Category Archives: Nytt

UiT satsar på påliteleg og framtidsretta infrastruktur og støttetenester for forskingsdata

UiT Noregs arktiske universitet er med i to prosjektkonsortium som nettopp har nådd opp i konkurransen om midlar til to EU-prosjekt. Begge prosjekta er leidde av CSC – IT Center for Science i Finland og handlar om å vidareutvikla European Open Science Cloud (EOSC).

Prosjektet FIDELIS – A European Network of Trustworthy Digital Repositories har som mål å etablera eit europeisk nettverk av pålitelege arkiv for forskingsdata og andre digitale forskingsobjekt. Utlysinga prosjektet får midlar ifrå, har sitt utspring i et strateginotat som sentrale aktørar publiserte i 2022. Prosjektet er eit samarbeid mellom 24 institusjonar frå heile Europa.

Prosjektet EDEN – Enhancing Digital Preservation Strategies at European and National Level skal utvikla og etablera eit rammeverk for å identifisera kva data som er kandidatar for langsiktig bevaring, basert på bruk, nytte og kvalitet, og ein modell for revurdering av data etter arkivering. Utlysinga av desse midlane er ei oppfølging av tilrådingane frå EOSC Long-Term Data Preservation Task Force. Det er til saman 16 institusjonar frå fleire land i Europa som skal samarbeida i dette prosjektet.

Begge prosjekta skal vara i tre år og har planlagd oppstart i januar 2025. UiT er representert i dei to prosjekta gjennom miljøet rundt DataverseNO og TROLLingUniversitetsbiblioteket (UB).

DataverseNO er eit nasjonalt, generisk arkiv for forskingsdata som blei lansert i 2017, og er i dag eit samarbeid mellom 16 partnarinstitusjonar. Vi har heilt sidan starten vore opptekne av å byggja opp og drifta eit påliteleg dataarkiv for forskarar frå norske forskingsinstitusjonar uavhengig av fag og datatypar, og i tråd med internasjonale krav og tilrådingar for god datahandtering, som t.d. dei etter kvart veletablerte FAIR-prinsippa. Som ei av dei første nasjonale tenestene i verda blei DataverseNO i 2020 CoreTrustSeal-sertifisert som påliteleg dataarkiv, og vi er no – noko forseinka – i gang med å fornya denne sertifiseringa.

TROLLing er eit fagspesifikt arkiv for forskingsdata frå lingvistikk og språkfag. Arkivet blei lansert i 2014 og er gjennom den nasjonale CLARINO-noden ein del av den europeiske CLARIN-infrastrukturen.

Begge arkiva er forvalta av UB i samarbeid med Avdeling for IT (ITA), og – når det gjeld TROLLing –  Institutt for språk og kultur (ISK) på HSL-fakultetet ved UiT. Forankra i Eallju – Drivkraft i nord: UiTs strategi mot 2030 er dei to arkiva er eit viktig ledd i UiT sitt strategiske arbeid med å fremja open vitskap og utvikla feltet i nært samarbeid med nasjonale og internasjonale partnarar.

Fleire som er involverte i forvaltninga av DataverseNO og TROLLing, har vore aktive i internasjonale miljø og nettverk som jobbar med infrastruktur og støttetenester for forskingsdatahandtering, t.d. CLARIN, Global Dataverse Community Consortium (GDCC) og Research Data Alliance (RDA).

Miljøet rundt DataverseNO har også teke initiativ til eit nasjonalt kuratornettverk for FAIR forskingsdata, som vil vera eit viktig tiltak for å løfta den nasjonale kompetansen på feltet på tvers av institusjonar og støttetenester, og som vil vera eit viktig element i eit framtidig EOSC-kompetansesenter og den framtidige nasjonale EOSC-noden.

Vi håpar at erfaringane våre med utvikling og forvaltning av arkivtenester og nettverk knytte til forskingsdatahandtering vil kunna bidra positivt til dei to nye EU-prosjekta. Samtidig er vi overtydde om at prosjektdeltakinga vår vil heva kompetansen på feltet på UiT, og vil vera positiv for den vidare utviklinga av dei to arkivtenestene våre. Det gjeld særleg den vidare integreringa av tenestene våre med EOSC. Det overordna målet vårt er alltid å kunna tilby gode støttetenester til forskarane våre og på den måten bidra til at dei kan hevda seg både nasjonalt og internasjonalt.

Vi er glade for å vera ein del av dei to prosjektkonsortia og ser fram til eit godt og lærerikt samarbeid.

 

Kontaktperson:
Philipp Conzett
E-post: philipp.conzett@uit.no

OsloMet – storbyuniversitetet ny partnar i DataverseNO

DataverseNO ønskjer OsloMet – storbyuniversitetet velkommen som partnarinstitusjon. Med si eiga institusjonssamling i DataverseNO kan OsloMet no tilby eigne forskarar eit sertifisert og kuratert forskingsdataarkiv der dei kan gjera dataa sine ope tilgjengelege og på den måten gjera forskinga meir synleg, og samtidig fremja kompetanse på open forsking.

Norsk institutt for bioøkonomi (NIBIO) ny partnar i DataverseNO

DataverseNO ønskjer Norsk institutt for bioøkonomi (NIBIO) velkommen som partnarinstitusjon. Med si eiga institusjonssamling (https://dataverse.no/dataverse/nibio) i DataverseNO kan NIBIO no tilby eigne forskarar eit sertifisert og kuratert dataarkiv der dei kan gjera dataa sine ope tilgjengelege og på den måten gjera forskinga meir synleg, og samtidig fremja kompetanse på open forsking. For meir informasjon om NIBIO-samlinga i DataverseNO, ta kontakt med Hanne Tvete.

