Liv Ragnhild Evjen skreiv i 2011 ei MA-avhandling om dialektbruk i kommentarfelta til nokre utvalde nettavisar. Ein av dei tinga ho kom fram til, var at bruken av dialekt varierte etter kva for tema som blei diskutert. Når det blei diskutert politikk og økonomi, var det lite dialektbruk, mens bil og trafikk, sport og kriminalitet ga meir bruk av dialekt. Ho trekker fram fleire faktorar som kan vere orsaka til denne variasjonen, og eg skal sjå litt nærmare på desse.
Det første ho trekker fram er kva for haldningar folk har til språk og språkstil. I hovudsak blir dei som brukar ei normrett målform, oppfatta å vere av ein høgare sosial status enn dei som brukar dialekt. Det finst også forsking som tyder på at eit konservativt språk blir oppfatta som meir seriøst, mens dialekt blir oppfatta som meir folkeleg. MA-avhandlinga til Evjen handlar ikkje først og fremst om haldningar, noko ho sjølv peiker på. Det er altså ikkje grunnlag for å seie noko sikkert om korleis haldningar speler inn på dialektbruk ut frå teksten, men det er rimeleg å anta at det kan spele ei rolle.
Sidan eit konservativt språk blir oppfatta som meir seriøst, er det sannsynleg at folk er meir truande til å nytte ei normrett målform om dei skal diskutere eit «seriøst» tema. Døme på slike seriøse tema kan vere politikk og økonomi, der ein kan sjå at det er lite bruk av dialekt. Tilsvarande kan det sjå ut til at folk er meir tilbøyelege til å skrive på dialekt om det blir di
skutert meir «useriøse» tema, slik som fotball.
Eg kan vere einig i at fotball, i alle fall ikkje for meg, er eit veldig seriøst tema. Derimot er det tema som må kunne seiast å vere seriøse der folk tar i bruk dialekta si når dei diskuterer dei. Til dømes kriminalitet og bil og trafikk, som eg meiner det blir galt å seie ikkje er seriøst. I kommentarfeltet til ei av avisene viste det seg også at det var hyppig bruk av dialekt i kommentarane til nokre saker som hamna innanfor kategorien politikk. Då tyder det på at det er noko anna enn berre det at eit tema blir oppfatta som seriøst, som avgjer om folk skriv på dialekt eller ikkje.
Evjen fant belegg for at bruken av dialekt aukar ganske drastisk der kommentatoren er engasjert i saka han eller ho kommenterer, og særleg i dei tilfella der han eller ho blir provosert. Slik provokasjon kjem til syne ved at språket til dømes er aggressivt, det dukkar opp banneord, bruk av store bokstavar og kreativ teiknsetting. I kommentarar til saker som handla om fartsgrense i trafikken og at folk meiner at politiet ikkje gjer ein god nok jobb, kjem dette svært tydeleg fram. Dyremishandling er også ein type sak som provoserer mange. Det er ikkje noka overrasking at ein ser mykje dialektbruk i slike saker.
Det som kanskje var meir overraskande, var at ein kunne sjå liknande språkbruk også i enkelte saker som hamna i politikkategorien. I eitt tilfelle var det ei sak som handla om eit nytt kvartal som skulle byggjast i Bodø sentrum. Det viste seg at dette var ein omstridt byggjeplan, og mange av innbyggjarane var djupt ueinige i at det skulle byggjast noko nytt, og i måten det skulle byggjast på. Her var det igjen altså mange som var provoserte. Som tidlegere nemnt, blir det skrive meir dialekt når folk blir provoserte. Det kan derfor sjå ut til at striden rundt bygginga av det nye kvartalet bidrog til at dialektfrekvensen auka.
Det er ikkje berre når folk er ueinige og blir sinte at dialekta kjem til syne. Kjensler i si heilheit kan også føre til at bruken av dialekt aukar. Eit svært tydeleg eksempel på det var ein serie saker som handla om at fotballklubben Bodø/Glimt heldt på å bukke under på grunn av konkurs. Då stilte mange i lokalsamfunnet opp for å redde klubben. Lokale fotballklubbar er noko som opptek mange rundt omkring, og som kan vekke sterke kjensler hos folk. I kommentarane til desse sakene var det høg dialektfrekvens, med store bokstavar, dialektord og teiknsetting som ikkje passa inn med skriftspråknormane.
Her var det også kanskje ein viss gruppesolidaritet som spelte inn. Fotballklubbar og andre foreiningar gir samhald, og mange har mykje kjensler knytt til eit slikt samhald. Evjen peiker på at dialektbruk er knytt til slik gruppesolidaritet, men standardvarietet er meir knytt til status og formalitet. Når ein kjenner gruppesolidaritet, kan nok trongen til å vere formell for mange forsvinne, sidan det blir ein uformell situasjon. Folk tilpassar altså språket sitt etter kva for slags situasjon dei skriv i.
Haldningar til språk, kva for tema som blir diskutert, eventuell provokasjon, kjensler og engasjement er altså faktorar som kan verke inn på om ein vel å skrive dialekt eller ei normert målform. Engasjement kan til dømes vere eit nøkkelomgrep her. Provokasjon, kjensler og tema ein er oppteken av, er alle faktorar som kan bidra til engasjement. Sjølv om nokon tema har ein lågare frekvens av dialektbruk enn andre, slik som økonomi og politikk, kan det også vere tema innanfor desse kategoriane som appellerer til dialektbruk. Det finst også geografiske forskjellar, fordi det som provoserer folk ein stad, ikkje nødvendigvis gjer det ein annan stad.