{"id":380,"date":"2017-09-23T23:14:55","date_gmt":"2017-09-23T21:14:55","guid":{"rendered":"https:\/\/site.uit.no\/dataverseno\/?page_id=380"},"modified":"2026-01-21T14:20:27","modified_gmt":"2026-01-21T13:20:27","slug":"arkiver-dataa-dine","status":"publish","type":"page","link":"https:\/\/site.uit.no\/dataverseno\/nn\/arkivering\/arkiver-dataa-dine\/","title":{"rendered":"Arkiver og publiser dataa dine"},"content":{"rendered":"<p>F\u00f8r du arkiverer dataa dine i DataverseNO (inkl. dei ulike samlingane, t.d. UiT-samlinga, TROLLing, osb.), tilr\u00e5r vi at du les den f\u00f8lgjande rettleiinga p\u00e5 korleis ein opprettar eit datasett og lastar opp data til arkivet. For meir informasjon om forskingsdatahandtering kontakt <a href=\"https:\/\/site.uit.no\/dataverseno\/nn\/stotte\/\" target=\"_blank\" rel=\"noopener\">forskarst\u00f8tta<\/a>\u00a0p\u00e5 institusjonen din.<\/p>\n<p>Ved \u00e5 bruka DataverseNO stadfester du samtidig at du har lese og godkjenner <a href=\"https:\/\/site.uit.no\/dataverseno\/about\/policy-framework\/deposit-agreement\/\" target=\"_blank\" rel=\"noopener\">DataverseNO Deposit Agreement<\/a>.<\/p>\n<span class=\"collapseomatic  find-me\" id=\"logga-inn\"  tabindex=\"0\" title=\"Steg 1: Oppretta ein brukarkonto \/ logga inn\" data-findme=\"\"   ><strong>Steg 1: Oppretta ein brukarkonto \/ logga inn<\/strong><\/span><div id=\"target-logga-inn\" class=\"collapseomatic_content \">\n<p><a href=\"https:\/\/site.uit.no\/dataverseno\/nn\/arkivering\/arkiver-dataa-dine\/#logga-inn\"><img decoding=\"async\" class=\"alignleft wp-image-977\" title=\"Bruk denne lenkja n\u00e5r du skal referera til dette avsnittet.\" src=\"https:\/\/site.uit.no\/dataverseno\/wp-content\/uploads\/sites\/314\/2018\/04\/External-link-icon-150x150.png\" alt=\"\" width=\"15\" height=\"15\" srcset=\"https:\/\/site.uit.no\/dataverseno\/wp-content\/uploads\/sites\/314\/2018\/04\/External-link-icon-150x150.png 150w, https:\/\/site.uit.no\/dataverseno\/wp-content\/uploads\/sites\/314\/2018\/04\/External-link-icon.png 225w\" sizes=\"(max-width: 15px) 100vw, 15px\" \/><\/a><br class=\"custom-break\" \/><br class=\"custom-break\" \/><\/p>\n<span class=\"collapseomatic  find-me\" id=\"brukarar-fraa-norske-forskingsinstitusjonar\"  tabindex=\"0\" title=\"Brukarar fr\u00e5 norske forskingsinstitusjonar\" data-findme=\"\"   ><strong>Brukarar fr\u00e5 norske forskingsinstitusjonar<\/strong><\/span><div id=\"target-brukarar-fraa-norske-forskingsinstitusjonar\" class=\"collapseomatic_content \"><a href=\"https:\/\/site.uit.no\/dataverseno\/nn\/arkivering\/arkiver-dataa-dine\/#brukarar-fraa-norske-forskingsinstitusjonar\"><img decoding=\"async\" class=\"alignleft wp-image-977\" title=\"Bruk denne lenkja n\u00e5r du skal referera til dette avsnittet.\" src=\"https:\/\/site.uit.no\/dataverseno\/wp-content\/uploads\/sites\/314\/2018\/04\/External-link-icon-150x150.png\" alt=\"\" width=\"15\" height=\"15\" srcset=\"https:\/\/site.uit.no\/dataverseno\/wp-content\/uploads\/sites\/314\/2018\/04\/External-link-icon-150x150.png 150w, https:\/\/site.uit.no\/dataverseno\/wp-content\/uploads\/sites\/314\/2018\/04\/External-link-icon.png 225w\" sizes=\"(max-width: 15px) 100vw, 15px\" \/><\/a><br class=\"custom-break\" \/><br class=\"custom-break\" \/><br \/>\nDersom institusjonen din tilbyr Feide-autentisering, b\u00f8r du logga inn med Feide.<br \/>\nDersom institusjonen din ikkje tilbyr Feide-autentisering, b\u00f8r du logga inn med ORCID.<\/p>\n<ul>\n<li style=\"list-style-type: none\">\n<ul>\n<li><strong>Logga inn med Feide:<\/strong> G\u00e5 til <a href=\"https:\/\/dataverse.no\/\" target=\"_blank\" rel=\"noopener noreferrer\">DataverseNO<\/a>, og klikk p\u00e5 <em>Log In<\/em> (i hj\u00f8rnet \u00f8vst til h\u00f8gre). Til h\u00f8gre for\u00a0<em>Your Institution<\/em>, vel <em>Feide &#8211; Norwegian educational institutions<\/em>, og klikk p\u00e5 <em>Continue<\/em>. Ved f\u00f8rste gongs innlogging blir du spurd om \u00e5 godkjenna at Feide\/Dataporten sender vidare brukarinformasjon om deg, og n\u00e5r du har godkjent denne f\u00f8respurnaden, s\u00e5 blir det oppretta ein brukarkonto til deg i DataverseNO-arkivet.<br class=\"custom-break\" \/><br class=\"custom-break\" \/><strong>NB!<\/strong> Dersom institusjonen din ikkje er lista opp i innloggingsmenyen, s\u00e5 kan du be IT-brukarst\u00f8tta p\u00e5 institusjonen din om \u00e5 aktivera Feide-\/Dataporten-innlogging for DataverseNO.<br class=\"custom-break\" \/><br class=\"custom-break\" \/>Etter innlogging vil du f\u00e5 arkiveringstilgang i DataverseNO. Viss institusjonen din er medlem av DataverseNO, har du arkiveringstilgang til institusjonssamlinga til institusjonen din. Viss institusjonen din ikkje er medlem av DataverseNO, har du arkiveringstilgang til toppsamlinga i DataverseNO. Dersom du ikkje har arkiveringstilgang til nokon av samlingane, ta kontakt med DataverseNO-teamet p\u00e5 <a href=\"mailto:support@dataverse.no\">support@dataverse.no<\/a>.<\/li>\n<\/ul>\n<\/li>\n<\/ul>\n<ul>\n<li><strong>Logga inn med ORCID:<\/strong> G\u00e5 til DataverseNO, og klikk p\u00e5 <em>Log In<\/em> (i hj\u00f8rnet \u00f8vst til h\u00f8gre). Under <em>Other options<\/em>, vel <em>ORCID<\/em>, og klikk p\u00e5 <em>Create or Connect your ORCID<\/em>. Logg inn med ditt ORCID-brukarnamn og passord. Dersom du ikkje har nokon ORCID-konto fr\u00e5 f\u00f8r, kan du oppretta ein ved \u00e5 klikka p\u00e5 <em>Register now<\/em>. S\u00f8rg for at du bruker institusjons-e-postadressa di, elles vil du ikkje f\u00e5 automatisk arkiveringstilgang i DataverseNO.