Eg heiter Daniel Kambestad, og kjem frå Odda.
Våren 2014 var eg ferdig med 2.-året maskin, og hadde i sommarferien ein praksisperiode i Massiv Lust AS
Massiv Lust AS produserer byggesett i heiltre for hus og store trekonstruksjonar. Bedrifta limar saman korte og lange lamellar(plankar) i lag på tvers av kvarandre, og dei ferdige platene vert formatert av ei stor cnc-maskin slik at dei passar saman. Deretter sendast puslespelet til ein byggjeplass der bygget vert sett saman på kort tid. Ein arkitektdel av firmaet var lokalisert i Oslo, og sendte teikningar som produksjonsdelen (der eg var) skulle produsere.
I Bedrifta var eg med å organisere transport av bygg, rekna massesenter for ulike trekonstruksjonar, såg på programmeringa til formateringa, og hjelpte til med lime- og herde-prosessen(loggføring av kjernetemperaturar, lim-/herdar-forhold med meir).
Eg har lært mykje om organiseringa av ein bedrift, og korleis ein bedrift organiserer det å ha fleire prosjekt gåande samtidig. Eg har og lært om stråling som hjelp i herdeprosessen, og korleis programmeringa i bedrifta skjer fram mot dei ferdig formaterte byggedelane.
Eg synest praksisen gav eit godt innsyn i bedrifta, og korleis arbeidet gjekk frå mottak av teikningane, fram til utskiping av byggesett. Dei tilsette i Massiv Lust var hyggjelege å arbeide med, men eg kunne gjerne tenkt meg å ha meir med formatering av seksjonane å gjere, sidan dette var det mest relevante i forhold til tidlegare fag.
Praksisprosjekt ved Massiv Lust AS
Leave a reply