Sørsamisk referansegrammatikk

Rapport frå førsteamanuensis Trond Trosterud, Institutt for språkvitskap, Hum-fak., Universitetet i Tromsø
Prosjekt 200601873-41

Økonomisk støtte til møte for å planleggje skrivinga av ein sørsamisk referansegrammatikk
Målet med prosjektet var å samle alle som var interessert i å bidra til skrivinga av ein sørsamisk referansegrammatikk til eit felles møte, for der å diskutere korleis eit evt. arbeid kan bli organisert. Samtidig var det viktig å få til eit samarbeid mellom grammatikarar ved Universitetet og dei som arbeider med sørsamisk til dagleg.

Bakgrunnen for initiativet var at det sørsamiske skriftspråket er relativt dårleg dokumentert. Dei eksisterande grammatikkane er ikkje særleg omfattande. På den andre sida finst det ein del informasjon spreidd rundt i lærebøker, i ordboksgrammatikkar, og i ulike vitskaplege artiklar og monografiar. Desse er ikkje samla, og eldre skildringar er ikkje tilpassa det moderne språket. Resultatet er ein situasjon der både skoleverket og forskingsmiljøa saknar meir kunnskap om sørsamisk: Sameskolane får flinkare og flinkare elevar, i takt med revitaliseringsarbeidet, og treng betre og betre svar på dei språklege utfordringane dei dermed står ovafor. Forskingsmiljøa er ikkje i stand til å arbeide med sørsamisk (t.d. lage retteprogram og språkteknologiske applikasjonar) så lenge språket ikkje er skildra på ein i det minste nokonlunde uttømmande måte. Normeringsarbeidet lir under mangel på ein systematisk innfallsvinkel til like grammatiske fenomen, og opererer i for stor grad frå sak til sak.

For å kome saman og møte denne utfordringa vart det arrangert eit møte på Snåsa den 23.-24. oktober, med desse deltakarane: Nora Bransfjell, Tove Brustad, Inger Johansen, David Jonasson, Maja Kappfjell, Ove Lorentz, Lajla Mattsson Magga, Ole Henrik Magga, Pia Pärsson, Trond Trosterud, og Anita Dunfjell Aagård. Dermed var sameskolane på Snåsa og Hattfjelldal, det norske og svenske sametinget, UiTø, HINT og Samisk Høgskole representert. Dagsorden for dei to dagane såg slik ut:

  • Maja Lisa Kappfjell: Sørsamisk utan referansegrammatikk
  • Trond Trosterud: Referansegrammatikk – for sørsamisk
  • Anita Dunfjeld Aagård: Kva treng sameskolelærarane – og kva kan dei bidra med
  • David Jonasson: kva treng Sametinget – og kva kan det bidra med
  • Sig-Britt Pärsson: kva treng Sametinget – og kva kan det bidra med
  • Nora Bransfjell: Kva treng Høgskolen – og kva kan den bidra med
  • Ove Lorentz: Om forsking på sørsamisk grammatikk til no
  • Ove Lorentz: om lånord, terminologi og fonologi

I tillegg til desse foredraga hadde vi grundige diskusjonar på Normativitet i grammatikken – og i rettskrivinga, og Korleis skal ein samisk grammatikk disponerast — kva slags kapittel skal vere med?.

I løpet av dei to dagane møtet varte fekk vi knytta faglege kontaktar på tvers av institusjonane, og vi fekk ei klår oppfatning av kva som skal til for å lage ein referansegrammatikk, og kor det er mogleg å finne folk til å inngå i det arbeidet. Ein del av arbeidet kan gjerast utan pengar, men for å få til eit skikkeleg prosjekt trengst det finansiering. Oppsummeringsvis vart møtet samd om at deltakarane frå Universitetet i Tromsø skulle lage nettressursar for eit ressursoversyn og ein plan for arbeidet, men at initiativet til å setje i gang med felles planleggjing og søknadsskriving skulle komme frå sørsamisk hald.

This entry was posted in Researcher and tagged , , , . Bookmark the permalink.

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *