Før du arkiverer dataa dine i DataverseNO (inkl. dei ulike samlingane, t.d. UiT Open Research Data, TROLLing, osb.), tilrår vi at du les den følgjande rettleiinga på korleis ein opprettar eit datasett og lastar opp data til arkivet. For meir informasjon om forskingsdatahandtering kontakt forskarstøtta på institusjonen din.
Ved å bruka DataverseNO stadfester du samtidig at du har lese og godkjenner DataverseNO Deposit Agreement.
Steg 1: Oppretta ein brukarkonto / logga inn
- Gå til DataverseNO, og klikk på Log In (i hjørnet øvst til høgre). Til høgre for Your Institution, vel Feide – Norwegian educational institutions, og klikk på Continue. Ved første gongs innlogging blir du spurd om å godkjenna at Feide/Dataporten sender vidare brukarinformasjon om deg, og når du har godkjent denne førespurnaden, så blir det oppretta ein brukarkonto til deg i arkivet.
- NB! Dersom institusjonen din ikkje er lista opp i innloggingsmenyen, så kan du be IT-brukarstøtta på institusjonen din om å aktivera Feide-/Dataporten-innlogging for DataverseNO.
Andre brukarar

- Dersom du ikkje har nokon Feide-konto, men ønskjer å bruka DataverseNO, så kan du registrera deg for ein brukarkonto her.
- Når vi har oppretta ein brukarkonto til deg, følg instruksjonane du får tilsendt på e-post.
Steg 2: Arkivera dataa dine

Oppretta eit datasettutkast

- Når du har logga inn (sjå steg 1), vel samlinga der du skal arkivera dataa dine:
- Dersom du er tilsett eller student ved (eller på annan måte tilknytt) ein DataverseNO-partnarinstitusjon, vel den aktuelle institusjonssamlinga (t.d. UiT Open Research Data).
- Dersom du er språkvitar/lingvist og har fått tilgang til TROLLing, så vel du TROLLing (https://trolling.uit.no/).
- Alle andre brukarar skal velja toppnivåsamlinga (DataverseNO).
- Når du er i rett samling, kan du oppretta eit datasettutkast ved å klikka på Add Data-knappen på høgresida, og velja New Dataset. Add Data-knappen er ikkje synleg dersom du ikkje er i rett samling.
Leggja inn metadata

Når du plasserer markøren over feltnamna, får du opp ein hjelpetekst med meir informasjon om dei ulike metadatafelta. Her er ei kort oversikt over nokre av felta:
- Title:
- Legg inn eit namn på datasettet ditt.
- Dersom data er brukt i ein publikasjon, kan du bruka tittelen på publikasjonen, og klikka på Add “Replication Data for” to Title. I staden for «Replication Data for» kan du også bruka «Background Data for», «Supporting Data for» eller eit liknande tillegg.
- Author:
- Bruk den same namneforma som i publikasjonane dine. Du bør også leggja inn institusjonstilknyting (“affiliation”). Klikk på plussteiknet for å leggja til fleire forfattarar. Vi tilrår også å leggja til din ORCID (https://orcid.org).
- Contact:
- Legg inn ei kontakt-e-postadresse. Legg også inn namnet på kontaktpersonen eller forskingsgruppa/-institusjonen.
- Description:
- Legg inn ein beskrivelse av dataa du skal arkivera. Unngå bruk av visse HTML-kodar eller andre spesialteikn (t.d. [ eller ]). Dersom du treng å laga mellomrom mellom to avsnitt, kan du leggja til HTML-taggane <p> og </p> rundt kvart avsnitt.
- Dersom det er relevant, legg inn informasjon om datainnsamling og metode her.
- Du kan også leggja inn samandraget du har brukt i ein eventuell publikasjon. Dette samandraget skal då leggjast inn i eit separat “Description”-felt, som du kan få opp ved å klikka på plussteiknet på høgresida. NB! Dersom artikkelen din er send inn til vurdering, men ikkje har blitt godkjend (enno), så må du IKKJE føra opp namnet på tidsskriftet (eller forlaget).
- Keyword:
- Her skal du leggja inn nøkkelord som beskriv datasettet ditt, som t.d. fagområde (t.d. morphology eller zoology) og statistiske eller andre metodar.
- Bruk eit eige felt for kvart nøkkelord. Klikk på plussteiknet for å leggja til fleire nøkkelord.
- Felta Vocabulary og Vocabulary URL er ikkje obligatoriske og kan stå tomme.
- Related Publication:
- Dersom filene du arkiverer, er grunnlagsdata for ein publikasjon, bør du leggja inn ein referanse til publikasjonen her.
- NB! Dersom manuset ditt er sendt inn til vurdering, men ikkje har blitt godkjent enno, så må du IKKJE føra opp namnet på tidsskriftet eller forlaget. I staden kan du berre skriva «Submitted for review» eller liknande.
- NB! Dersom artikkel- eller bokmanuset ditt blir fagfellevurdert i ein såkalla «double-blind review» (både forfattar og fagfelle er anonyme), så må du leggja inn beskjed om dette i feltet Related Publication. Dette for at kuratorane skal kunna hjelpa deg å anonymisera datasettet.
- (Når ein legg inn fleire publikasjonar, så vil berre den første synast på oversiktssida til datasettet. Dersom du ikkje vil framheva berre den eine publikasjonen på denne måten, så kan du leggja inn den følgjande teksten i det første feltet: «Click Metadata tab below to see related publication(s).» Denne teksten vil då vera synleg, og for å få sjå dei faktiske publikasjonane må brukarar klikka på Metadata-fana.)
- Depositor og Deposit Date:
- Desse felta er førehandsutfylt, og skal ikkje endrast. Deposit Date viser til når datasettet er blitt oppretta i arkivet.
Stadfesta/spesifisera datalisens og kreditering

Standardlisensen for gjenbruk av data i DataverseNO er Creative Commons Zero (CC0); sjå Terms-fana. CC0 mogleggjer maksimal gjenbruk og gjev størst synlegheit, men inneber også at det ikkje ligg nokon juridiske restriksjonar på gjenbruk av dataa dine. Men som det også står i Terms-fana, så føreset vanleg akademisk skikk og forskingsetiske grunnprinsipp at bruk av data blir kreditert gjennom tilvising. Dersom CC0-lisensen ikkje passar for dine data, ta kontakt med brukarstøtta på institusjonen din.
Lasta opp filer

- Før du lastar opp dataa dine, bør du sørgja for at du har lagra og dokumentert dei etter beste praksis. Sjå avsnittet Førebu dataa dine i arkiveringsguiden vår.
- Eit datasett bør ikkje innehalda meir enn 200-300 filer. Viss du treng å arkivera fleire filer, kan du velja blant desse alternativa:
- Pakka inn filene i éi eller fleire (maks. 200-300) pakkefiler.
- Dela datasettet opp i fleire (del)datasett.
- Pakkefiler bør handterast etter desse tilrådingane:
- Bruk berre pakkefiler av typen / med filutvidingane .zip eller .tar (ikkje bruk .7z, tar.gz, .rar, osb.).
- Det bør ikkje vera pakkefiler inni pakkefila, bortsett frå dobbeltzippa .zip for å ta vare på mappestrukturen; sjå nedanfor.
- Ikkje bruk komprimering, men vel «Lagre» under «Kompresjonsnivå».
- Filene (inkl. pakkefila) må ikkje vera krypterte.
- Det er i utgangspunktet inga øvre grense for kor stort eit datasett i DataverseNO kan vera, men nedanfor er det sett opp nokre råd og framgangsmåtar for å handsama store filer. Følgjande råd, grenser og framgangsmåtar gjeld for enkeltfiler, opplastingar og datasett:
- Storleiken på individuelle filer bør ikkje overstiga 5 GB. Store filer kan skapa problem for andre når det gjeld nedlasting og gjenbruk av data.
- Ei opplasting av fil(er) bør ikkje overstiga 10 GB av omsyn til problemfri overføring av data over internettprotokollen (http).
- Dersom du ikkje får lasta opp filene dine etter tilrådingane ovanfor, eller dersom datasettet ditt er større enn 50 GB, ta kontakt med brukarstøtta på institusjonen din for meir informasjon om opplasting.
- For å ta vare på mappestrukturen i datasettet ditt, må du pakka inn mappene og eventuelle enkeltfiler i ei pakkefil (.zip). Oppskrift (i Windows): Opne Windows Filutforskar; opne den mappa som inneheld alle mappene og filene som skal vera i datasettet ditt; marker alt (Ctrl+A); høgreklikk, og vel 7-Zip og deretter Legg til i «MAPPENAMN.zip». Og så lastar du opp denne pakkefila; sjå neste kulepunkt. Zip-fila blir då pakka ut under opplasting, og mappene (og undermappene) i zip-fila blir lasta opp med dei respektive mappenamna. NB! Dersom datasettet ditt inneheld svært mange filer (fleire hundre), tilrår vi at du arkiverer dei som zip-filer. Slike zip-filer må då pakkast inn ein gong til for at den «inste» zip-fila skal bli bevart ved opplasting. Det speler inga rolle kva den «ytste» zip-fila heiter ettersom ho vil bli pakka ut under opplasting.
- Klikk på Select Files to Add , og vel filene på datamaskinen eller serverområdet ditt. Du kan velja fleire filer samtidig ved å bruka skift + piltastane, eller Ctrl + museklikk.
- Når du har lasta opp alle filene, klikkar du på Save Dataset. Då blir datasettet ditt lagra som utkast.
- NB! Dersom datasettet ditt inneheld mange filer, kan det vera lurt at ReadMe-fila hamnar øvst i lista over filer. For å få dette til kan du leggja til eit nulltal i starten av filnamnet, t.d. «0_ReadMe.txt».
- NB 2! Dersom du har lasta opp ei zip-fil for å ta vare på mappestrukturen i datasettet ditt, så må du velja Tree View for sjå mappestrukturen: Klikk på knappen Tree til høgre for Change View på toppen av filoversikta.
Leggja inn meir metadata

