Rapport fra Bjørn Ola Tafjord, Dr.art., førsteamanuensis, Institutt for historie og religionsvitskap, Fakultet for humaniora, samfunnsvitskap og lærarutdanning, Universitetet i Tromsø
Prosjekt 2009/1415-20
Økonomisk støtte til Religiøst mangfald og endringsprosessar i Talamanca, Costa Rica: Feltarbeid (mai og juni 2009)
Frå 26. april til 1. juli 2009 fekk eg, mellom anna takka vere strategimidlar tildelt frå Senter for samiske studiar ved Universitetet i Tromsø, høve til å gjere eit nytt feltarbeid i Talamanca, Costa Rica. Sidan januar 2000 har eg gjort fleire feltarbeid der i samband med eit forskingsprosjekt om religiøst mangfald og endringsprosessar. Det store fleirtalet av deltakarane i prosjektet høyrer til urfolksgruppa bribri, medan eit mindretal tilhøyrer andre urfolksgrupper (kabèkir, ngäbe, teribe og maleku). Dei er alle busett i reservatet Talamanca-Bribri, eit urfolksområde i Costa Rica med stort indre sjølvstyre.
Med prosjektet studerer vi korleis personar og grupper heimehøyrande i Talamanca ser på og handlar i høve til, det dei på den eine sida reknar som sine eigne heimlege tradisjonar (som dei med ei samlenemning kallar siwá på bribri og tradiciones indígenas på spansk), og på den andre sida det dei reknar som “religionar” som har kome dit utanfrå (nærare bestemt bahai og ulike kristne retningar). Det handlar om brot og kontinuitet og om forhandlingar og endringar i synet på kva som vert rekna som indígena, eller i synet på kva som er meir eller mindre indígena. Det tek også opp maktrelasjonar som kjem til uttrykk når lokale personar og grupper forhandlar med misjonærar og religiøse leiarar utanfrå om kva plass og roller siwá eller tradiciones indígenas skal spele i høve til dei relativt nyleg innførte “religionane” (det var først på 1960-talet at bribriar og kabèkirar byrja å ta til seg bahai og ulike kristne retningar), samt om kva plassar og roller ulike religionar skal ha i det lokale samfunnslivet.
Feltarbeidet som vart gjennomført våren 2009 hadde som hovudføremål å leggje fram tekstar som har vorte skrive om dette for dei som er omtala i dei og/eller på andre måtar har vore involvert i prosjektet. Tilbakeføringa av tekstane er først og fremst knytt til forskingsetikk då dette frå starten av har vore eit krav frå dei involverte. Oppfyllinga av dette er del av ei tilnærming som har søkt å ta lokale interesser og føreskrifter for forsking på alvor, noko som mellom anna inneber å forske med (snarare enn på) dei forskinga omhandlar. Dette kan knytast til det som på engelsk gjerne vert kalla indigenous methodologies. Gjennom å få tilgang til tekstane får dei involverte høve til å presisere og om naudsynt korrigere framstillingar av seg sjølve. Jamvel er det også metodologiske sider ved denne tilnærminga som opnar for vidare studiar av det som allereie er omtala i teksten, eller av nye tema, til dømes gjennom nye samtaler og vidare presiseringar av det som vert framstilt, eller fordi ein vert invitert til å ta del i nye situasjonar og hendingar. Dette opnar også for studiar av endring over tid, og endåtil for kritisk refleksjon kring metaperspektiv knytt til forskarrolla, metodologi og analyse.
Feltarbeidet var vellukka og gav rikt utbyte i høve til alt det som er nemnt ovanfor. På bakgrunn av dette og tidlegare feltarbeid vil eg i tida som kjem arbeide med å skrive ei bok der både funna av undersøkingane og dei metodologiske lærdommane som har vakse fram vil verte lagt fram og diskutert.