Rus i kunsten – kunst i rusen

Kan det tenkjast at kunstnarar kjenner seg roligare og tør tenkje friare under påverknad av rus enn i edru tilstand? Er tilstanden naudsynt i utarbeidinga av dei store kunstverka? Kan ein skape den store kunsten i påverka tilstand?

Skrevet av: Bjarne Isaksen

560px-Edgar_Degas_-_In_a_Café_-_Google_Art_Project_2

Edgar Degas: «L’Absinthe» (1893)

Det å skulle prestera innan kunstverda kan for mange vere særs krevjande fysisk og psykisk. Som kunstnar er ein gjerne på jakt etter nye uttrykk og nye idear som ein kan nytte i arbeida sine. Jakta på dei nye ideane og den grenseoverskridande kreativiteten, kan ha bidrege til at mange kunstnarar opp gjennom historia har nytta ulike narkotiske stoff i sitt verke. Også i dag er det dei som meiner at den ekte kreativiteten kjem til ein mykje lettare gjennom sentralstimulerande middel og alkohol, fordi stoffa aukar medvita og hjelper ein med å nå dei djupare laga av kjensler.

I mange biografiar om kjende kunstnarar er rus og rusmiddel sentralt, både som tema i kunsten og i livet deira, som hjå Oscar Wilde, Charles-Pierre Baudelaire, Vincent van Gogh, Hector Berlioz og Jean Cocteau. I nokre tilfelle er ikkje bruken av narkotika og alkohol berre eit bitema, men knytt direkte til suksessen deira, slik som hjå Ernest Hemingway (alkohol), Edgar Allan Poe (opium) og Andy Warhol (alkohol), underforstått at utan denne ytre påverknaden kunne ikkje kunsten deira ha oppstått.

 

Det er mange stoff som litteraturen omtalar i samband med skaping og utøving av kunstnarleg verksemd, som til dømes heroin, betablokk, valium og alkohol. I denne artikkelen vil eg derimot fokusera på absint, opium og LSD/syre, og sjå på korleis dei har vore nytta som tema i kunstverk og som middel i kunstnarliv. Eg vil mot slutten av artikkelen drøfte om bruken av rusmiddel er til hjelp for å nå den ekte kreativiteten eller om det er andre grunnar som ligg bak bruken av rus.

 

Absinten – den grøne feen

«After the first glass of absinthe you see things as you wish they were. After the second you see them as they are not. Finally you see things as they really are, and that is the most horrible thing in the world» (Oscar Wilde)

Pablo_Picasso,_1901-02,_Femme_au_café_(Absinthe_Drinker),_oil_on_canvas,_73_x_54_cm,_Hermitage_Museum,_Saint_Petersburg,_Russia

Pablo Picassos «Kvinne som drikker absinth» (1901)
Kilde: Wikipedia

Absint er eit sveitsisk, sterkt urtebrennevin med anissmak som inneheld malurt (Artemisia absinthium) og tujon. Brennevinet blir ofte omtala som la fée verte (den grøne fe) på grunn av fargen og dei psykoaktive effektane det har. Brennevinet er nok mest kjend fordi det kom til å ha høg status blant kunstnarar, bohemar og intellektuelle i Frankrike seint på 1800-talet og i byrjinga på 1900-talet. Mytane rundt absinten og verknadene har vore påtakeleg i moderne litteratur, biletkunst, musikk og film, slik som Edgar Degas’ bilete L’Absinthe (1876), Pablo Picassos Kvinne som drikker absinth (1901), filmen Moulin Rouge (2001), for ikkje å snakke om Marilyn Manson som både har lovprist drikken i musikken sin og har utvikla sitt eige absintmerke, Mansinthe.

 

Mange kunstnarar i Frankrike på slutten av 1800-talet er kjende for å drikke absint og dei nytta òg absint som tema i kunsten sin, til dømes Emile Zola, Vincent van Gogh og Paul Verlaine. Vincent van Gogh er ein av dei som målbar synet om absint som ei sterk psykoaktiv kraft som fremja kunstskapinga, noko som kan ha inspirert seinare kunstnarar som Pablo Picasso og August Strindberg. Den populære drikken bland kunstnarane var ikkje ufarleg, men ein kan spørje seg om det er drikken i seg sjølv som var skadeleg, eller om det var det enorme forbruket. Det kan kanskje vere grunn til å tru at det er kombinasjonen av stoff og mengde som er problemet.

 

Opium – God’s medicine

«Alt vi gjer i livet, til og med kjærleiken, skjer i eit hurtigtog som rasar mot døden. Å røyke opium er å trø av toget i fart. Det handlar om å tenkje på andre
ting enn liv og død.»

(Jean Cocteau; oversatt til norsk av artikkelforfattaren).