<br class=\"custom-break\" \/><br class=\"custom-break\" \/>N\u00e5r du har logga inn, klikk p\u00e5 brukarnamnet ditt \u00f8vst til h\u00f8gre, vel <em>Account Information<\/em>, og klick p\u00e5 knappen <em>Send Verification Email<\/em>. Du f\u00e5r d\u00e5 tilsendt ein e-post der du blir beden om \u00e5 verifisera e-post adressa di. Dersom du har valt institusjons-e-postadressa di, vil du etter verifiseringa f\u00e5 arkiveringstilgang i DataverseNO. Viss institusjonen din er medlem av DataverseNO, har du arkiveringstilgang til institusjonssamlinga til institusjonen din. Viss institusjonen din ikkje er medlem av DataverseNO, har du arkiveringstilgang til toppsamlinga i DataverseNO. Dersom du ikkje har arkiveringstilgang til nokon av samlingane, ta kontakt med DataverseNO-teamet p\u00e5 <a href=\"mailto:support@dataverse.no\">support@dataverse.no<\/a>.<\/li>\n<\/ul>\n<\/div>\n<br class=\"custom-break\" \/><span class=\"collapseomatic  find-me\" id=\"andre-brukarar\"  tabindex=\"0\" title=\"Andre brukarar\" data-findme=\"\"   ><strong>Andre brukarar<\/strong><\/span><div id=\"target-andre-brukarar\" class=\"collapseomatic_content \"><a href=\"https:\/\/site.uit.no\/dataverseno\/nn\/arkivering\/arkiver-dataa-dine\/#andre-brukarar\"><img decoding=\"async\" class=\"alignleft wp-image-977\" title=\"Bruk denne lenkja n\u00e5r du skal referera til dette avsnittet.\" src=\"https:\/\/site.uit.no\/dataverseno\/wp-content\/uploads\/sites\/314\/2018\/04\/External-link-icon-150x150.png\" alt=\"\" width=\"15\" height=\"15\" srcset=\"https:\/\/site.uit.no\/dataverseno\/wp-content\/uploads\/sites\/314\/2018\/04\/External-link-icon-150x150.png 150w, https:\/\/site.uit.no\/dataverseno\/wp-content\/uploads\/sites\/314\/2018\/04\/External-link-icon.png 225w\" sizes=\"(max-width: 15px) 100vw, 15px\" \/><\/a><br class=\"custom-break\" \/><br class=\"custom-break\" \/><br \/>\nDersom du ikkje er tilknytt nokon norsk forskingsinstitusjon, kan du velja mellom innloggingsalternativa nedanfor. Med unntak av TROLLing er det berre forskarar fr\u00e5 norske forskingsinstitusjonar og internasjonale samarbeidspartnarar som kan f\u00e5 arkiveringstilgang til DataverseNO.<\/p>\n<ul>\n<li style=\"list-style-type: none\">\n<ul>\n<li><strong>Logga inn med eduGAIN:<\/strong> G\u00e5 til <a href=\"https:\/\/dataverse.no\/\" target=\"_blank\" rel=\"noopener noreferrer\">DataverseNO<\/a>, og klikk p\u00e5 <em>Log In<\/em> (i hj\u00f8rnet \u00f8vst til h\u00f8gre). Under for\u00a0<em>Other options<\/em>, vel <em>eduGAIN<\/em>, og klikk p\u00e5 <em>Log in with eduGAIN<\/em>. Vel <em>Internasjonale p\u00e5loggingstilbydere<\/em>, s\u00f8k opp landet ditt og namnet p\u00e5 institusjonen din, og klikk p\u00e5 <em>Hald fram \/ Fortsett<\/em>. Logg inn med ditt institusjonspassord og -brukarnamn.<br class=\"custom-break\" \/><br class=\"custom-break\" \/><strong>NB!<\/strong> Dersom institusjonen din ikkje er lista opp i innloggingsmenyen, s\u00e5 kan du be IT-brukarst\u00f8tta p\u00e5 institusjonen din om \u00e5 aktivera eduGAIN-innlogging for DataverseNO.<br class=\"custom-break\" \/><br class=\"custom-break\" \/>Etter innlogging har du f\u00e5tt oppretta ein DataverseNO-brukarkonto, men du har ikkje arkiveringstilgang enno. Ved \u00e5 fylla ut og senda inn <a href=\"https:\/\/nettskjema.no\/a\/dvnodepositaccess\" target=\"_blank\" rel=\"noopener\">dette skjemaet<\/a> kan du s\u00f8kja om \u00e5 f\u00e5 tildelt arkiveringstilgang. Du vil som regel f\u00e5 eit svar p\u00e5 s\u00f8knaden din i l\u00f8pet av tre arbeidsdagar. Dersom du har sp\u00f8rsm\u00e5l, ta kontakt med DataverseNO-teamet p\u00e5 <a href=\"mailto:support@dataverse.no\">support@dataverse.no<\/a>.<\/li>\n<\/ul>\n<\/li>\n<\/ul>\n<ul>\n<li><strong>Logga inn med ORCID:<\/strong> G\u00e5 til <a href=\"https:\/\/dataverse.no\/\" target=\"_blank\" rel=\"noopener noreferrer\">DataverseNO<\/a>, og klikk p\u00e5 <em>Log In<\/em> (i hj\u00f8rnet \u00f8vst til h\u00f8gre). Under for\u00a0<em>Other options<\/em>, vel <em>ORCID<\/em>, og klikk p\u00e5 <em>Create or Connect your ORCID<\/em>. Logg inn med ditt ORCID-brukarnamn og passord. Dersom du ikkje har nokon ORCID-konto fr\u00e5 f\u00f8r, kan du oppretta ein ved \u00e5 klikka p\u00e5 <em>Register now<\/em>.<br class=\"custom-break\" \/><br class=\"custom-break\" \/>Etter innlogging har du f\u00e5tt oppretta ein DataverseNO-brukarkonto, men du har ikkje arkiveringstilgang enno. Ved \u00e5 fylla ut og senda inn <a href=\"https:\/\/nettskjema.no\/a\/dvnodepositaccess\" target=\"_blank\" rel=\"noopener\">dette skjemaet<\/a> kan du s\u00f8kja om \u00e5 f\u00e5 tildelt arkiveringstilgang. Du vil som regel f\u00e5 eit svar p\u00e5 s\u00f8knaden din i l\u00f8pet av tre arbeidsdagar. Dersom du har sp\u00f8rsm\u00e5l, ta kontakt med DataverseNO-teamet p\u00e5 <a href=\"mailto:support@dataverse.no\">support@dataverse.no<\/a>.<\/li>\n<\/ul>\n<\/div>\n<\/div>\n<br class=\"custom-break\" \/><span class=\"collapseomatic  find-me\" id=\"arkivera-dataa-dine\"  tabindex=\"0\" title=\"Steg 2: Arkivera dataa dine\" data-findme=\"\"   ><strong>Steg 2: Arkivera dataa dine<\/strong><\/span><div id=\"target-arkivera-dataa-dine\" class=\"collapseomatic_content \"><a href=\"https:\/\/site.uit.no\/dataverseno\/nn\/arkivering\/arkiver-dataa-dine\/#arkivera-dataa-dine\"><img decoding=\"async\" class=\"alignleft wp-image-977\" title=\"Bruk denne lenkja n\u00e5r du skal referera til dette avsnittet.\" src=\"https:\/\/site.uit.no\/dataverseno\/wp-content\/uploads\/sites\/314\/2018\/04\/External-link-icon-150x150.png\" alt=\"\" width=\"15\" height=\"15\" srcset=\"https:\/\/site.uit.no\/dataverseno\/wp-content\/uploads\/sites\/314\/2018\/04\/External-link-icon-150x150.png 150w, https:\/\/site.uit.no\/dataverseno\/wp-content\/uploads\/sites\/314\/2018\/04\/External-link-icon.png 225w\" sizes=\"(max-width: 15px) 100vw, 15px\" \/><\/a><br class=\"custom-break\" \/><br class=\"custom-break\" \/><\/p>\n<span class=\"collapseomatic  find-me\" id=\"oppretta-eit-datasettutkast\"  tabindex=\"0\" title=\"Oppretta eit datasettutkast\" data-findme=\"\"   ><strong>Oppretta eit datasettutkast<\/strong><\/span><div id=\"target-oppretta-eit-datasettutkast\" class=\"collapseomatic_content \"><a href=\"https:\/\/site.uit.no\/dataverseno\/nn\/arkivering\/arkiver-dataa-dine\/#oppretta-eit-datasettutkast\"><img decoding=\"async\" class=\"alignleft wp-image-977\" title=\"Bruk denne lenkja n\u00e5r du skal referera til dette avsnittet.