Heim

Sjå dei siste innlegga her!

Facebook, Twitter, Snap og Insta. Kanalar for samhandling og informasjonsflyt. Kva kjenneteiknar språket og tekststrukturen i desse kanalane? Og kva med blogging: Korleis skriv folk når dei bloggar?

Sosiale medium er komne for å bli. Og i vårt postfaktuelle samfunn med «alternative fakta» der kanalane blir brukte både manipulerande av makta og som motmakt av grasrotrørsler, er det viktig å forstå eigenskapane ved sosiale medium. Språk og tekst er ei viktig side ved det. Og det handlar ikkje berre om politisk makt og avmakt, men òg om sosial makt og sosiale relasjonar. Kanskje vel så mykje det.

Dette kurset tek opp språklege praksisar i sosiale medium forstått som «nettsider og apper som tilrettelegger for å skape og dele innhold, og å delta i sosiale nettverk» (sjå http://snl.no/Sosiale_medier), og kurset set dette inn i teoretiske rammar for tilhøvet mellom tale- og skriftspråk. Kurset vil òg ta opp fenomenet ‘digital litteratur’ og rette fokus mot innhaldssida ved digitale tekstar og dei litterære særmerka deira.

Emnet Språk og tekst i sosiale medium blei arrangert første gong i vårsemesteret 2015 og går for fjerde gong våren 2022. Blogginnlegg frå studentar og lærarar er samla her. Sjekk ut innlegga og kommenter gjerne!