Bruken av opium blant kunstnarar på 1800-talet må ein sjå i kontekst både med oppdaginga av mennesket si umedvetne side, utviklinga av psykiatrisk medisin og kunsten elles. Det umedvetne har vore eit sentralt element i mange kunstretningar, slik som i romantikken og surrealismen. Opium blei av mange sett på som døropnaren til si eiga umedvetne og underliggjande verd. Ideen var at røynda er filtrert gjennom kunstnaren sitt intellekt, og for å utvida intellektet og perspektiva, kan opium bidra til fuelling (eller oil-ing) av kunstnaren sin kreativitet.

Ein av dei mest kjende opiumsbrukande kunstnarane var den engelske poeten og filosofen Samuel Taylor Coleridge (1772–1834). Ifølgje kjeldene nytta han opium til ulike føremål, som roande, som antidepressiva og som generelt helsefremjande.

Eit kjend døme frå musikken si verd er Hector Berlioz og Symphonie Fantastique frå 1830 med undertittelen Épisode de la vie d’un artiste (Episodar frå eit kunstnarliv). Ryktet vil ha det til at det òg er skapt i opiumsrus av ein ung, forelska komponist. Den unge Berlioz opplevde den britiske skodespelarinna Harriet Smithson som Ophelia i Hamlet, og blei fullstendig bergteken. Ho blei hans romantiske ideal og i si fortvilte kjærleik skal han, fordi ho ikkje ville ha han, ha teke ein overdose opium for endeleg å forlate det miserable, jordiske livet. Medan han jaktar på Harriet, komponerer han Symphonie Fantastique, ein programmatisk symfoni som beskriv ein ung, forelska kunstnar, jeune musicien, som blir svikta av sin elskar og difor tar opium for å døy. Gjennom symfonien sine fem satsar blir vi med på scener som beskriv det forelska paret sine lykkelege møte, hennar avvising, hans tunge kjærleiksorg, hans opiumoverdose og hans eigen eksekusjon for å ha teke livet av henne. Det heile endar med ein heksesabbat.

«Berlioz, it seems, was suffering from the same affliction he ascribed to his symphonic protagonist – a malignant idée fixe triggering convulsive muscular tremors and precipitating a state of nervous malfunction»
(Brittan, 2006).

Verket er ikkje ei lovprising av opium som «kreativitetsopnar», men er heller ei beskriving av ein persons opiumsrus. Når ein høyrer verket i dag, og les programteksten, er det framfor alt eit bilete på den romantiske kulturen sin kunstnaridé som ein tek til seg.

3b10901r

Bilde: «When bachelor dens cast over waking hours a loneliness so deep»

 

LSD – Syre

«When the men on the chessboard, Get up and tell you where to go, And you’ve just had some kind of mushroom, And your mind is moving low, Go ask Alice, I think she’ll know»
(Jefferson Airplane: White Rabbit)

LSD er ei forkorting av Lysergsäurediethylamid, eit syntestisk, luktfritt, smaklaust, kjemisk framstilt psykedelisk stoff. Kjemisk liknar stoffet lysergsyreamid (LSA), eit naturleg stoff med liknande effekt på medviten, kjend frå eldgamal sjamanistisk bruk. LSD eller syre blei framstilt første gong i 1938 i Sveits av Albert Hofmann, og det moglege psykoaktive potensialet blei oppdaga ved eit reint tilfelle då Hofmann fekk i seg litt av stoffet. Stoffet blei populært blant kunstnarar og bohemar i USA frå 1960-talet, og artistar som The Beatles, The Doors, Jimi Hendrix og Jefferson Airplane var alle påverka av den psykedeliske kunsten og mogleg også av LSD.

Opp gjennom pop- og rockehistoria finn vi mange døme på artistar og band som lovpriser rusen eller beskriv han i positive (og somme tider negative) ordelag. The Velvet Underground: Heroin (1964), Jefferson Airplane: White Rabbit (1967), Marianne Faithfull: Sister Morphine (1969) og JJ Cale: Cocaine (1974) er alle døme på kjende låtar som omhandlar rusen sin verknad på mennesket si psyke. LSD er kanskje eit av dei stoffa som hadde størst påverknad på kunsten. Bruken av LSD skapte til og med ei ny kunstretning – Psychedelic Art.

På The Beatles si plate Sgt. Pepper’s Lonely Hearts Club Band frå 1967 finn vi hit’en Lucy in the Sky with Diamonds som blei skriven av John Lennon og Paul McCartney. Ifølgje Lennon var låta inspirert av ei teikning sonen Julian hadde laga, med tittelen Lucy in the sky with diamonds, men ikkje lenge etter utgivinga starta spekulasjonane om kva songen med den merkelege teksten eigentleg handla om. Kunne det vere at L[ucy in a] S[ky with] D[iamonds], eigentleg tydde LSD?