\" src=\"https:\/\/site.uit.no\/dataverseno\/wp-content\/uploads\/sites\/314\/2018\/04\/External-link-icon-150x150.png\" alt=\"\" width=\"15\" height=\"15\" srcset=\"https:\/\/site.uit.no\/dataverseno\/wp-content\/uploads\/sites\/314\/2018\/04\/External-link-icon-150x150.png 150w, https:\/\/site.uit.no\/dataverseno\/wp-content\/uploads\/sites\/314\/2018\/04\/External-link-icon.png 225w\" sizes=\"(max-width: 15px) 100vw, 15px\" \/><\/a><br class=\"custom-break\" \/><br class=\"custom-break\" \/><\/p>\n<ul>\n<li>N\u00e5r du har logga inn p\u00e5\u00a0<a href=\"https:\/\/dataverse.no\/\" target=\"_blank\" rel=\"noopener noreferrer\">DataverseNO<\/a>\u00a0(sj\u00e5 steg 1), vel samlinga der du skal arkivera dataa dine:\n<ul>\n<li>Dersom du er tilsett eller student ved (eller p\u00e5 annan m\u00e5te tilknytt) ein DataverseNO-partnarinstitusjon, vel den aktuelle institusjonssamlinga (t.d. UiT-samlinga).<\/li>\n<li>Dersom du er spr\u00e5kvitar\/lingvist og har f\u00e5tt tilgang til TROLLing, s\u00e5 vel du TROLLing (<a href=\"https:\/\/trolling.uit.no\/\" target=\"_blank\" rel=\"noopener\">https:\/\/trolling.uit.no\/<\/a>).<\/li>\n<li>Alle andre brukarar skal velja toppniv\u00e5samlinga (DataverseNO).<\/li>\n<\/ul>\n<\/li>\n<li>N\u00e5r du er i rett samling, kan du oppretta eit datasettutkast ved \u00e5 klikka p\u00e5 <em>Add Data<\/em>-knappen p\u00e5 h\u00f8gresida, og velja <em>New Dataset<\/em>. <em>Add Data<\/em>-knappen er ikkje synleg dersom du ikkje er i rett samling.<\/li>\n<li>Dersom du \u00f8nskjer \u00e5 testa ut arkivering i DataverseNO, kan du bruka sandkassa v\u00e5r p\u00e5 <a href=\"https:\/\/demo.dataverse.no\/\" target=\"_blank\" rel=\"noopener\">demo.dataverse.no<\/a>.<\/li>\n<\/ul>\n<\/div>\n<br class=\"custom-break\" \/><span class=\"collapseomatic  find-me\" id=\"leggja-inn-metadata\"  tabindex=\"0\" title=\"Leggja inn metadata\" data-findme=\"\"   ><strong>Leggja inn metadata<\/strong><\/span><div id=\"target-leggja-inn-metadata\" class=\"collapseomatic_content \"><a href=\"https:\/\/site.uit.no\/dataverseno\/nn\/arkivering\/arkiver-dataa-dine\/#leggja-inn-metadata\"><img decoding=\"async\" class=\"alignleft wp-image-977\" title=\"Bruk denne lenkja n\u00e5r du skal referera til dette avsnittet.\" src=\"https:\/\/site.uit.no\/dataverseno\/wp-content\/uploads\/sites\/314\/2018\/04\/External-link-icon-150x150.png\" alt=\"\" width=\"15\" height=\"15\" srcset=\"https:\/\/site.uit.no\/dataverseno\/wp-content\/uploads\/sites\/314\/2018\/04\/External-link-icon-150x150.png 150w, https:\/\/site.uit.no\/dataverseno\/wp-content\/uploads\/sites\/314\/2018\/04\/External-link-icon.png 225w\" sizes=\"(max-width: 15px) 100vw, 15px\" \/><\/a><\/p>\n<p>N\u00e5r du plasserer mark\u00f8ren over feltnamna, f\u00e5r du opp ein hjelpetekst med meir informasjon om dei ulike metadatafelta. Her er ei kort oversikt over nokre av felta:<\/p>\n<ul>\n<li><strong>Title:<\/strong>\n<ul>\n<li>Legg inn eit namn p\u00e5 datasettet ditt.<\/li>\n<li>Dersom data er brukt i ein publikasjon, kan du bruka tittelen p\u00e5 publikasjonen, og klikka p\u00e5 <em>Add \u201cReplication Data for\u201d to Title<\/em>. I staden for &#8220;Replication Data for: &#8221; kan du ogs\u00e5 bruka &#8220;Background Data for: &#8220;, &#8220;Supporting Data for: &#8221; eller eit liknande tillegg.<\/li>\n<\/ul>\n<\/li>\n<li><strong>Author<\/strong>:\n<ul>\n<li>I feltet <em>Name<\/em> kan du leita opp namn p\u00e5 forfattar gjennom oppkopling til Open Researcher and Contributor ID (ORCID). Skriv inn \/ Start \u00e5 skriva inn namnet (minst tre bokstavar), og vel rett forfattar fr\u00e5 resultatlista. Dersom namnet ikkje dukkar opp med ein tilknytt ORCID, tilr\u00e5r vi at du opprettar ein <a href=\"https:\/\/support.orcid.org\/hc\/en-us\/articles\/360006897454-How-do-I-register-for-an-ORCID-ID\" target=\"_blank\" rel=\"noopener\">ORCID<\/a>. Dersom namnet dukkar opp med ein tilknytt ORCID, men namneforma ikkje er korrekt eller slik du vil den skal vera, tilr\u00e5r vi at du oppdaterer namnet p\u00e5 ORCID-profilen din. N\u00e5r du har oppretta eller oppdatert ORCID-en din, kan du p\u00e5 nytt leita opp namnet ditt i feltet <em>Author &#8211; Name<\/em>. Dersom du ikkje \u00f8nskjer \u00e5 bruka ORCID, kan du leggja inn namnet manuelt. Det gjer du ved \u00e5 skriva inn heile namnet i invertert form, t.d. &#8220;Einstein, Albert&#8221;, og s\u00e5 vel du dette namnet slik det dukkar opp \u00f8vst p\u00e5 resultatlista, rett under s\u00f8kjefeltet.<\/li>\n<li>I feltet <em>Affiliation<\/em> kan du leita opp namnet p\u00e5 institusjonen din gjennom oppkopling til Research Organization Registry (ROR). Dersom namnet p\u00e5 institusjonen din ikkje dukkar opp med ein tilknytt ROR-ID, tilr\u00e5r vi at du ber institusjonen din om \u00e5 oppretta ein slik ID. Dersom namnet dukkar opp med ein tilknytt ROD-ID, men namneforma ikkje er korrekt, tilr\u00e5r vi at du ber institusjonen din om \u00e5 oppdatera <a href=\"https:\/\/ror.org\/registry\/\" target=\"_blank\" rel=\"noopener\">ROR-innf\u00f8rsla<\/a>. Alternativt kan du leggja inn namnet manuelt. Det gjer du ved \u00e5 skriva inn heile namnet, t.d. &#8220;University of Nowhere&#8221;, og s\u00e5 vel du dette namnet slik det dukkar opp \u00f8vst p\u00e5 resultatlista, rett under s\u00f8kjefeltet.<\/li>\n<li>Dersom du har lagt inn forfattarnamn manuelt, tilr\u00e5r vi at du ogs\u00e5 legg inn identifikator manuelt. I s\u00e5 fall vel du rett type i feltet <em>Identifier Type<\/em> (t.d. ORCID), og legg inn identifikatoren i feltet <em>Identifier<\/em>. For ORCID b\u00f8r du leggja inn den fullstendige URL-en, t.d. &#8220;https:\/\/orcid.org\/0000-0001-0002-0003&#8221;.