DataverseNO utilgjengeleg pga. oppgradering 24.-28. mars 2023

På grunn av ei større oppgradering vil DataverseNO vera utilgjengeleg for handlingar som krev pålogging (arkivering, kuratering, administrering) frå fredag 24. mars etter kl. 16 til og med tysdag 28. mars 2023. På måndag 27. mars og tysdag 28. mars vil DataverseNO i kortare periodar også vera utilgjengeleg for søk og nedlasting. Vi beklagar ulempene. Ved spørsmål ta kontakt med DataverseNO-teamet på support@dataverse.no.

DataverseNO-5-årsjubileum

I byrjinga av desember 2022 fyller DataverseNO fem år. For å markera dette jubileet arrangerer vi eit lite seminar på fredag 2. desember kl. 09:00 til 10:15. Det vil vera mogleg å delta fysisk, på UB-auditoriet på UiT Noregs arktiske universitet, campus Tromsø (kart), og digitalt via Zoom.

Påmeldingsfrist:

  • Fysisk deltaking: 15. november 2022
  • Digital deltaking: 30. november 2022

Påmeldingsskjema: https://nettskjema.no/a/dvno5ar

Førebels program:

09:00–09:05 Opning v/ Johanne Raade, bibliotekdirektør, UiT
09:05–09:15 5 år med DataverseNO – kort historikk v/ Philipp Conzett, førstebibliotekar, UiT
   
  Perspektiv frå to andre nasjonale Dataverse-baserte arkiv:
09:15–09:45 Australian Data Archive (ADA) v/ Steven McEachern, director ADA
09:45–10:15 Recherche Data Gouv (Frankrike) v/ Esther Dzalé Yeumo, project director Data Gouv

 

Universitetet i Oslo ny partnar i DataverseNO

DataverseNO ønskjer Universitetet i Oslo (UiO) velkommen som partnarinstitusjon. Med si eiga institusjonssamling (https://dataverse.no/dataverse/uio) i DataverseNO kan UiO no tilby eigne forskarar eit sertifisert og kuratert dataarkiv der dei kan gjera dataa sine ope tilgjengelege og på den måten gjera forskinga meir synleg, og samtidig fremja kompetanse på open forsking. Meir informasjon finn du på nettsidene til UiO: https://www.ub.uio.no/skrive-publisere/dataarkivering/dataverseno-uio.html.

VID vitenskapelige høgskole ny partnar i DataverseNO

DataverseNO ønskjer VID vitenskapelige høgskole velkommen som partnarinstitusjon. Med si eiga institusjonssamling (https://dataverse.no/dataverse/vid) i DataverseNO kan VID no tilby eigne forskarar eit sertifisert og kuratert datarkiv der dei kan gjera dataa sine ope tilgjengelege og dermed gjera forskinga meir synleg, og fremja kompetanse på open forsking.

MF vitenskapelig høyskole ny partnar i DataverseNO

DataverseNO ønskjer MF vitenskapelig høyskole velkommen som partnarinstitusjon. Med si eiga institusjonssamling (https://dataverse.no/dataverse/mf) i DataverseNO kan MF no tilby eigne forskarar eit sertifisert og kuratert datarkiv der dei kan gjera dataa sine ope tilgjengelege og dermed gjera forskinga meir synleg, og fremja kompetanse på open forsking.

Høgskolen i Østfold ny partnar i DataverseNO

DataverseNO ønskjer Høgskolen i Østfold velkommen som partnarinstitusjon. Med institusjonssamlinga Østfold University College Open Research Data (https://dataverse.no/dataverse/hiof) kan HiØ no tilby eigne forskarar eit sertifisert og kuratert datarkiv der dei kan gjera dataa sine ope tilgjengelege og dermed gjera forskinga meir synleg, og fremja kompetanse på open forsking.

DataverseNO er CoreTrustSeal-sertifisert

DataverseNO fekk 26. mars melding om at CoreTrustSeal-styret hadde godkjent søknaden vår om CoreTrustSeal-sertifisering. CoreTrustSeal er eit kvalitetsstempel på berekraftige og pålitelege forskingsdataarkiv.

DataverseNO (https://dataverse.no) er eit nasjonalt, generisk arkiv for opne forskingsdata som per i dag er teke i bruk av 9 universitet og høgskular, og sertifiseringa gjeld for alle institusjonssamlingane i arkivet.

— Dette er ein milepæl for DataverseNO, og vi er veldig glade for å kunna tilby eit sertifisert arkiv til våre partnarinstitusjonar, seier Johanne Raade, bibliotekdirektør på UiT Noregs arktiske universitet og styreleiar for DataverseNO.

Gjennom CoreTrustSeal-sertifiseringa skal dataarkiv dokumentera at dei oppfyller ei rekkje krav til både teknisk infrastruktur, forvaltningsmodell og -rutinar. Det er i alt 15 kvalifikasjonskrav som inngår i CoreTrustSeal-sertifiseringa, og DataverseNO oppfyller 14 av dei på det høgaste nivået («The guideline has been fully implemented in the repository»). Som eit ledd i sertifiseringsarbeidet har vi utvikla eit omfattande sett med retningsliner for arkivet, DataverseNO Policy Framework.

Vi ser fram til å fortsetja det gode arbeidet i DataverseNO saman med partnarinstitusjonane og å vidareutvikla arkivet, slik at vi heile tida kan tilby norske forskarar ein infrastruktur som skal gjera det enkelt for dei å dela forskingsdata som er så FAIR som mogleg.