Etter at du har oppretta eit datasettutkast, tilrår vi at du legg inn meir informasjon om datasettet. Det vil auka sjansen for at andre gjenfinn dataa dine, og kan tolka og gjenbruka dei på rett måte.
Vel Metadata-fana, og klikk på Add + Edit Metadata-knappen. I den grad det er relevant, tilrår vi at du legg inn informasjon i felta nedanfor. Når du er ferdig, klikkar du på Save Changes-knappen på botnen av sida.
CITATION METADATA
- Language:
- Her vel du språket du har brukt til å beskriva dataa dine. Ofte vil det vera engelsk.
- Contributor:
- Her bør du kreditera dei som har bidrege til datasettet, også dei som ikkje skal stå som forfattarar. I feltet Type kan du velja kva slags rolle dei har hatt (t.d. Data Collector).
- Grant Information:
- NB! Viktig å leggja inn informasjon om eventuell finansiering. Bruk fullt namn på finansiør, t.d. «The Research Council of Norway».
- Time Period Covered:
- Kva tidsperiode er dataa ifrå eller handlar om?
- Date of Collection:
- Når er dataa blitt samla inn / genererte?
- Kind of Data:
- Kva slags data er det? Hald musepeikaren over spørjeteiknet til høgre for feltnamnet, så får du opp nokre forslag, t.d. survey data, experimental data, observation data.
- Related Material:
- Materiale som er relatert til datasettet.
- Related Datasets:
- Andre datasett som er relaterte til datasettet. Det kan vera dine eigne eller andre sine datasett. Dersom tilgjengeleg, bruk full referanse, inkl. persistent identifikator (t.d. DOI).
- Data Sources:
- Dersom du ikkje sjølv har generert eller samla inn dataa, legg inn informasjon her om kjeldene dine. Det kan t.d. vera eit arkiv, eit korpus eller ei nettside der du har lasta ned dataa.
GEOSPATIAL METADATA
Mange datasett er relaterte til ein eller fleire geografiske stader. Dersom du legg inn geografisk informasjon i dette avsnittet, så vil det gjera datasettet ditt meir synleg i søkjetenester som har ein geografisk inngang, t.d. basert på kart. Du kan spesifisera ein geografisk stad under Geographic Coverage, og/eller leggja inn koordinatar under Geographic Bounding Box. Eit geografisk punkt har same verdien for West Longitude og East Longitude, og same verdien for North Latitude og South Latitude. Ein boks derimot har fire ulike verdiar i desse felta. Verdiane må spesifiserast som desimalgradar. Til dømes har fastlands-Noreg desse verdiane: West Longitude: 4.09; East Longitude: 31.76; North Latitude: 71.38; South Latitude: 57.76. NB! Bruk punktum («.») som desimalteikn, ikkje komma. Verdien for West Longitude må vera mindre enn verdien for East Longitude. Verdien for South Latitude må vera mindre enn verdien for North Latitude.
FAGSPESIFIKK METADATA
I tillegg oppfordrar vi også til å leggja inn fagspesifikke metadata der det er aktuelt. Per i dag finst det tre fagspesifikke metadataskjema i DataverseNO:
- Social Science and Humanities Metadata
- Astronomy and Astrophysics Metadata
- Life Sciences Metadata
(Spesifisera filembargo)