<\/li>\n<\/ul>\n<\/li>\n<li><strong>Contact:<\/strong>\n<ul>\n<li>Legg inn ei kontakt-e-postadresse. Legg ogs\u00e5 inn namnet p\u00e5 kontaktpersonen eller forskingsgruppa\/-institusjonen.<\/li>\n<\/ul>\n<\/li>\n<li><strong>Description:<\/strong>\n<ul>\n<li>Legg inn ein beskrivelse av dataa du skal arkivera. Unng\u00e5 bruk av visse HTML-kodar eller andre spesialteikn (t.d. [ eller ]). Dersom du treng \u00e5 laga mellomrom mellom to avsnitt, kan du leggja til HTML-taggane &lt;p&gt; og &lt;\/p&gt; rundt kvart avsnitt.<\/li>\n<li>Dersom det er relevant, legg inn informasjon om datainnsamling og metode her.<\/li>\n<li>Du kan ogs\u00e5 leggja inn samandraget du har brukt i ein eventuell publikasjon. Dette samandraget skal d\u00e5 leggjast inn i eit separat \u201cDescription\u201d-felt, som du kan f\u00e5 opp ved \u00e5 klikka p\u00e5 plussteiknet p\u00e5 h\u00f8gresida. NB! Dersom artikkelen din er send inn til vurdering, men ikkje har blitt godkjend (enno), s\u00e5 m\u00e5 du IKKJE f\u00f8ra opp namnet p\u00e5 tidsskriftet (eller forlaget).<\/li>\n<\/ul>\n<\/li>\n<li><strong>Keyword:<\/strong>\n<ul>\n<li>Her skal du leggja inn n\u00f8kkelord som beskriv datasettet ditt, som t.d. fagomr\u00e5de (t.d. morphology eller zoology) og statistiske eller andre metodar.<\/li>\n<li>Bruk eit eige felt for kvart n\u00f8kkelord. Klikk p\u00e5 plussteiknet for \u00e5 leggja til fleire n\u00f8kkelord.<\/li>\n<li>Felta Vocabulary og Vocabulary URL er ikkje obligatoriske og kan st\u00e5 tomme.<\/li>\n<\/ul>\n<\/li>\n<li><strong>Related Publication:<\/strong>\n<ul>\n<li>Dersom filene du arkiverer, er grunnlagsdata for ein publikasjon, b\u00f8r du leggja inn ein referanse til publikasjonen her.\n<ul>\n<li>I feltet <em>Relation Type<\/em> vel du <em>Is Supplement To<\/em>.<\/li>\n<li>I feltet <em>Citation<\/em> limer du inn den fullstendige referansen til publikasjonen, inkl. URL-en, som regel heilt til slutt.<\/li>\n<li>I feltet <em>Identifier Type<\/em> vel du kva slags type identifikator publikasjonen har. Ofte vil det vera DOI.<\/li>\n<li>I feltet <em>Identifier<\/em> limer du inn sj\u00f8lve identifikatoren, t.d. &#8220;10.123455\/12345&#8221; (for DOI).<\/li>\n<li>I feltet <em>URL<\/em> limer du inn heile URL til identifikatoren, t.d. &#8220;https:\/\/doi.org\/10.123455\/12345&#8221; (for DOI).<\/li>\n<\/ul>\n<\/li>\n<li><strong>NB!<\/strong> Dersom manuset ditt er sendt inn til vurdering, men ikkje har blitt godkjent enno, s\u00e5 m\u00e5 du IKKJE f\u00f8ra opp namnet p\u00e5 tidsskriftet eller forlaget. I staden kan du berre skriva \u00abSubmitted for review\u00bb eller liknande.<\/li>\n<li><strong>NB!<\/strong> Dersom artikkel- eller bokmanuset\u00a0ditt blir fagfellevurdert i ein s\u00e5kalla &#8220;double-blind review&#8221; (b\u00e5de forfattar og fagfelle er anonyme), s\u00e5 m\u00e5 du leggja inn beskjed om dette i feltet <em>Related Publication<\/em>.\u00a0Dette for at kuratorane skal kunna hjelpa deg \u00e5 anonymisera datasettet.<\/li>\n<li>(N\u00e5r ein legg inn fleire publikasjonar, s\u00e5 vil berre den f\u00f8rste synast p\u00e5 oversiktssida til datasettet. Dersom du ikkje vil framheva berre den eine publikasjonen p\u00e5 denne m\u00e5ten, s\u00e5 kan du leggja inn den f\u00f8lgjande teksten i det f\u00f8rste feltet: &#8220;Click Metadata tab below to see related publication(s).&#8221; Denne teksten vil d\u00e5 vera synleg, og for \u00e5 f\u00e5 sj\u00e5 dei faktiske publikasjonane m\u00e5 brukarar klikka p\u00e5 <em>Metadata<\/em>-fana.)<\/li>\n<\/ul>\n<\/li>\n<li><strong>Depositor og Deposit Date:<\/strong>\n<ul>\n<li>Desse felta er f\u00f8rehandsutfylt, og skal ikkje endrast. <em>Deposit Date<\/em> viser til n\u00e5r datasettet er blitt oppretta i arkivet.<\/li>\n<\/ul>\n<\/li>\n<\/ul>\n<\/div>\n<br class=\"custom-break\" \/><span class=\"collapseomatic  find-me\" id=\"stadfesta-lisens\"  tabindex=\"0\" title=\"Stadfesta\/spesifisera datalisens og kreditering\" data-findme=\"\"   ><strong>Stadfesta\/spesifisera datalisens og kreditering<\/strong><\/span><div id=\"target-stadfesta-lisens\" class=\"collapseomatic_content \"><a href=\"https:\/\/site.uit.no\/dataverseno\/nn\/arkivering\/arkiver-dataa-dine\/#stadfesta-lisens\"><img decoding=\"async\" class=\"alignleft wp-image-977\" title=\"Bruk denne lenkja n\u00e5r du skal referera til dette avsnittet.\" src=\"https:\/\/site.uit.no\/dataverseno\/wp-content\/uploads\/sites\/314\/2018\/04\/External-link-icon-150x150.png\" alt=\"\" width=\"15\" height=\"15\" srcset=\"https:\/\/site.uit.no\/dataverseno\/wp-content\/uploads\/sites\/314\/2018\/04\/External-link-icon-150x150.png 150w, https:\/\/site.uit.no\/dataverseno\/wp-content\/uploads\/sites\/314\/2018\/04\/External-link-icon.png 225w\" sizes=\"(max-width: 15px) 100vw, 15px\" \/><\/a><\/p>\n<p>I <em>Terms<\/em>-fana kan du definera ein lisens eller bruksvilk\u00e5r for datasettet ditt. I tr\u00e5d med dei nasjonale lisensvettreglane (sj\u00e5 side 40 i NFR-utgreiinga <a href=\"https:\/\/www.forskningsradet.no\/siteassets\/publikasjoner\/2021\/hvordan-skal-vi-dele-forskningsdata.v2.pdf\" target=\"_blank\" rel=\"noopener\">Hvordan skal vi dele forskningsdata?