha tilgang i feltet Users/Groups. (Dersom du ikkje får tilslag, ligg brukaren truleg ikkje i systemet enno.)
  5. Kryss av på Contributor til høgre for Role.
  6. Klikk på Save Changes.

Oppretting av delsamling eller spesialsamling

Det er mogleg å oppretta delsamlingar og spesialsamlingar under ei institusjonssamling. Oppretting av slike samlingar skal avtalast med DataverseNO-admininstrator på research-data@support.uit.no.


Hausting av metadata

Det er oppretta OAI-PMH-sett for hausting for alle institusjonssamlingar i DataverseNO. Adressene er lista opp i avsnittet Metadatahausting på sida Om. Dersom du har behov for andre haustesett eller spørsmål kring hausting av metadata, ta kontakt med DataverseNO på research-data@support.uit.no.

 

Print Friendly, PDF & Email