Make love (with nynorsk), not war
Av Sofie Fossli
András Kornai er ikkje nådig når han hevdar at nordmenn har bestemt, gjennom bloggane og twittar-kontoane våre, at det berre er bokmål som får vere med inn i den digitale framtida. Nynorsk er å finne i mykje mindre grad på sosiale medium og på internett, og tala han presenterer, ser ikkje ut til å vere lovande. Han trekker fram at bokmål-Wikipedia er fire gonger så stor som nynorsk-Wikipedia, sjøl om desse to i lang tid var omtrent like store. Så joda, eg skjønar sjølvsagt kva Kornai meiner når han seier at det ikkje ser spesielt lyst ut for nynorsk-bruken i det digitale.
Dersom ein går inn og ser på blogglisten.no, poppar det opp ei oversikt over dei mest lesne bloggane i Noreg. No skal eg ærleg innrømme at eg ikkje har vore innom alle på lista, men det eg fort fann ut, var at det er forbløffande få av bloggarane som skriv på nynorsk. Det kan ikkje vere ei tilfeldigheit. Så kva er det som gjer at så få veljar å blogge på nynorsk? Mariell Øyre, kvinna bak bloggen hjartesmil, er ein av få nynorskbloggarar. I 2014 vart ho intervjua av NRK, kor ho la vekt på at poenget med bloggen ikkje er at ho vel å føre penna på nynorsk, men at det likevel etter kvart vart viktig for ho å gå føre og vise at ein fint kan blogge på nynorsk.
Blogging er ei relativt ny greie. Og sjølv om ein finn eit breitt spekter av «bloggtypar», er det nok ei overvekt av dei såkalla «rosabloggane». Det som kjenneteiknar dei, er at dei gjerne er drivne av unge jenter som hovudsakleg bloggar om klede, sminke og kvardagsliv. Kristine Ullebø, frå Førde, ligg på 11.plass på blogglista. Ho skriv bokmål på bloggen, men fortel til NRK i 2014 at ho ein gong publiserte eit innlegg på nynorsk, der ho mottok mange kommentarar på at det var tungt å lese når ho skreiv nynorsk. Ho uttalte også at ho trur ho ville miste lesarar om ho valde å ikkje bruke bokmål. Her trur eg vi er i nærleiken av kjernen i saka. Når majoriteten av bloggane der ute er skrivne på bokmål, er det ikkje så lett å vere den som skil seg ut, sjølv om du kanskje i utgangspunktet kunne tenkt deg å bruke nynorsk.
Nynorsk har opp igjennom måtta tole mykje hets og hat. Sjølv kan eg hugse at eg ikkje var særleg begeistra for å måtte byrje å lesa og skrive nynorsk på ungdomsskulen. Dette hadde nok mykje å gjere med at allereie i åra før ungdomsskulen, hadde eg høyrt tallause skrekkhistorier frå dei eldre elevane om nynorsk, og om kor tørt, vanskeleg og forferdeleg det var. Naturleg nok gjekk eg ikkje inn i dette nye «språk-forholdet» på dei rette premissane. Eg var full av dårlege haldningar, noko som gjorde at eg var lite open og lærevillig i mange år framover. Og eg trur nok ikkje eg er åleine om desse erfaringane. Nynorsk har i årevis hatt eit særdeles dårleg rykte, særleg mellom barn og unge, nettopp fordi det har vore så mykje skremslepropaganda (for å setje det veldig på spissen) knytt til dette skriftmålet.
Blogg er eit sosialt medium som vert dominert av unge. Når i tillegg majoriteten der skriv bokmål, er det kanskje ikkje så lett å vere han eller ho som vel å skrive nynorsk. Det gjer at det blir noko som er annleis, og mange unge ønskjer ikkje å skilje seg ut. Kanskje har det også noko å seie at ein er redd for å ikkje nå ut til like mange som ein ville gjort elles, sett at ein skreiv nynorsk. Sjølv trur eg at nynorsk kjem til å få ein oppsving i sosiale medium snart. Vi har sett dei siste åra at det har eksplodert med dialektbruk på TV og radio, og folk ser ut til å vere stolte av dialektane sine uansett kvar i landet dei kjem frå. Mange vel også å skrive dialekt i sosiale medium, og det utan at det vekkjer stor oppsikt. Kanskje gjer dette at det snart blir kult å vere ho eller han som både bloggar, skriv «insta-captions» og FB-innlegg på nynorsk.