Vi held på å lage ein struktur for undervisninga i nettkurset til hausten. For å hjelpe studentane til å arbeide gjamnt med studiet legger vi opp til 12 ulike tema kurset. Studentane bør bruke ca ei veke på kvart tema, for å halde tidsskjemaet fram mot dei to ulike eksamenane. Vi tenker at for kvart tema bør studentane gjere følgjande:
- Studere læringsinnhald: Lese pensum, sjå vidoer, utforske animasjoner og simuleringer og prøve seg på nokre oppgåver
- Delta på nettmøtet. Her blir det oppsummeringar, oppklaringar og svar på spørsmål. I forkant av nettmøtet bør studetane ha svart på ein førtest.
- Arbeide vidare med oppgåver og ta ein sjølvtest.
Totalt vil dette utgjere ein læringssti, som studetane blir guida igjennom i LMS’en vår. Vår filosofi er at studetane skal få mulighet til å få raske tilbakemeldinger på sitt læringsarbeid (gjennom førtest, nettmøter og sjølvtester) og bli tildelt dedikert læringsmateriale. Det blir spennande å teste ut korleis dette fungerer i praksis!
Har du andre ideer? Kommenter gjerne!
Her er eit eksempel på vår foreløpige læringssti for tema 1 i LMS’en Canvas.