DataverseNO er eit arkiv for opne data. Det inneber at alle dei opplasta filene skal gjerast ope tilgjengelege. Men det er mogleg å avgrensa tilgangen til (nokre av) filene for ein viss periode. Under denne embargoperioden vil desse filene ikkje vera tilgjengelege, men metadataa om datasettet ditt vil likevel vera synlege. Følg denne oppskrifta for å avgrensa tilgangen til ei fil:
- Last opp fila (sjå avsnittet Lasta opp filer ovanfor).
- Vel fila ved å kryssa av på boksen til venstre for filnamnet.
- Klikk på Edit Files-knappen ovanfor filutvalet på høgresida, og vel Restrict.
- Når du har gjort dette med alle filene som skal ha avgrensa tilgang, så klikkar du på Save Dataset, og legg til tilgangsvilkåra (“terms of access”) i popup-vindauget. Kryss av på Request Access dersom du vil at brukarar skal kunna kontakta deg for å be om tilgang til fila/filene. Klikk på Continue.
- Vel fila/filene på nytt ved å kryssa av på boksen til venstre for filnamnet.
- Klikk på Edit Files-knappen ovanfor filutvalet på høgresida, og vel Tags. Skriv i feltet Custom File Tag: “Not available until YYYY-MM-DD”. Klikk på Apply og deretter på Save Changes.
- Legg in datoen for når filene skal bli tilgjengelege i metadatafeltet Distribution Date (sjå avsnittet Leggja inn meir metadata ovanfor).
Steg 3: Få dataa dine publisert

- Datasettet er framleis berre eit utkast, og du kan framleis endra eller sletta det. Dersom du ønskjer å gje nokon (t.d. ein samarbeidspartnar eller ein tidsskriftredaktør) tilgang til datasettet før det er publisert, ta kontakt med brukarstøtta på institusjonen din. Sjølv om datasettet er på utkaststadiet, så har det fått ein gyldig DOI, som vil vera den same også når datasettet til slutt blir publisert, men DOI-en vil ikkje bli aktivert og fungera før etter at datasettet er publisert. NB! Dersom det etter kurateringa (sjå nedanfor) viser seg at datasettet ikkje kan publiserast i DataverseNO, så vil datasettutkastet bli sletta og DOI-en vil aldri bli aktivert. Derfor er det viktig at du ikkje bruker datasettreferansen før datasettet er ferdig kuratert og godkjent for publisering i DataverseNO. Meir informasjon om sitering av forskingsdata finn du i avsnittet Referer til dataa dine.
- Når du har lagt inn alle nødvendige metadataa og lasta opp alle nødvendige filene og er klar til å få datasettet publisert, så klikkar du på Submit for Review-knappen. Du får då ei stadfesting frå DataverseNO om at datasettet er blitt sendt inn til vurdering.
- Når ein kurator frå institusjonssamlinga di har gått gjennom datasettet, får du beskjed om det eventuelt må gjerast endringar før det kan publiserast. Når datasettet er godkjent og du har gjeve klarsignal til kurator, vil det bli publisert av kurator, og det vil bli ope tilgjengeleg og søkbart på nettet.
- Dersom det er nødvendig, kan du endra på metadata og/eller datafilene også etter at datasettet er publisert. Då blir det oppretta ein ny versjon av datasettet. Kvar ny versjon må godkjennast av ein kurator frå samlinga di. Derfor må du hugsa på å senda den nye versjonen inn til vurdering. Tidlegare versjonar blir ikkje sletta, men er alltid tilgjengelege i arkivet.
- NB! Det er IKKJE mogleg å sletta eit datasett som er publisert. I visse tilfelle er det mogleg å fjerna tilgangen til filene i eit datasett, men informasjonen om datasettet (forfattar, tittel, beskrivelse osb.) vil framleis vera synleg. Dersom du ønskjer å fjerna tilgang til filene i eit publisert datasett, ta kontakt med brukarstøtta på institusjonen din.
For spørsmål, kommentarar eller innspel sjå informasjonssidene til forskarstøtta på institusjonen din.