Arkiv for kategori Uncategorized
Bøker, bøker, bøker
Skrevet av hol061 i Uncategorized den 12/11/2018
Skrevet av Sigurd Bjørnstad Syversen
Per Inge Torkelsen sa at «bøger» var farlege greier. Ja, ein kunne visst nok verte reint avhengig av dette allment aksepterte rusmiddelet ifølje siddisen. Den katolske kyrkja har for lengst teke konsekvensen at dette med sin index librorum prohibitorum. Og at høgst forskjellig regime har sett på bøkene si makt som langt større enn det meir eller mindre kritsike forfattarar sjølv har gjort, kan ein ikkje vere i tvil om etter å ha vorte konfrontert med til dømes Lorca og Mandelstam sine skjebnar. Sjølv i dag har boka – i alle fall papirboka – sine motstandarar. Men eg kan forsikre om at denne opninga ikkje er noko forsøk på å sette makulerarar og digitaliserarar i same båse som Franco og Stalin (eller mannen med kakerlakkmustasjane (kakerlakk, av spansk cuca) som Mandelstam kalla han). Opninga er heller, som den føregåande parentesen burde syne, ei hovering med kunnskap. Korleis er dette relevant for noko som helst anna enn å skryte og røle? Jo, om nokon hadde undersøkt korleis underteikna kom over desse kunnskapane ville vedkommande i hovudsak ha fått eit svar: serendipitet. Altså at ein finn noko ein ikkje leiter etter. Og tru meg, eg var aldri på leit etter akmeismen, men plutseleg sitt ein der og les på si fjerde Mandeslstam oversetting. Korleis slike meir eller mindre tilfeldige funn skjer har Lennart Björneborn teke for seg. Etter å ha studert brukeråtferd i biblioteket har han kome fram til eit grovt skilje mellom to framgangsmåtar blant lånarar: konvergent og divergent. Den konvergente lånaren er den som veit kva han skal ha: 3. etasje, avdeling D for dikt, C for Char. Den divergente er ho som – avhengig av humøret – enten slentrar langs reolane eller fyk frå hylle til hylle som om ho var Tuco på gravplassen frå det «The Good the Bad and the Ugly»: ho veit ikkje kor ho skal, men ho veit at det er ein skatt her ein eller annan stad. Og så snublar ho til slutt over Paul Celan, og tenkte at dette her såg interessant ut. Det er likevel viktig å understreke at det ikkje er vasstette skott mellom desse to måtane å finne bøker. Vår konvergente venn, som målbevisst har gått straka vegen til C-hylla, kan lik så godt oppdage Celan som berre står eit par hakk lengre til høgre. Tek han boka ut av hylla og blar litt oppdagar ha kjapt at Celan, akkurat som Char, fekk tidlege impulsar frå surrealistane – som dei begge nytta til å skape høgst original poesi. Og får han sansen for Celan kjem han nok tilbake etter Mandelstam – i bokhylla er verda lita. Men, og dette er kanskje det store men-et i bokheimen: digitalisering. Denne forma for serendipitet eg har presentert her er som ein ser avhengig av at biblioteket (også) er noko så bibliotekaktig som «et hus med bøker», som tittelen var på eit av nasjonalbibliotekaren sine innspel i ein debatt i Morgenbladet. For det er det ikkje for alle. Og det er her dei innleiande skremmeskota vedrørande den farlege boka kjem. For om boka ikkje er farleg, så er det i alle fall ikkje så farleg med den, skal ein tru Lars Egeland nestleiar i Bibliotekforeninga. Han skriv: «Etter min mening er det ikke papirbøkene som definerer et bibliotek.[…]Det som definerer biblioteket er at det er et sted for opplevelser og læring.» Ut i frå dette har eg konkludert med at eg som ikkje hadde lånekort før eg var 15 likevel var ein stor bibliotekbrukar. Det var berre at det biblioteket eg nytta gjekk under namnet fotballbana. For i eit kunnskaps- og forbrukarsamfunn, der konsumet dreiast over mot opplevingar, definerer både den negative og den positive definisjonen til Egeland biblioteket som: alt. Og i dette tilfellet, med Heraklit sitt syn på motsetningar i bakhovudet, verker alt å tyde ingenting. Men det er så klart ikkje slik at dei som deler Egeland sine