<\/a>) tilr\u00e5r vi \u00e5 leggja s\u00e5 f\u00e5 restriksjonar som mogleg p\u00e5 gjenbruk av data. Vil tilr\u00e5r derfor <a href=\"https:\/\/creativecommons.org\/publicdomain\/zero\/1.0\/\" target=\"_blank\" rel=\"noopener\">Creative Commons Zero (CC0)<\/a> som lisens for gjenbruk av data i DataverseNO med mindre du m\u00e5 forholda deg til lisensar eller bruksvilk\u00e5r for kjelder du har brukt som ikkje gjer det mogleg \u00e5 velja CC0 for dine deriverte data. CC0 mogleggjer maksimal gjenbruk og gjev st\u00f8rst synlegheit, men inneber ogs\u00e5 at det ikkje ligg nokon juridiske restriksjonar p\u00e5 gjenbruk av dataa dine. Men som det ogs\u00e5 st\u00e5r i <em>Terms<\/em>-fana, s\u00e5 f\u00f8reset vanleg akademisk skikk og grunnleggjande forskingsetiske prinsipp at bruk av data blir kreditert gjennom tilvising. Dersom CC0-lisensen ikkje passar for dine data, kan du velja ein annan standardlisens fr\u00e5 nedtrekksmenyen i feltet <em>License\/Data Use Agreement<\/em> i <em>Terms<\/em>-fana. Dersom ingen av desse standardslisensane passar for datasettet ditt, ta kontakt med <a href=\"https:\/\/site.uit.no\/dataverseno\/nn\/stotte\/\" target=\"_blank\" rel=\"noopener\">brukarst\u00f8tta<\/a> p\u00e5 institusjonen din.<\/p>\n<\/div>\n<br class=\"custom-break\" \/><span class=\"collapseomatic  find-me\" id=\"lasta-opp-filer\"  tabindex=\"0\" title=\"Lasta opp filer\" data-findme=\"\"   ><strong>Lasta opp filer<\/strong><\/span><div id=\"target-lasta-opp-filer\" class=\"collapseomatic_content \"><a href=\"https:\/\/site.uit.no\/dataverseno\/nn\/arkivering\/arkiver-dataa-dine\/#lasta-opp-filer\"><img decoding=\"async\" class=\"alignleft wp-image-977\" title=\"Bruk denne lenkja n\u00e5r du skal referera til dette avsnittet.\" src=\"https:\/\/site.uit.no\/dataverseno\/wp-content\/uploads\/sites\/314\/2018\/04\/External-link-icon-150x150.png\" alt=\"\" width=\"15\" height=\"15\" srcset=\"https:\/\/site.uit.no\/dataverseno\/wp-content\/uploads\/sites\/314\/2018\/04\/External-link-icon-150x150.png 150w, https:\/\/site.uit.no\/dataverseno\/wp-content\/uploads\/sites\/314\/2018\/04\/External-link-icon.png 225w\" sizes=\"(max-width: 15px) 100vw, 15px\" \/><\/a><br class=\"custom-break\" \/><br class=\"custom-break\" \/><\/p>\n<ul>\n<li>F\u00f8r du lastar opp dataa dine, b\u00f8r du s\u00f8rgja for at du har lagra og dokumentert dei etter beste praksis. Sj\u00e5 avsnittet <em>F\u00f8rebu dataa dine<\/em> i <a href=\"https:\/\/site.uit.no\/dataverseno\/nn\/arkivering\/forebu-dataa-dine\/\" target=\"_blank\" rel=\"noopener noreferrer\">arkiveringsguiden<\/a> v\u00e5r.<\/li>\n<li>Eit datasett m\u00e5 ikkje innehalda meir enn <strong>300 filer<\/strong>. Viss du treng \u00e5 arkivera fleire filer, kan du velja blant desse alternativa:\n<ul>\n<li>Pakka inn filene i \u00e9i eller fleire (maks. 300) pakkefiler.<\/li>\n<li>Dela datasettet opp i fleire (del)datasett.<\/li>\n<\/ul>\n<\/li>\n<li>NB! Dersom datasettet ditt inneheld mange filer, kan det vera lurt at ReadMe-fila hamnar \u00f8vst i lista over filer. For \u00e5 f\u00e5 dette til kan du leggja til eit nulltal i starten av filnamnet, t.d. &#8220;0_ReadMe.txt&#8221;.<\/li>\n<li>Pakkefiler b\u00f8r handterast etter desse tilr\u00e5dingane:\n<ul>\n<li>Bruk berre pakkefiler av typen \/ med filutvidingane .zip eller .tar (ikkje bruk .7z, tar.gz, .rar, osb.).<\/li>\n<li>Det b\u00f8r ikkje vera pakkefiler inni pakkefila.<\/li>\n<li>Ikkje bruk komprimering, men vel &#8220;Lagre&#8221; under &#8220;Kompresjonsniv\u00e5&#8221;.<\/li>\n<li>Filene (inkl. pakkefila) m\u00e5 ikkje vera krypterte.<\/li>\n<\/ul>\n<\/li>\n<li>Det er i utgangspunktet\u00a0<strong>inga \u00f8vre grense<\/strong> for kor <strong>stort<\/strong> eit datasett i DataverseNO kan vera, <strong>men<\/strong> nedanfor er det sett opp nokre r\u00e5d og framgangsm\u00e5tar for \u00e5 handsama store filer.\u00a0F\u00f8lgjande r\u00e5d, grenser og framgangsm\u00e5tar gjeld for enkeltfiler, opplastingar og datasett:\n<ul>\n<li>Storleiken p\u00e5 <strong>individuelle<\/strong> filer <strong>b\u00f8r ikkje overstiga 100 GB<\/strong>. Store filer kan skapa problem for andre n\u00e5r det gjeld nedlasting og gjenbruk av data.<\/li>\n<li><i><\/i>Ei <strong>opplasting<\/strong> av fil(er) <strong>b\u00f8r ikkje overstiga 200 GB<\/strong> av omsyn til problemfri overf\u00f8ring av data.<\/li>\n<\/ul>\n<\/li>\n<li><strong>Dersom du ikkje f\u00e5r lasta opp filene dine etter tilr\u00e5dingane ovanfor, eller dersom datasettet ditt er st\u00f8rre enn 200 GB, ta kontakt med <a href=\"https:\/\/site.uit.no\/dataverseno\/nn\/stotte\/\" target=\"_blank\" rel=\"noopener\">brukarst\u00f8tta<\/a> p\u00e5 institusjonen din for meir informasjon om opplasting.<\/strong><\/li>\n<li>N\u00e5r du er klar til \u00e5 lasta opp filene dine, klikkar du p\u00e5 <em>Files<\/em>-fana, og s\u00e5 p\u00e5 knappen <em>Upload Files<\/em> til h\u00f8gre.<\/li>\n<li>Dersom du berre skal lasta opp <strong>enkeltfiler<\/strong>, klikkar du p\u00e5 knappen <em>Select Files to Add<\/em>, og vel filene p\u00e5 datamaskinen eller serveromr\u00e5det ditt. Du kan velja fleire filer samtidig ved \u00e5 bruka skift + piltastane, eller Ctrl + museklikk. I staden for \u00e5 klikka p\u00e5 <em>Select Files to Add<\/em> kan du \u00f2g dra filene inn p\u00e5 omr\u00e5det der det st\u00e5r <em>Drag and drop files here<\/em>. N\u00e5r du har lasta opp alle filene, klikkar du p\u00e5 <em>Save Dataset<\/em>. D\u00e5 blir datasettet ditt lagra som utkast.<\/li>\n<li>Dersom filene dine er organiserte i <strong>mapper<\/strong> (og undermapper) og du \u00f8nskjer \u00e5 ta vare p\u00e5 denne mappestrukturen i datasettet ditt, s\u00e5 klikkar du p\u00e5 <em>Upload a Folder<\/em>. Deretter klikkar du p\u00e5 <em>Select a Directory<\/em>. Her vel du den mappa som inneheld mappene og filene som du \u00f8nskjer \u00e5 lasta opp. Her er eit eksempel:MyData<br \/>\n|&#8211; Folder01<br \/>\n|&#8211; Folder02<br \/>\n|&#8211; 0_README.txtDersom du \u00f8nskjer \u00e5 lasta opp fila <em>0_README.txt<\/em> og mappene <em>Folder01<\/em>, <em>Folder02<\/em>, som begge inneheld filer, s\u00e5 lastar du opp mappa <em>MyData<\/em>. N\u00e5r du vel denne mappa, vil du i opplastingsvindauget ikkje sj\u00e5 noko innhald. Det \u00f8vste niv\u00e5et i mappa, dvs. mappenamnet <em>MyData<\/em>, vil ikkje bli lasta opp\/reflektert i datasettet, berre det som er inni mappa. I eksempelet ovanfor vil alts\u00e5 datasettet ditt i DataverseNO sj\u00e5 slik ut etter opplasting:|&#8211; Folder01<br \/>\n|&#8211; Folder02<br \/>\n|&#8211; 0_README.txtN\u00e5r du har valt rett mappe, stadfest opplastinga ved \u00e5 klikka p\u00e5 <em>Last opp \/ Upload<\/em>. Filene blir d\u00e5 lista opp, og dersom det ser greitt ut, klikkar du p\u00e5 <em>Start Uploads<\/em>.