Rapport for bruk av strategimidler 2010. Eirin Holberg, Høgskolen i Bodø/Universitetet i Tromsø.
Økonomisk støtte til PhD-prosjektet ”Relasjonar mellom samiske og norrøne samfunn i jernalder og tidleg mellomalder i Sør-Salten, Nordland”.
Prosjektet sitt tema er etniske og sosiale relasjonar i jernalder og tidleg mellomalder (500 f.Kr.-1130 e.Kr.) i Sør-Salten, og tek i bruk arkeologisk og skriftleg materiale frå jernalder og tidleg mellomalder for å utforske relasjonane mellom samiske og norrøne grupper på denne tida. Det registrerte arkeologiske materialet frå dette området er omfattande men svært lite utforska, og dette gjeld i særleg grad samiske kulturminne. Sett i forhold til dei omfattande resultata frå seinare års forsking i lule- og sørsamiske område, er Sør-Salten framleis nærmast eit blankt felt på kartet. Det inneber med anna at lokalbefolkninga i liten grad kjenner til at området har ei lang samisk fortid. Mangelen på forsking om den samiske forhistoria og historia i Sør-Salten er for eksempel svært synleg i NOU 2007-14, Samisk naturbruk og retts-situasjon fra Hedmark til Troms. Dette har samfunnsmessige konsekvensar, og behovet for ny forsking er difor stort. Prosjektet tek tak i denne kunnskapsmangelen. Sør-Salten er i nyare tid både pitesamisk og lulesamisk område, og prosjektet har som mål å belyse både tilstadeveret av fortidige samiske samfunn her og den variasjonen og kompleksiteten som har prega dei samiske samfunna også i eldre tid. Prosjektet vart igangsett 4. januar 2010.
Prosjektet har ei tverrfaglig tilnærming med undersøkingar av både arkeologisk og skriftleg materiale. Det er finansiert av NFR, Program for samisk forsking, men avhenger av ekstra driftsmidlar til feltarbeid og reiser for å samle inn data. Det var bakgrunnen for søknaden om strategimidlar. På grunnlag av den økonomiske støtta frå Senter for samiske studier kunne det planlagte arkeologiske feltarbeidet i 2010 gjennomførast med bruk av assistent, noko som var ein føresetnad for at det lot seg gjennomføre.
Det arkeologiske feltarbeidet består av innsamling av materiale til C14-dateringar av kulturminne i samiske busetnadsområde og kulturminne som på andre måtar kan ha relevans for undersøkinga av forholdet mellom samisk og norrøn befolkning i jernalder/mellomalder. Feltarbeidet blir gjort over to sesongar, første del vart gjennomført i august i år. Det vart da teke ut dateringsprøver frå fangstgropanlegg i Saltdal og Bodø, som omfattar både anlegg for elgfangst og for reinfangst. Årets feltarbeid omfattar også dateringsprøver frå gammetufter, fiskerbuplassar, gardshaugar og anlegg for framstilling av trekol til smieverksemd eller jernutvinning. I samband med uttak av prøver vart det registrert fleire nye kulturminne. Undersøkinga medførte også at tidlegare tolkingar av t.d. fangstgroper måtte revurderast, da fleire av felta med groper som var registrert som fangstgroper i Askeladden (Riksantikvarens fornminneregister) viste seg å vere kullgroper. Resultata frå dateringane føreligg ikkje enno, men det er heilt klart at undersøkingane som er gjort vil frambringe ny kunnskap om førhistorisk aktivitet i samiske busetnadsområde og deira relasjon til den samtidige norrøne eller norske befolkninga.
Den økonomiske støtta frå Senter for samiske studier var av avgjerande betyding for at dette arbeidet har latt seg gjennomføre, og eg er difor takksam for tildelinga.