Om DataverseNO

På denne sida har vi samla informasjon om DataverseNO.

Kva er DataverseNO?

DataverseNO (https://dataverse.no/) er eit nasjonalt, generisk arkiv for opne forskingsdata. Arkivet er eigd og forvalta av UiT Noregs arktiske universitet i tråd med FAIR Guiding Principles for scientific data management and stewardship. Den tekniske infrastrukturen til arkivet er basert på den opne arkivapplikasjonen Dataverse, som er utvikla av eit internasjonalt utviklar- og brukarfellesskap leidd av Harvard University.


For institusjonar

Norske forskingsinstitusjonar kan inngå avtale om bruk av DataverseNO (https://dataverse.no/) som arkiv for opne forskingsdata. Slike forskingsdata vil då bli gjorde synlege i DataverseNO i institusjonssamlingar av typen UiT Open Research Data (https://opendata.uit.no). Institusjonar som ønskjer å testa ut tenesta, kan få tilgang til ein testversjon.

UiT er ansvarleg for opplæring og støtte til superbrukarar ved partnarinstitusjonane, medan partnarinstitusjonane har ansvar for datakuratering og brukarstøtte ved eigen institusjon. DataverseNO-opplæringsprogrammet for superbrukarar på partnarinstitusjonar kan til dømes vera i form av eit heildagskurs på UiT med fokus på ansvarsfordeling, system, arbeidsflyt inkl. kuratering, og opplæring. Utover det tilbyr vi Skype-kurs og andre presentasjonar om DataverseNO etter ønske og avtale. Ta kontakt med oss på research-data@support.uit.no dersom du ønskjer meir informasjon.

Ei oversikt over dei noverande DataverseNO-partnarinstitusjonane finn du på DataverseNO-brukarstøttesida (kart).


For enkeltforskarar

Enkeltforskarar utan institusjonsavtale kan få gratis arkiveringsplass på opptil 10 GB i DataverseNO. Meir informasjon om korleis du kan ta i bruk arkivet finn du her. Ta kontakt på research-data@support.uit.no dersom du treng å arkivera større datavolum eller ønskjer meir informasjon om DataverseNO.


Datakuratering og -langtidsbevaring

For å sikra at data som blir arkiverte i DataverseNO, er i tråd med DataverseNO sine policyar og retningsliner blir dei kuraterte av kvalifisert forskingsstøttepersonale før dei blir publiserte. Datasett i DataverseNO blir utstyrte med varige identifikatorar (såkalla DOI, Digital Object Identifier). DOI-ar tener som unike referansar til datasett, og dei gjer at datasetta blir synlege i søkjetenester som t.d. B2FIND – EUDAT, Bielefeld Academic Search Engine (BASE), DataCite Search, Google Dataset Search, og Oria.

DataverseNO forpliktar seg til langtidsbevaring av data som er publiserte i arkivet, i tråd med DataverseNO Preservation Policy.


Metadatahausting
Organisering av DataverseNO


Organiseringa av DataverseNO er skissert i DataverseNO-organisasjonskartet, og forklart nærare nedanfor.

ORGANISASJONSDOKUMENT

Organiseringa av DataverseNO inkludert arkivstruktur, styring, datakuratering og brukargrupper er regulert i desse organisasjonsdokumenta:


ARKIVSTRUKTUR

Kvar partnarinstitusjon får tildelt si eiga institusjonssamling i DataverseNO. Ansvarsfordelinga mellom UiT Noregs arktiske universitet (eigar av DataverseNO) og partnarinstitusjonane er regulert i partnaravtalar.

Ein annan type samling i DataverseNO er spesialsamlingar, som kan vera prosjekt- eller fagbaserte. Slike samlingar kan vera opne for forskarar utanfor norske forskingsinstitusjonar. TROLLing – The Tromsø Repository of Language and Linguistics er ei tematisk samling, og per i dag den einaste spesialsamlinga i DataverseNO. Det er partnarinstitusjonane som er ansvarlege for sine spesialsamlingar i DataverseNO. Oppretting av spesialsamlingar må avklarast med DataverseNO.


STYRING



Eigarskap

DataverseNO er eit arkiv eigd og drifta av UiT Noregs arktiske universitet. UiT tilbyr DataverseNO som ei teneste til andre institusjonar og enkeltforskarar frå forskingsinstitusjonar i Noreg.


Styre

Styret for DataverseNO har det overordna ansvaret for DataverseNO og har mandatet sitt frå leiinga ved UiT Noregs arktiske universitet.


Rådgjevande organ

Samlingar i DataverseNO kan ha sine eigne rådgjevande organ som gjev råd til samlingsforvaltar og til styret for DataverseNO om overordna aspekt ved drifta og utviklinga av gjeldande samling, men også heile DataverseNO. Brukargruppene kan ta opp saker med det rådgjevande organet for den gjeldande samlinga ved å ta direkte kontakt med dei. Per i dag er TROLLing den einaste samlinga i DataverseNO som formelt har oppretta eit rådgjevande organ, TROLLing Scientific Advisory Board. TROLLing Scientific Advisory Board gjev råd til TROLLing-samlingsforvaltarane.