<strong>NB!<\/strong> Dersom du lastar opp store filer, kan opplastinga ta lang tid. Ikkje lukk opplastingsvindauget f\u00f8r du f\u00e5r opp f\u00f8lgjande stadfesting p\u00e5 gr\u00f8n bakgrunn: \u00abUpload complete, all files in dataset. Close this window and refresh your dataset page to see the uploaded files.\u00bb.<\/li>\n<li><strong>NB!<\/strong> Dersom du har lasta opp ei mappe for \u00e5 ta vare p\u00e5 mappestrukturen i datasettet ditt, s\u00e5 m\u00e5 du velja <em>Tree View<\/em>\u00a0for sj\u00e5 mappestrukturen: Klikk p\u00e5 knappen <em>Tree<\/em> til h\u00f8gre for <em>Change View<\/em>\u00a0p\u00e5 toppen av filoversikta.<\/li>\n<\/ul>\n<\/div>\n<br class=\"custom-break\" \/><span class=\"collapseomatic  find-me\" id=\"leggja-inn-meir-metadata\"  tabindex=\"0\" title=\"Leggja inn meir metadata\" data-findme=\"\"   ><strong>Leggja inn meir metadata<\/strong><\/span><div id=\"target-leggja-inn-meir-metadata\" class=\"collapseomatic_content \"><a href=\"https:\/\/site.uit.no\/dataverseno\/nn\/arkivering\/arkiver-dataa-dine\/#leggja-inn-meir-metadata\"><img decoding=\"async\" class=\"alignleft wp-image-977\" title=\"Bruk denne lenkja n\u00e5r du skal referera til dette avsnittet.\" src=\"https:\/\/site.uit.no\/dataverseno\/wp-content\/uploads\/sites\/314\/2018\/04\/External-link-icon-150x150.png\" alt=\"\" width=\"15\" height=\"15\" srcset=\"https:\/\/site.uit.no\/dataverseno\/wp-content\/uploads\/sites\/314\/2018\/04\/External-link-icon-150x150.png 150w, https:\/\/site.uit.no\/dataverseno\/wp-content\/uploads\/sites\/314\/2018\/04\/External-link-icon.png 225w\" sizes=\"(max-width: 15px) 100vw, 15px\" \/><\/a><\/p>\n<p>Etter at du har oppretta eit datasettutkast, tilr\u00e5r vi at du legg inn meir informasjon om datasettet. Det vil auka sjansen for at andre gjenfinn dataa dine, og kan tolka og gjenbruka dei p\u00e5 rett m\u00e5te.<\/p>\n<p>Vel Metadata-fana, og klikk p\u00e5 <em>Add + Edit Metadata<\/em>-knappen. I den grad det er relevant, tilr\u00e5r vi at du legg inn informasjon i felta nedanfor. N\u00e5r du er ferdig, klikkar du p\u00e5 <em>Save Changes<\/em>-knappen p\u00e5 botnen av sida.<\/p>\n<p><strong>CITATION METADATA<\/strong><\/p>\n<ul>\n<li><strong>Language:<\/strong>\n<ul>\n<li>Her vel du spr\u00e5ket du har brukt til \u00e5 beskriva dataa dine. Ofte vil det vera engelsk.<\/li>\n<\/ul>\n<\/li>\n<li><strong>Contributor:<\/strong>\n<ul>\n<li>Her b\u00f8r du kreditera dei som har bidrege til datasettet, ogs\u00e5 dei som ikkje skal st\u00e5 som forfattarar. I feltet <em>Type<\/em> kan du velja kva slags rolle dei har hatt (t.d. Data Collector).<\/li>\n<\/ul>\n<\/li>\n<li><strong>Grant Information:<\/strong>\n<ul>\n<li>NB! Viktig \u00e5 leggja inn informasjon om eventuell finansiering. Bruk fullt namn p\u00e5 finansi\u00f8r, t.d. \u00abThe Research Council of Norway\u00bb.<\/li>\n<\/ul>\n<\/li>\n<li><strong>Time Period Covered:<\/strong>\n<ul>\n<li>Kva tidsperiode er dataa ifr\u00e5 eller handlar om?<\/li>\n<\/ul>\n<\/li>\n<li><strong>Date of Collection:<\/strong>\n<ul>\n<li>N\u00e5r er dataa blitt samla inn \/ genererte?<\/li>\n<\/ul>\n<\/li>\n<li><strong>Data Type:<\/strong>\n<ul>\n<li>Kva slags data er det? Hald musepeikaren over sp\u00f8rjeteiknet til h\u00f8gre for feltnamnet, s\u00e5 f\u00e5r du opp nokre forslag, t.d. survey data, experimental data, observation data.<\/li>\n<\/ul>\n<\/li>\n<li><strong>Related Material:<\/strong>\n<ul>\n<li>Materiale som er relatert til datasettet.<\/li>\n<\/ul>\n<\/li>\n<li><strong>Related Datasets:<\/strong>\n<ul>\n<li>Andre datasett som er relaterte til datasettet. Det kan vera dine eigne eller andre sine datasett. Dersom tilgjengeleg, bruk full referanse, inkl. persistent identifikator (t.d. DOI).<\/li>\n<\/ul>\n<\/li>\n<li><strong>Data Sources:<\/strong>\n<ul>\n<li>Dersom du ikkje sj\u00f8lv har generert eller samla inn dataa, legg inn informasjon om kjeldene dine her. Det kan t.d. vera eit arkiv, eit korpus eller ei nettside der du har lasta ned dataa. Skriv ogs\u00e5 kva lisens eller bruksvilk\u00e5r som gjeld for dei brukte kjeldene. Kuratoren p\u00e5 institusjonen din kan hjelpa deg med dette.<\/li>\n<\/ul>\n<\/li>\n<\/ul>\n<p><strong>GEOSPATIAL METADATA<\/strong><\/p>\n<p>Mange datasett er relaterte til ein eller fleire geografiske stader. Dersom du legg inn geografisk informasjon i dette avsnittet, s\u00e5 vil det gjera datasettet ditt meir synleg i s\u00f8kjetenester som har ein geografisk inngang, t.d. basert p\u00e5 kart. Du kan spesifisera ein geografisk stad under <strong><em>Geographic Coverage<\/em><\/strong>, og\/eller leggja inn koordinatar under <strong><em>Geographic Bounding Box<\/em><\/strong>. Dersom du legg inn koordinatar i Geographic Bounding Box, m\u00e5 du fylla ut alle fire felt. Eit geografisk punkt har same verdien for West Longitude og East Longitude, og same verdien for North Latitude og South Latitude. Ein boks derimot har fire ulike verdiar i desse felta. Verdiane m\u00e5 spesifiserast som desimalgradar. Til d\u00f8mes har fastlands-Noreg desse verdiane: West Longitude: 4.09; East Longitude: 31.76; North Latitude: 71.38; South Latitude: 57.76. NB! Bruk punktum (&#8220;.&#8221;) som desimalteikn, ikkje komma. Verdien for West Longitude m\u00e5 vera mindre enn verdien for East Longitude. Verdien for South Latitude m\u00e5 vera mindre enn verdien for North Latitude.