Reisa

Skrevet av Silje Holden Birkeland

@Pixabay

Som bibliotekar «in spe» har eg fundert litt på den utvikla som har vore i bibliotekverda berre i løpet av den tida eg har vore aktiv bibliotekbrukar. Eg hugsar framleis den høgtidlege stemninga på barneavdelinga, samt kjensla av at ein måtte vere stille og nesten smyge seg rundt. Eg hugsar kor stas det var å få boka registrert ut hjå bibliotekaren. Det eg og hugsar, var då eg blei så gamal at eg kunne få blått lånekort, og dermed låne i avdelinga for vaksne. Det var stas det.

Nå er eg sjølv den som låner ut bøker til håpefulle unge, og den som hjelp dei med 3D print, bygging med Strawbees og til å kome i gang med Micro:Bit i biblioteklokala. I dette blogginnlegget har eg lyst til å ta deg med på ei lita reise inn i fortida, for å syne fram den store endringa som har skjedd i bibliotekverda.

Tanken om å ha samlingar med bøker for å kunne drive med opplysning, læring og utvikling er gamal, faktisk var det presteskapet som på 1700-talet danna dei fyrste leseselskapa her i Noreg. Dette gjorde dei for å blant anna auke moralen, gje betre kunnskap om kristendom og for å motarbeide overtru[1]. Dei fyste boksamlingane henta pengar til drift frå innsamlingar, gåver, kontingentar og betaling for lån. Det var berre dei aller fattigaste som ikkje måtte betala. Lånte ein til dømes ei bok frå eit av leseselskapa til bispen Peder Hansen (1746-1810), avgjorde boka si storleik kor møkje ein måtte betale. Tok ein med seg ei stor og tung bok, kunne ein risikere å betale 8 skilling i leige kvar veke, noko som i dag ville blitt ei leige på i overkant av 15 kroner. Ikkje før i 1872 kom tilskot til bibliotek inn som ein fast post på statsbudsjettet. Den gode ordninga kor alle, uansett bustad og status kan låne gratis frå alle folkebiblioteka i Noreg, blei ikkje sett i verk før i 1972. I perioden 1947 -1972 var det gratis å gjere bruk av folkebiblioteket i den kommunen ein høyrte heime i[2].

Til tross for at gratisprinsippet blei vedtatt for over 70 år tilbake, hender det at det er oppe til debatt. I fylgje Anders Ericson på Norsk bibliotekforening sine sider har det i ein tidsperiode på omlag 20 år fram til 2005 vore 7 ulike forslag frå departement og regjeringar som kunne ha svekka gratisprinsippet om dei hadde blitt vedtatt [3]. Eit lite dukk ned i Ot.prp. nr. 46 (2004-2005) punkt 3.4.7.3.9 synar at endringane gjerne går på om det skal betalast ekstra for spesialtenester som blir debattert. Gratisprinsippet for utlån av ulike media, bruk av digitalt utstyr osb. på folkebibliotek står med andre ord stødig.

Når ein besøker eit bibliotek i dag kan ein gå rundt å kikke nett som ein vil. Stoppe opp, ta ei bok ut av hylla, bla litt og setje tilbake på same plass (det er iallefall min bønn til deg) – eller låne den. Men slik har det ikkje alltid vore.

Høyrt om Håkon Nyhuus? Om ikkje skal du få ein særdeles kjapp innføring her: Håkon Nyhuus (1866 – 1913) blir av mange oppfatta som den store reformatoren i bibliotekverda. Han reiste som 17-åring til USA kor han gjekk gradene i biblioteket og opparbeidde seg viktig erfaring frå det amerikanske biblioteksystemet. Vel gift og tilbake i Noreg fekk han jobben som biblioteksjef ved Deichmanske i Kristiania. Her byrja han jobben med å reformere drifta av biblioteka.

Eit lite tankeeksperiment…Kva om du kom inn på biblioteket og måtte vende deg til skranken og be om ei spesiell bok som bibliotekaren måtte hente til deg? At alle bøkene som det var mogeleg å låne stod oppstilt i hyller som berre bibliotekaren fekk røre?  Eller kva om sakprosa ikkje var ordna etter innhald?

Før Håkon Nyhuus overtok som sjef på Deichmanske i 1898 var det slik. Nyhuus sørga for at hyllene blei opna for publikum, slik at lånarane sjølve kunne finne boka dei ynskja. Andre endringar var at samlinga blei oppstilt etter emne og ein innførte Dewey-systemet frå USA i tillegg til at ein starta opp med katalogisering.

Nyhuus gjorde også forandringar når det kom til korleis innbyggjarane kunne få tak i bøker. Han oppretta filialar, og som eit stunt i marknadsføring let han sine tilsette låne ut bøker i parkane om sommaren. Han fornya bokstammen ut i frå tanken om at bøker skulle vere oppdaterte og nyttige – biblioteka skulle ikkje vere museum for bøker. Biblioteket blei i større grad opna opp for barn og unge, og ein starta med formidling retta mot denne brukargruppa. Endringane gjorde at talet på utlån auka sterkt. Før Nyhuus overtok var utlånet på 30000 bøker i året. Etter få år var utlånet 300000 [4] . Imponerande veks.

Dette lille tilbakeblikket synar at folkebiblioteka har endra seg mykje i løpet av dei siste 120 åra. Frå å vere ein stad kor ein måtte be om å få låne ei bok – og betale for det om ein ikkje var blant dei fattigaste, til at vederlagsfritt kan sitte heime og tinga bøker via bibsok.no for så hente dei på sitt lokale bibliotek. Samfunns-oppdraget blir også på enkelte bibliotek løyst på andre måtar enn tidlegare. I tillegg til dei ordinære tilboda, kan ein på enkelte bibliotek låne med seg ymse utstyr heim, eller gjere seg bruk av det i biblioteka sine skaparverkstadar.

[1] (Byberg & Frisvold 2001 s. 4)

[2](Frisvold, 1990 s. 31, 36). Frisvold, Ø. (1990) Gratisprinsippet før og nå. I: Mer enn bøker: SBIH 50 år : Jubileumsskrift. Aarekk, H. E (red) s. 29-46 (Oslo) Statens bibliotek og informasjonshøgskole

[3]Ericsen, A. (2005, 2. august). NBF tilbakeviser angrep på gratisprinsippet. Norsk bibliotekforening.no [nettstad]. Lese: 10.10.2019 https://norskbibliotekforening.no/2005/08/nbf-tilbakeviser-angrep-pa-gratisprinsippet/

[4](Frisvold, 1997, s 21) Frisvold, Ø. (1997). Bibliotek : kultur og samfunn : lærebok. Oslo. Høgskolen i Oslo, Avdeling for journalistikk, bibliotek- og informasjonsfag, Bibliotek og informasjonsstudiene