Picture yourself in a boat on a river,
With tangerine trees and marmalade skies.
Somebody calls you, you answer quite slowly, A girl with kaleidoscope eyes.

Cellophane flowers of yellow and green,
Towering over your head.
Look for the girl with the sun in her eyes,
And she’s gone.

 

Sgt._Pepper's_Lonely_Hearts_Club_Band

Coveret på Beatles-albumet «Sgt. Pepper’s Lonely Hearts Club Band»

Sjølv om Lennon nekta for samanhengen mellom tekst og LSD, har det vore mange diskusjonar om saka, og i 2004 vedgjekk Paul McCartney, i eit intervju med Uncut Magazine, at mistankane likevel stemde, at låta eigentleg handla om LSD. Han sa òg at fleire andre av songane deira frå den tida handla om rus, slik som Got To Get You Into My Life og Day Tripper, men at folk ikkje forstod det. Om McCartney verkeleg snakka sant i intervjuet eller berre ville stoppe spekulasjonane er ikkje lett å seie, men det å sjå føre seg merkelege figurar, sterke fargar og kaleidoskopiske figurar blir ofte beskrivne som psykologiske effektar av misbruket. Det kan vere på grunn av dette at LSD har fått ei stor rolle i kunstariske og kreative samanhengar. Å sette seg i ein tilstand kor verda kan opplevast som annleis og rettare, kan vere ein motivasjon for å skape sin heilt eigne kunst, som eit bod frå den andre sida.

LSD sin psykologiske effekt (gjerne kalla ein trip) varierer frå person tilperson, og gong til gong. Ein trip kan ha langvarige effektar som påverkar både personlegdom og livsperspektiv. Den amerikanske psykologen Timothy Leary nytta omgrepet set and setting for å seie noko om variasjonane i effekt og utbytte. Set handlar om den einskilde brukaren sitt tankesett, dagsform og forventningar, medan «setting» handlar om det fysiske og sosiale miljøet kor prøvinga og utprøvinga gjeng føre seg. Det ligg i set and setting at det sosiale samspelet er minst like viktig for den psykedeliske effekten som den einskilde brukar.

 

Om kreativitet og rus

Det kan sjå ut som at både Hector Berlioz, The Beatles og Jimi Hendrix truleg var brukarar av narkotiske stoff både i og utanfor kunsten. Om bruken var ei naudsynt flukt frå verkelegheita, ein måte å bli genuint kreativ eller om bruken kom av tendensane i tida, er ikkje godt å seie heilt sikkert. Men det var ei sterk kopling mellom rus og kunst. Men er det slik at kreativiteten aukar av rus? Og er rusmidla eigentleg til hjelp i formidlinga av dei ekte, djupe kjenslene?

Psykiateren Oscar Janiger, kjend for si LSD-forsking på 1960 og 1970-talet, gjorde ulike eksperiment om kreativitet og rus. I ein studie fekk 72 kunstnarar i oppgåve å teikne to teikningar av det same objektet, først utan LSD og så med. Målet var å undersøkje om LSD gjer at ein blir meir kreativ. I studien fann han at verka laga i LSD-rus var verken dårlegare eller betre enn dei som var laga utan rus, men at verka ofte var klårare, meir abstrakt og at kunstnarane i større grad brukte heile lerretet. Kvaliteten blei altså ikkje betre, men uttrykket noko annleis. Sjølv kjenner eg til mange kunstnarar som seier at dei beste ideane kjem når ein er rusa på noko, til dømes alkohol, fordi ein kanskje er roligare og tør tenkje friare, men at ideane berre kan vidareutviklast til kunst når ein er edru og klar i hovudet.

«While many artists and writers were well known for their use of intoxicating substances, most produced their greatest works when they were sober»
(Dr Iain Smith, Glasgow)

 

 

Litteratur:

  • F. Brittan: Berlioz and the Pathological Fantastic: Melancholy, Monomania, and Romantic Autobiography. 19th-Century Music, 29 (3), 2006.
  • R. Holmes. Coleridge: Darker Reflections. London: HarperCollins, 1997.
  • A.Williamon: Musical Excellence. Strategies and techniques to enhance performance. Oxford: University Press. 2008.

 

 

Forfattaren:

Bjarne-004

Foto: Gunn Edith Nilsen

Bjarne Isaksen er førstelektor i musikkpedagogikk og musikkestetikk ved Det kunstfaglege fakultet ved UiT Noregs arktiske universitet.
Hans forskingsinteresser er dels knytt til lærarrolla i kunstfag og dels kunstens plass i samfunn og menneske.
E-post: bjarne.isaksen@uit.no

Print Friendly, PDF & Email

Kommentarer er stengt.