<\/p>\n<p><strong>FAGSPESIFIKK METADATA<\/strong><\/p>\n<p>I tillegg oppfordrar vi ogs\u00e5 til \u00e5 leggja inn fagspesifikke metadata der det er aktuelt. Per i dag finst det tre fagspesifikke metadataskjema i DataverseNO:<\/p>\n<ul>\n<li>Social Science and Humanities Metadata<\/li>\n<li>Astronomy and Astrophysics Metadata<\/li>\n<li>Life Sciences Metadata<\/li>\n<li>3D Objects Metadata<\/li>\n<\/ul>\n<\/div><br class=\"custom-break\" \/><span class=\"collapseomatic  find-me\" id=\"spesifisera-filembargo\"  tabindex=\"0\" title=\"(Dersom n\u00f8dvendig, spesifisera filembargo)\" data-findme=\"\"   ><strong>(Dersom n\u00f8dvendig, spesifisera filembargo)<\/strong><\/span><div id=\"target-spesifisera-filembargo\" class=\"collapseomatic_content \"><a href=\"https:\/\/site.uit.no\/dataverseno\/nn\/arkivering\/arkiver-dataa-dine\/#spesifisera-filembargo\"><img decoding=\"async\" class=\"alignleft wp-image-977\" title=\"Bruk denne lenkja n\u00e5r du skal referera til dette avsnittet.\" src=\"https:\/\/site.uit.no\/dataverseno\/wp-content\/uploads\/sites\/314\/2018\/04\/External-link-icon-150x150.png\" alt=\"\" width=\"15\" height=\"15\" srcset=\"https:\/\/site.uit.no\/dataverseno\/wp-content\/uploads\/sites\/314\/2018\/04\/External-link-icon-150x150.png 150w, https:\/\/site.uit.no\/dataverseno\/wp-content\/uploads\/sites\/314\/2018\/04\/External-link-icon.png 225w\" sizes=\"(max-width: 15px) 100vw, 15px\" \/><\/a><\/p>\n<p>DataverseNO er eit ope dataarkiv, noko som inneber at alle opplasta filer m\u00e5 vera offentleg tilgjengelege. Dersom det finst gode grunnar, kan du likevel avgrensa tilgangen til filer (med unntak av README-fila) i inntil to \u00e5r ved \u00e5 bruka ein embargo. I embargo\u00adperioden vil dei embargo\u00adlagde filene ikkje vera tilgjengelege, men metadata om datasettet og README-fila vil framleis vera synlege og tilgjengelege. Embargoar g\u00e5r automatisk ut p\u00e5 den fastsette sluttdatoen, og etter dette vil filene bli ope tilgjengelege.<\/p>\n<p><strong>Merk:<\/strong> Embargoar skal <strong>ikkje<\/strong> brukast for \u00e5 avgrensa tilgangen til eit datasett som er knytt til ein publikasjon under fagfellevurdering. I staden tilr\u00e5r vi \u00e5 samordna publiseringa av datasettet med publiseringa av artikkelen. I slike tilfelle m\u00e5 alle steg i arkiveringa og kurateringsprosessen vera fullf\u00f8rte p\u00e5 f\u00f8rehand, slik at datasettet er i tr\u00e5d med retningslinene v\u00e5re og klart for publisering. Dersom fagfellar i samband med vurderinga av publikasjonen treng tilgang til datasettet, ber vi deg om leggja inn ein merknad om dette i feltet <em>Related Publication<\/em>, slik at det lokale kurateringsteamet kan oppretta ein <em>preview URL<\/em> til datasettet.<\/p>\n<p>For \u00e5 leggja embargo p\u00e5 filer, f\u00f8lg desse stega:<\/p>\n<ul>\n<li>Last opp fila (sj\u00e5 steget <em>Lasta opp filer<\/em> ovanfor).<\/li>\n<li>Vel fila ved \u00e5 kryssa av i boksen til venstre for filnamnet.<\/li>\n<li>Klikk p\u00e5 knappen <em>Edit files<\/em> ovanfor filseksjonen til h\u00f8gre, og vel <em>Embargo<\/em>.<\/li>\n<li>Bruk kalenderen til \u00e5 velja sluttdato for embargoen. Maksimal varigheit for ein embargo er to \u00e5r.<\/li>\n<li>Skriv inn ei kort grunngjeving for korfor embargoen er n\u00f8dvendig.<\/li>\n<li>Ver merksam p\u00e5 at filer berre kan embargoleggjast <strong>f\u00f8r<\/strong> dei er publiserte.<\/li>\n<\/ul>\n<p>Ein embargo er i praksis ein lovnad om \u00e5 gjere dataa opne etter eit fastsett tidspunkt. Derfor kan ikkje brukarar endra lengda p\u00e5 embargoen sj\u00f8lve etter at datasettet er publisert. Ta kontakt med<a href=\"https:\/\/site.uit.no\/dataverseno\/nn\/stotte\/\" target=\"_blank\" rel=\"noopener noreferrer\"> forskarst\u00f8tta<\/a> p\u00e5 institusjonen din for \u00e5 retta opp feil eller for \u00e5 avslutta ein embargo f\u00f8r tida.<\/p>\n<\/div>\n<\/div>\n<br class=\"custom-break\" \/><span class=\"collapseomatic  find-me\" id=\"fa-dataa-dine-publisert\"  tabindex=\"0\" title=\"Steg 3: F\u00e5 dataa dine publisert\" data-findme=\"\"   ><strong>Steg 3: F\u00e5 dataa dine publisert<\/strong><\/span><div id=\"target-fa-dataa-dine-publisert\" class=\"collapseomatic_content \"><a href=\"https:\/\/site.uit.no\/dataverseno\/nn\/arkivering\/arkiver-dataa-dine\/#fa-dataa-dine-publisert\"><img decoding=\"async\" class=\"alignleft wp-image-977\" title=\"Bruk denne lenkja n\u00e5r du skal referera til dette avsnittet.\" src=\"https:\/\/site.uit.no\/dataverseno\/wp-content\/uploads\/sites\/314\/2018\/04\/External-link-icon-150x150.png\" alt=\"\" width=\"15\" height=\"15\" srcset=\"https:\/\/site.uit.no\/dataverseno\/wp-content\/uploads\/sites\/314\/2018\/04\/External-link-icon-150x150.png 150w, https:\/\/site.uit.no\/dataverseno\/wp-content\/uploads\/sites\/314\/2018\/04\/External-link-icon.png 225w\" sizes=\"(max-width: 15px) 100vw, 15px\" \/><\/a><br class=\"custom-break\" \/><br class=\"custom-break\" \/><\/p>\n<ul>\n<li>Datasettet er framleis berre eit utkast, og du kan framleis endra eller sletta det. Dersom du \u00f8nskjer \u00e5 gje nokon (t.d. ein samarbeidspartnar eller ein tidsskriftredakt\u00f8r) tilgang til datasettet f\u00f8r det er publisert, ta kontakt med <a href=\"https:\/\/site.uit.no\/dataverseno\/nn\/stotte\/\" target=\"_blank\" rel=\"noopener\">brukarst\u00f8tta<\/a> p\u00e5 institusjonen din. Sj\u00f8lv om datasettet er p\u00e5 utkaststadiet, s\u00e5 har det f\u00e5tt ein gyldig DOI, som vil vera den same ogs\u00e5 n\u00e5r datasettet til slutt blir publisert, men DOI-en vil ikkje bli aktivert og fungera f\u00f8r etter at datasettet er publisert. <strong>NB!<\/strong> Dersom det etter kurateringa (sj\u00e5 nedanfor) viser seg at datasettet ikkje kan publiserast i DataverseNO, s\u00e5 vil datasettutkastet bli sletta og DOI-en vil aldri bli aktivert. <strong>Derfor er det viktig at du ikkje bruker datasettreferansen f\u00f8r datasettet er ferdig kuratert og godkjent for publisering i DataverseNO<\/strong>. Meir informasjon om sitering av forskingsdata finn du i avsnittet <a href=\"https:\/\/site.uit.no\/dataverseno\/nn\/arkivering\/referer-til-dataa-dine\/\" target=\"_blank\" rel=\"noopener\"><em>Referer til dataa dine<\/em><\/a>.