synspunkt, som eg ikkje har plass til å nyansere, meiner at bøkene skal brennast. Men dei kan digitaliserast eller sendast til Mo i Rana. Men ingen på Radøy bibliotek kjem vel til å snuble over ei bok som ligg langt under jorda, heilt oppi Rana. Men så klart: og i Nord-Hordaland har ein internett. Likevel må ein spørje seg om dette vert det same. Björneborn hevder at serendipitet kan stimulerast gjennom forskjellege synlegjeringstiltak. Det kan vere enkle ting som å la bøker stå med omslaget fram i staden for ryggen. Ofte kan bøkene som får denne plassen vere dei som nyleg har vore utlånte, slik at lånarane kjem med umedvitne anbefalingar for kvarandre. Det er ikkje slik at slikt ikkje foregår i digitale databasar, men kva slags kontroll ville eigentleg den enkelt bibliotekaren ha over dei algoritmane som styrer dette? Eit anna punkt Björneborn trekk fram er at det er viktig at det finst kryssingspunkt og kontaktflater mellom bøker og andre medier, som går på tvers av katalogiseringssystemet sine kategoriar. Ein snublar jo ikkje over Thure Erik Lund når ein er på jakt etter Lorca, uansett kor nære dei er kvarandre i alfabetet. Korleis forskjellane vert her mellom papir- og E-bøker er vanskeleg å seie. Men forskjellane kjem til å vere der. Dette er ein debatt som handlar om langt meir enn serendipitet. Den forsvinn nok ikkje med det første. Og eg dristar meg til å spå at den kjem til å vere prega av words, words, words, som Hamlet seier. I alle fall meir enn ord, ord, ord, ord, som Fløgstad sa. Kva tydar det? Gå og leit.
Kjelder
Björneborn, L. (2008). Serendipitetsfaktorer og brugeradfærd paa det fysiske bibliotek. Dansk Biblioteksforskning, 4(2), 41-54. Retrieved from forskningsbasen.jeff.dk
Egeland, L. Et bibliotek uten bøker? Bok og bibliotek 06.09.2018
The Thing (1982)
Skrevet av hol061 i Uncategorized den 26/10/2018
Filmanmeldelse skrevet av Viktor Håven
Regi: John Carpenter
Manus: Bill Lancaster
Filmselskap: Universal Pictures
Spilletid: 109 min
«The Thing» starter med det vide arktiske landskapet og en hund som blir jaget av et helikopter, hunden kommer seg til utpost 31, den amerikanske forskningsstasjonen hvor det meste av filmen finner sted. De tar han inn, og lar han gå løs over natten. Kort tid etter så låser de hunden inne med hundene som er på basen fra før av. Kort tid etter finner de ut at de har å gjøre med en skapning fra en annen verden, for den dreper de andre hundene og prøver å stikke av, men blir satt fyr på og drept av mannskapet. De undersøker tingen etterpå og finner ut at den kan assimilere levende mennesker og dyr, så de vet da ikke hvem man kan stole på. Når transporten deres blir sabotert og de ikke får kontakt med noen andre, så må de bruke sine egenskaper og vett til å overleve.
Det er en flott scene når hunden kommer til den amerikanske basen. Mannen fra helikopteret jager etter hunden til fots, men stopper da han ser amerikanerne, som kom ut for å undersøke ståheien. Han prøver å advare dem, men da amerikanerne ikke forstår han begynner han å skyte etter hunden, men ender opp med å bli skutt selv i forvirringen. Det “morsomme” med scenen er at publikum skal ikke forstå hva han sier, men vi som nordmenn hører han si «Det er ikkje ein bikkje, det er ein slags ting, kom dere vekk idioter.»
Filmen er basert på en film fra 1951, «The Thing from Another World», som deler elementer med filmen, men de har forskjellige fokuspunkter. «The Thing» var Carpenter sitt eget drømme prosjekt, så når filmen feilet både i billettsalg og kritikk tok han det hardt. I dag er filmen sett på som en kultklassiker og med praktiske effekter få storbudsjetts filmer kan holde opp med den dag i dag er det en fantastisk “monsterfilm”. Filmen har også et flott, atmosfærisk soundtrack av selveste Ennio Morricone og Carpenter, som har gjort seg kjent for å lage musikk til sine egne filmer.
Nylige kommentarer