Prinsipp og retningslinjer for forvaltning av forskningsdata ved UiT

I styremøtet 9. mars vedtok universitetsstyret ved UiT prinsipp og retningslinjer for forvaltning av forskningsdata ved UiT gjeldande frå 1. september 2017. Hovudprinsippet er at forskingsdata som er genererte ved UiT, skal gjerast ope tilgjengelege, og at UiT-forskarar skal setja opp ein databehandlingsplan ved oppstart av forskingsprosjekt.

UB tilbyr støtte til både arkivering og deling av forskingsdata og utforming av databehandlingsplanar. For meir info sjekk heimesida vår eller kom-i-gang-sida på denne bloggen.

 

Publisert i Uncategorized @nb | Merket med , , , , , , , , | Kommentarer er skrudd av for Prinsipp og retningslinjer for forvaltning av forskningsdata ved UiT

Lær å handtera forskingsdataa dine etter beste praksis!

Universitetsbiblioteket tilbyr denne våren ei rekkje kurs som handlar om handtering av forskingsdata. Meir informasjon finn du her.

 

Publisert i Uncategorized @nb | Kommentarer er skrudd av for Lær å handtera forskingsdataa dine etter beste praksis!

Møt UiT Open Research Data på Munin-konferansen 2016

Vi skal presentera UiT Open Research Data på årets Munin-konferanse. Du kan møta oss utanfor Auditorium 2 på Teorifagbygget hus 1 (under kantina) i dag (21. november)

kl. 10.00–10:45
kl. 12:15–12:30 og 13:15–13:30
kl. 15:00–15:30

Heile programmet for Munin-konferansen finn du her.

 

Publisert i Uncategorized @nb | Kommentarer er skrudd av for Møt UiT Open Research Data på Munin-konferansen 2016

UiT Open Research Data på UHR-B-seminar om forskingsdata

AFU og UB presenterte UiTs arbeid med forskingsdatahandtering på UHR-B sitt introduksjonsseminar om forskningsdata på Gardermoen 14.-15. november 2016.

UB sin presentasjon er tilgjengeleg her.

 

Publisert i Uncategorized @nb | Kommentarer er skrudd av for UiT Open Research Data på UHR-B-seminar om forskingsdata

Studietur til University of Bristol

15.-16. september var ei gruppe UiT-tilsette på studietur på University of Bristol (UoB). Representantar frå Avdeling for forsking og utviklingsarbeid (AFU), Avdeling for IT (ITA) og Universitetsbiblioteket (UB) fekk læra meir om korleis UoB har utvikla og organisert sitt tenestetilbod rundt forskingsdatahandtering. Ein stor takk til University of Bristol Research Data Service-teamet for det lærerike opplegget dei har laga til oss!

 

Publisert i Uncategorized @nb | Kommentarer er skrudd av for Studietur til University of Bristol

Offisiel lansering av UiT Open Research Data 1. september

UiT Open Research Data blir offisielt lansert på torsdag 1. september 2016. Det blir stand fleire stader på campus Breivika, drop-in-samtalar for interesserte og speed-dating med rådgjevarar. Les meir om lanseringa her. Lanseringa er også omtalt i Morgensendinga frå NRK Troms, forskning.no og på digi.no.

 

Publisert i Uncategorized @nb | Kommentarer er skrudd av for Offisiel lansering av UiT Open Research Data 1. september

Har du data? Lær å bruka UiT Open Research Data!

I haust tilbyr vi innføringskurs i forskingsdatahandtering. Det blir to kurs kvar månad, eitt på norsk og eitt på engelsk. Meir informasjon finn du her.

 

Publisert i Uncategorized @nb | Kommentarer er skrudd av for Har du data? Lær å bruka UiT Open Research Data!

Pilotprosjekt infrastruktur for forskningsdata ved UiT

AFU, ITA og UB har i vinter samarbeidd i eit pilotprosjekt om infrastruktur for forskingsdata ved UiT. Prosjektet munna ut i ein rapport som skisserer eit forvaltningsmodell for forskingsdata ved UiT. Rapporten blei presentert på fredag 20. mai og er tilgjengeleg i serien Septentrio Reports.

 

Publisert i Uncategorized @nb | Kommentarer er skrudd av for Pilotprosjekt infrastruktur for forskningsdata ved UiT