<\/li>\n<li>N\u00e5r du har lagt inn alle n\u00f8dvendige metadataa og lasta opp alle n\u00f8dvendige filene og er klar til \u00e5 f\u00e5 datasettet publisert, s\u00e5 klikkar du p\u00e5 <em>Submit for Review<\/em>-knappen. Du f\u00e5r d\u00e5 ei stadfesting fr\u00e5 DataverseNO om at datasettet er blitt sendt inn til vurdering.<\/li>\n<li>N\u00e5r ein kurator fr\u00e5 institusjonssamlinga di har g\u00e5tt gjennom datasettet, f\u00e5r du beskjed om det eventuelt m\u00e5 gjerast endringar f\u00f8r det kan publiserast. N\u00e5r datasettet er godkjent og du har gjeve klarsignal til kurator, vil det bli publisert av kurator, og det vil bli ope tilgjengeleg og s\u00f8kbart p\u00e5 nettet.<\/li>\n<\/ul>\n<\/div>\n<br class=\"custom-break\" \/><span class=\"collapseomatic  find-me\" id=\"referer-til-dataa-dine\"  tabindex=\"0\" title=\"Steg 4: Referer til dataa dine\" data-findme=\"\"   ><strong>Steg 4: Referer til dataa dine<\/strong><\/span><div id=\"target-referer-til-dataa-dine\" class=\"collapseomatic_content \"><a href=\"https:\/\/site.uit.no\/dataverseno\/nn\/arkivering\/arkiver-dataa-dine\/#referer-til-dataa-dine\"><img decoding=\"async\" class=\"alignleft wp-image-977\" title=\"Bruk denne lenkja n\u00e5r du skal referera til dette avsnittet.\" src=\"https:\/\/site.uit.no\/dataverseno\/wp-content\/uploads\/sites\/314\/2018\/04\/External-link-icon-150x150.png\" alt=\"\" width=\"15\" height=\"15\" srcset=\"https:\/\/site.uit.no\/dataverseno\/wp-content\/uploads\/sites\/314\/2018\/04\/External-link-icon-150x150.png 150w, https:\/\/site.uit.no\/dataverseno\/wp-content\/uploads\/sites\/314\/2018\/04\/External-link-icon.png 225w\" sizes=\"(max-width: 15px) 100vw, 15px\" \/><\/a><br class=\"custom-break\" \/><br class=\"custom-break\" \/><\/p>\n<ul>\n<li>N\u00e5r du har arkivert og publisert dataa dine, kan du og andre referera til dei. Meir informasjon om referering finn du <a href=\"https:\/\/site.uit.no\/dataverseno\/nn\/arkivering\/referer-til-dataa-dine\/\" target=\"_blank\" rel=\"noopener\">her<\/a>.<\/li>\n<\/ul>\n<\/div>\n<br class=\"custom-break\" \/><span class=\"collapseomatic  find-me\" id=\"revider-dataa-dine\"  tabindex=\"0\" title=\"(Steg 5: Revider dataa dine)\" data-findme=\"\"   ><strong>(Steg 5: Revider dataa dine)<\/strong><\/span><div id=\"target-revider-dataa-dine\" class=\"collapseomatic_content \"><a href=\"https:\/\/site.uit.no\/dataverseno\/nn\/arkivering\/arkiver-dataa-dine\/#revider-dataa-dine\"><img decoding=\"async\" class=\"alignleft wp-image-977\" title=\"Bruk denne lenkja n\u00e5r du skal referera til dette avsnittet.\" src=\"https:\/\/site.uit.no\/dataverseno\/wp-content\/uploads\/sites\/314\/2018\/04\/External-link-icon-150x150.png\" alt=\"\" width=\"15\" height=\"15\" srcset=\"https:\/\/site.uit.no\/dataverseno\/wp-content\/uploads\/sites\/314\/2018\/04\/External-link-icon-150x150.png 150w, https:\/\/site.uit.no\/dataverseno\/wp-content\/uploads\/sites\/314\/2018\/04\/External-link-icon.png 225w\" sizes=\"(max-width: 15px) 100vw, 15px\" \/><\/a><br class=\"custom-break\" \/><br class=\"custom-break\" \/><\/p>\n<ul>\n<li>Det er mogleg \u00e5 revidera eit datasett etter at det er publisert; s\u00e5kalla versjonering. Meir informasjon om versjonering finn du <a href=\"https:\/\/site.uit.no\/dataverseno\/nn\/arkivering\/revider-dataa-dine\/\" target=\"_blank\" rel=\"noopener\">her<\/a>.<\/li>\n<\/ul>\n<\/div>\n<p><br class=\"custom-break\" \/><br class=\"custom-break\" \/>For sp\u00f8rsm\u00e5l, kommentarar eller innspel sj\u00e5 informasjonssidene til <a href=\"https:\/\/site.uit.no\/dataverseno\/nn\/stotte\/\" target=\"_blank\" rel=\"noopener noreferrer\">forskarst\u00f8tta<\/a>\u00a0p\u00e5 institusjonen din.<\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"<p>F\u00f8r du arkiverer dataa dine i DataverseNO (inkl. dei ulike samlingane, t.d. UiT-samlinga, TROLLing, osb.), tilr\u00e5r vi at du les den f\u00f8lgjande rettleiinga p\u00e5 korleis ein opprettar eit datasett og lastar opp data til arkivet. For meir informasjon om forskingsdatahandtering &hellip; <a href=\"https:\/\/site.uit.no\/dataverseno\/nn\/arkivering\/arkiver-dataa-dine\/\">Continue reading <span class=\"meta-nav\">&rarr;<\/span><\/a><\/p>\n","protected":false},"author":425,"featured_media":0,"parent":376,"menu_order":1,"comment_status":"closed","ping_status":"closed","template":"","meta":{"footnotes":""},"class_list":["post-380","page","type-page","status-publish","hentry"],"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/site.uit.no\/dataverseno\/wp-json\/wp\/v2\/pages\/380","targetHints":{"allow":["GET"]}}],"collection":[{"href":"https:\/\/site.uit.no\/dataverseno\/wp-json\/wp\/v2\/pages"}],"about":[{"href":"https:\/\/site.uit.no\/dataverseno\/wp-json\/wp\/v2\/types\/page"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/site.uit.no\/dataverseno\/wp-json\/wp\/v2\/users\/425"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/site.uit.no\/dataverseno\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=380"}],"version-history":[{"count":2,"href":"https:\/\/site.uit.no\/dataverseno\/wp-json\/wp\/v2\/pages\/380\/revisions"}],"predecessor-version":[{"id":3950,"href":"https:\/\/site.uit.no\/dataverseno\/wp-json\/wp\/v2\/pages\/380\/revisions\/3950"}],"up":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/site.uit.no\/dataverseno\/wp-json\/wp\/v2\/pages\/376"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/site.uit.no\/dataverseno\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=380"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}