Rss

Alle Imladris-arrangement er utsett inntil vidare

NRKs oversikt per 27. mars 2020 over hvem som kan gjøre hva under koronapandemien.

NRK si oversikt per 27. mars 2020 over kven som kan gjere kva under koronapandemien. Grafikken er stole – som ein ekte snotling – frå NRK si nettside.

Etter ein samtale med UiT i dag, har styret kommet fram til at det er best å utsetje CONcil of Elrond og andre arrangement inntil vidare. UiT opplyser dette:

  • Det er feil at universitetet blir stengt fram til hausten; universitetet har derimot planar om å gjennomføre all eksamen som kan bli gjennomført som heimeeksamen på slik måte.
  • UiT kjem etter alle solemerke til å opne campus att etter påska.
  • Sjølv om campus blir opna, rådar dei alle til å unngå store folkesamlingar.
  • UiT rådar oss til å utsetje større arrangement inntil me veit meir, og viser til råd fra Folkehelseinstituttet.

Dette betyr at Imladris i fyrste omgang kjem til å utsetje alle arrangement inntil vidare, herunder CONcil of Elrond, Påskeladris, kanskje Verdens brettspilldag, og dessutan den komande miniatyrspillturneringa The Golden Snotling. Magic: the Gathering-draftane som har brukt å bli køyrde på fredagane blir også utsatt på same måte, inntil me finn ein måte desse kan blir gjennomført på utan å føre til smittespreiing.

Styret har tatt denne avgjeringa for å bidra til å ta vare på alle si liv og helse, og ikkje minst familie og slektningar til medlemmane. Til no er 3 703 smitta i Noreg og 19 daude; det tyder at omkring ein halv prosent har mista livet. Skulle alle på Imladris bli smitta, vil det seie at eitt til to medlem står i fare for å døy. Det har me ikkje råd til.

Oppdatert informasjon om kampen mot pandemien er her:

Del dette
Share

Comments are closed.