Drifta av institusjonssamlingar er integrert i forskingsstøttetenestene og forankra i institusjonsleiinga på dei ulike DataverseNO-partnarinstitusjonane. Kvar partnarinstitusjon har prosedyrar og møteplassar på plass der forskingsstøtteeiningar, som t.d. universitetsbiblioteket, diskuterer saker med representantar frå dei ulike brukargruppene på institusjonen. Tilbakemeldingar frå slike diskusjonar blir formidla vidare til forvaltarane av institusjonssamlingane i DataverseNO. Samlingsforvaltarane på si side diskuterer råd og tilbakemeldingar frå brukargruppene til institusjonssamlinga og ev. spesialsamlingar i DataverseNO-brukarforum. Dette rådgjevande organet, illustrert med den blå boksen i midten av bolken STYRING i organisasjonskartet for DataverseNO, består av representantar frå alle DataverseNO-partnarinstitusjonane (som regel institusjonssamlingsforvaltarar) og DataverseNO-arkivforvaltarane. Medlemene i DataverseNO-brukarforum møtest minst to gonger i året for å diskutera saker som gjeld organiseringa av DataverseNO inkludert styring, policyar og retningsliner, arkivstruktur og drift (inkl. funksjonalitet), datakuratering og tilbakemeldingar frå brukargrupper. DataverseNO-arkivforvaltarane formidlar forslag og råd frå DataverseNO-brukarforum vidare til styret for DataverseNO og institusjonssamlingsforvaltarane.


Forvaltning



DataverseNO-arkvivforvaltning

Forvaltninga og den daglege drifta av DataverseNO blir utført av tilsette ved UiT Noregs arktiske universitet, som ein del av dei regulære arbeidsoppgåvene deira.

DataverseNO blir forvalta av tilsette på Universitetsbiblioteket og IT-avdelinga ved UiT. Dei har ansvar for vedlikehald, utvikling og dagleg drift av DataverseNO, inkludert DataverseNO sine policyar og retningsliner, kommunikasjon med styret for DataverseNO, kommunikasjon med og opplæring av samlingsforvaltarar, organisering av DataverseNO-brukarforum, konfigurering av arkivet, oppretting av institusjonssamlingar og spesialsamlingar, brukaradministrasjon, implementering av ny funksjonalitet og nye prosedyrar, planlegging av langtidsbevaring, og sertifisering av DataverseNO. Dei er i tillegg ansvarlege for forvaltninga av toppnivåsamlinga i DataverseNO.


Forvaltning av samlingar



Institusjonssamlingar

Forvaltarar av institusjonssamlingar i DataverseNO er ansvarlege for forvaltninga og den daglege drifta av samlinga i samsvar med DataverseNO-policyar og -retningsliner, inkludert brukaradministrasjon, opplæring av og kommunikasjon med datakuratorar, kommunikasjon med DataverseNO-forvaltarar, kommunikasjon med leiinga og brukargrupper på partnarinstitusjonen, og representasjon av institusjonssamlinga i DataverseNO-brukarforum.


Spesialsamlingar

Forvaltarar av spesialsamlingar har mykje av dei same oppgåvene som forvaltarar av institusjonssamlingar, men avgrensa til omfanget av samlinga. Dei kommuniserer med det rådgjevande organet for samlinga dersom eit slikt finst. Per i dag er TROLLing den einaste spesialsamlinga i DataverseNO.


DATAKURATERING

Datakuratering er utført av forskingsstøttepersonale på DataverseNO-partnarinstitusjonane. Data som blir arkiverte i toppnivåsamlinga, blir kuraterte av kuratorar på UiT Noregs arktiske universitet (eigar av DataverseNO). Datakuratorar er tilsette på partnarinstitusjonane, som regel på biblioteket til institusjonen. Datakuratorar sørgjer for at arkiverte data i kvar samling i DataverseNO (inkl. på toppnivå) er kurarterte i tråd med DataverseNO-policyar og –retningsliner, og i tråd med beste-praksis-tilrådingar og behov frå dei aktuelle brukargruppene. Kuratorane kommuniserer med dei ulike brukargruppene som er representerte i dei ulike samlingane. Dette skjer under kurateringa, men også gjennom andre kanalar og forum. Kuratorar kommuniserer også med samlingsforvaltarane sine og med kuratorar av andre samlingar i DataverseNO.


BRUKARGRUPPER


Ettersom DataverseNO tilbyr open og gratis tilgang til samlingane sine, så består brukargruppa av arkivet både av dei som bidreg med data og dei som gjenbruker data. Databrukarane er primært forskarar og forskingsinstitusjonar, men også andre samfunnsaktørar som er avhengig av tilgang til kunnskap, t.d. journalistar, lærarar, næringslivet og samfunnet for øvrig. Kommunikasjonen mellom databrukarar og arkivet føregår først og fremst gjennom kontaktpersonen for kvart datasett, og gjennom kontaktinformasjonen for kvar enkelt samling.

I ein meir snever forstand kan vi beskriva brukargruppa av DataverseNO som dei gruppene som i tillegg til å vera databrukarar også bidreg med data til arkivet. Som skissert i DataverseNO-organisasjonskartet så kan vi dela desse brukargruppene inn i tre hovudkategoriar:

  1. forskarar frå norske forskingsinstitusjonar som er partnarar av DataverseNO
  2. forskarar som jobbar innanfor ramma til ei spesialsamling i DataverseNO
  3. forskarar frå norske forskingsinstitusjonar som ikkje er partnarar av DataverseNO

Kvar samling er organisert på ein måte som sikrar at behova til den gjeldande brukargruppa er ivaretekne i størst mogleg grad.

 

Ta kontakt med oss på research-data@support.uit.no dersom du ønskjer meir informasjon om DataverseNO.

Ny brukar? Sjå avsnittet Oppretta ein brukarkonto her.

Print Friendly, PDF & Email