Praksisprosjekt hos Sibelco Nordic AS Stjernøya

 

clip_image002

Eg heiter Andreas Seger og kjem frå Førde, eg var så heldig at eg fekk kombinert praksisen med sommerjobb slik at eg fekk litt meir enn dei tilmålte tre vekene. Bedriften eg har praksis hos er Sibelco Nordic AS Stjernøya.

Stjernøya

Stjernøya ligg i Alta kommune og er utan fastlandsforbindelse, det tek ca 1 time og 15 min med båt i frå Alta. Dei felste ansatte dagpendlar med båten. Det er også båtforbindelse med Øksfjord. På Stjernøya er det idag 95 ansatte, på vedlikeholdsavdelinga der eg har hatt praksisen min er det 25 ansatte, av dei er det to basar. Det er også to ingenøra som har ansvaret for prosjektledelse og konstruksjon.

Her på Stjernøya blir minneralet nefilin utvinna, prossesen startar i dagbruddet på toppen av Nabbaren ca 700 moh. Massane blir tippa i ei skjakt i fjellet, sjakta er ca 300 meter lang, derreter går massane gjennom ein to knuserar og vidare på transportband ned til verket. I verket blir massane tørka før dei går gjennom endå fleire knusarar, sikter og magnetskillarar til kunn nefilin att, sikiktene ”sorterer” massane etter kor fint nefelin pulveret er. Det blir så pakka eller lagt på siloar for å bulke i båtane som kjem til kai. Dagbruddet blir no klargjort for 100 års drift.

Anvendelse av nefelin

Nefelin brukast i glassindustrien og keramisk industri, i glassproduksjon nyttast nefelin for å få ned energiforbruket. I kermasik industri nyttare ein nefelin som fyllstoff pga den kvite fargen. Nefelinen som blir produsert her på Stjernøya blir som oftast ekportert til utlandet.

Mine oppgaver

Det første eg blei satt til når eg kom til Stjernøya var å prøve å bli kjendt med anlegget, det tok ca 2 veker før eg hadde sånn nokon lunde kontroll på kor ting var inne i verket og korleis produksjonensstrømmen går, det er eit sinrikt system av transporsskruar, band, bergeverk og siloar som gjer at det ikkje er så lett å få oversikt over varestrømmen. Eg fekk også ansvaret for prosjekt oppfølging på ein jobb som skulle gjerast i knuserhallen, og eg fekk følsesen av å være ingenør. Har også skrevet ein god del instrukser, tenga rømningsplaner for messa og adminstrasjonsbygget. No held eg på med å teikne ein ny overgang til luftinntaket til oljebrennaren som som er i tørka. Eg skal også sjå om eg kan finne ei god løysing til ein børste som skal bli brukt til å renske transportbanda. Det er nokre band som tek med seg ein god del massar tilbake på bandet.

Oppsummering

Praksisen har vert svært lærerik, eg har fått prøvd å være ingenør i den virkelige verda, sett korleis ting faktisk blir gjort og ikkje berre sitte å høyre om det i forelesingar.

Leave a Reply