Skrevet av Sigurd Biørnstad Syversen
Forfattar: Platon
Oversett av Egil A. Wyller
Sidetal: 112
Forlag: Grøndahl Dreyer
Utgjeve: 1994
Ein lege, ein filosof, to dramatikarar, ein jusekspert, ein aristokrat og ein statsmann kjem inn på ein bar. Høyrd han før? Nei, Platon var kanskje ingen stor vitsemakar, men i denne tekseten syner han at han har mange strengar å spele på. Denne teksten vil seie Drikkegildet i Athen, Drikkelaget i Athen – eller berre Symposion. Kjært born har mange namn. Og for atherane som for som så mange andre er alkoholen nett det: kjær. Dette var grunnen til at Faidros, Pausanius, Eryximakos, Aristofanes, Sokrates og sist men ikkje minst Alikibiades trappa opp heime hos Agathon omkring 400 år f.kr. Det som i alle fall er sikkert er at denne samlinga av attiske borgarar (og her må ein ikkje engste seg; inngåande kjennskap til kven dei er er ikkje påkrevd for å forstå verket. Tvert i mot vil eg hevde at Drikkegildet utgjer ein fin og tilgjengeleg introduksjon til Platon si tenking. Ei tenking som neppe kommer til å slutte å vere relevant i eit land forma av kristendomen, som jo skuldar Platon så mykje) alle som ein er sopass bakfulle (med unntak av Sokrates. Platon forsikrar oss om at det store førebilete hans ikkje kan bli bakfull) at dei finn ut at dei skal ta det litt rolegare i kveld, og heller sjå kven som kan halde den beste lovtalen til Eros – kjærleiken. Alt dette i følgje Apollodros. Enda ein? spør du deg nok no, og lurar på om det ikkje er ein russisk 1800-tals roman Platon har skrive. Men nei. Han har i staden lagt dialogane mellom dei andre karakterane i munnen på denne Apollodros som fortel handlinga til sin venn Glaukon. Ikkje for ingen grunn kalla Pål Nordheim dette verket ein polyfon essay-roman. Og difor bør eg nok legge vidare uttlegging til side for å heller la det vere opp til lesaren å finne ut kor flink Platon er til å la dette komplekse temaet spele seg ut så oversiktleg gjennom dialogane – dette er dialektikk. La meg berre kort avrunde med å seie at sjølv om Platon har eit klart hierarki mellom talarane står lesaren fritt til å gjere seg opp sine eigne meiningar. Her er to av mine: Når Eryximakos seier at Heraklit sine ord: «Enheten bringes sammen ved å skilles ad, som harmonien i en bue eller en lyre» og kallar dei klossete, så er det det dummaste som har blitt sagt i vår kulturkrets. Og om eg skulle dømme om kven som haldt den beste talen ville eg nok måtte ha sagt som Heinrich Heine: «Gud finst, og namnet hans er Aristofanes».
Nylige kommentarer