Etter ein samtale med UiT i dag, har styret kommet fram til at det er best å utsetje CONcil of Elrond og andre arrangement inntil vidare. UiT opplyser dette:
- Det er feil at universitetet blir stengt fram til hausten; universitetet har derimot planar om å gjennomføre all eksamen som kan bli gjennomført som heimeeksamen på slik måte.
- UiT kjem etter alle solemerke til å opne campus att etter påska.
- Sjølv om campus blir opna, rådar dei alle til å unngå store folkesamlingar.
- UiT rådar oss til å utsetje større arrangement inntil me veit meir, og viser til råd fra Folkehelseinstituttet.
Dette betyr at Imladris i fyrste omgang kjem til å utsetje alle arrangement inntil vidare, herunder CONcil of Elrond, Påskeladris, kanskje Verdens brettspilldag, og dessutan den komande miniatyrspillturneringa The Golden Snotling. Magic: the Gathering-draftane som har brukt å bli køyrde på fredagane blir også utsatt på same måte, inntil me finn ein måte desse kan blir gjennomført på utan å føre til smittespreiing.
Styret har tatt denne avgjeringa for å bidra til å ta vare på alle si liv og helse, og ikkje minst familie og slektningar til medlemmane. Til no er 3 703 smitta i Noreg og 19 daude; det tyder at omkring ein halv prosent har mista livet. Skulle alle på Imladris bli smitta, vil det seie at eitt til to medlem står i fare for å døy. Det har me ikkje råd til.
Oppdatert informasjon om kampen mot pandemien er her: