Av Elise Bremnes og Sara Fløtlien
Nordiskstudentar ved lektorprogrammet UiT
Sara sukkar. Ho ser oppgitt ned på mobiltelefonen. Ei ny melding frå Elise. Ho har ein tanke som ho har grubla på ei stund. No skriv ho meldinga og trykkar på «send»: «Elise, åffer skriver du ikke på dialekt til meg?»
Elise kjem frå Tromsø by og snakkar ei «pen» tromsødialekt. På Messenger er ho på den andre sida «språkforvirra». I gruppechatten kor også dei nordnorske medstudentane deltek i samtalen, skriv ho mest «på dialekt». Unntaket er når Sara spør om noko. Då byter Elise over til bokmål, som er det ho brukar mest i chatten mellom berre dei to. For korleis svarar ein nokon frå Austlandet som skriv bortimot bokmål, utan å høyrast «vulgær» ut?
I private brev og dagbøker skreiv dei norske polfararane lydnært heilt sidan 1913 (Lundeby, 2002). «Polfararnorsken» sine forkortingar og brot med vanleg skrivemåte, skulle vise seg å berre vere byrjinga på «kvardagsskrivinga» som i stor grad pregar den digitale kommunikasjonen på private SoMe-kanalar som Facebook Messenger og Snapchat i dag.
Å «skrive dialekt» er altså ikkje eit nytt fenomen, og det er spesielt utbreidd i Nord-Noreg. Det siste kjem fram i gallup-undersøkinga til Språkrådet (2017), kor 45% av nordlendingar rapporterer at dei ofte skriv dialekt privat, og kor 53% av dei under 30 år nasjonalt seier at dei gjer det (Vangsnes, 2019). Så kvifor skriv 25 år gamle Elise frå Tromsø på bokmål til Sara, sjølv om ho elles skriv til venar med nordnorske dialekttrekk som «æ», «kor» og «dåkker»?
På eit spekter frå nesten heilt ortofon (lydnær) skriving til å berre bruke nokre få dialekttrekk, så er meldingane til Elise vanlegvis eit døme på «mindre ortofon» dialektnær skriving (Vangsnes, 2019). Dei har eit tydeleg dialektpreg på grunn av at ho brukar nordnorske personlege pronomen som «æ», «dæ, «ho», «mæ» og «dåkker», og spørjeord på k- som «kor», «ka», «katti», «kordan» og «koffer». I tillegg bøyer ho verb i presens utan -r/-er som «sitt» (for bm: sitter), «e» (for bm: er), og så vidare. Hybridnorma er ikkje heilt ortofon, og dreg vekslar på både skrift og tale, sidan ho til dømes skriv stumme konsonantar som «d» i preposisjonen «ved», i motsetning til polfararen Amundsen. Desse trekka kan ein sjå i dei to første meldingane (til høgre i lilla) i chatten mellom Sara og Elise nedanfor:

To døme på relativt ortofon dialektskriving (sjå t.d. “mindre ortofon tekstprøve” hos Vangsnes, 2019), med ortofone innslag i feit skrift og standardortografisk skrivemåte som skil seg frå dialekta, i kursiv:
1. Kor gikk dåkker nu?
3. Okei, æ sitt nede på biblioteket rett ved den utstillinga, så e bare å komme hit etterpå hvis dåkker skal lese
Viss ein les vidare i samtalen, kan ein derimot sjå eit døme på kodeveksling, altså eit språkbyte, kor Elise byter frå «dialektskriving» til standardnorm. Det skjer midt i fjerde melding kor ho plutseleg skriv «er» (i staden for «e» frå verbet å vere) og -er-ending for å markere ubestemt fleirtal av substantivet (i staden for «muligheta»):
4. Lyst til å gå på Rødtinden ellerno imårra tidlig sia vi har «fri» og det er meldt greit vær?
5. Styrmannstinden eller Kjølen er andre muligheter
Kodevekslinga førekjem ikkje ofte midt i ei og same melding, men skjer gjerne etter at Sara har svart med «bokmål» på ei tidlegare melding med dialekttrekk. Dei fleste meldingane som Elise har skrive på dialekt i chatten mellom dei to, er meldingar som startar ein samtaletråd. Bytet til bokmål skjer derfor først etter at Sara har svart, slik som i samtalen nedanfor:

Sjølv om samtalen er eit av fleire døme på «kvardagsskriving» om eitt tema over eit par timar, byter Elise frå dialektskriving («Kor mye klær trengte dåkker?») til bokmål («liknende» vs. nordnorsk «lignanes»).
Både nordnorske dialekttrekk og kodeveksling til standardnorm er altså sentrale trekk ved skrivepraksisen til Elise, men kva for funksjon har dei eigentleg i den sosiale konteksten?
Ifølgje Rotevatn (2014, s. 99) er kodevekslinga til ungdom avansert, og ho kallar det for «eit språk i spagaten». Ho poengterer at språket dei skriv, ikkje berre varierer mellom dei forskjellige SoMe-kanalane. Det er også avgjerande kven mottakaren er, og då spelar til dømes alderen til mottakaren og relasjonen inn. Hårstad (2021) peiker i artikkelen sin på at den digitale «dialektskrivinga» heng tett saman med «folkemålspraksiser», som ei form for mellompersonleg og relasjonsfokusert språkbruk, og underbyggjer det med at ungdom forventar at ein saman med venar på same alder skriv «på dialekt» (Hårstad, 2021, s. 29, s. 37). Som to gode venar som skriv til kvarandre på uformelle Messenger, forventar derfor Sara at Elise skal skrive dialektnært til ho, mellom anna fordi det er eit teikn på ein nær relasjon.
Elise tilpassar derimot skriftspråket ho brukar på Messenger etter kven ho snakkar med, og kva slags dialekt mottakaren skriv. Gjennom audience design (Bell, 1984) tilpassar (akkommoderer) avsendaren språket sitt for å passe betre til mottakaren (konvergens), eller for å distansere seg frå mottakaren (divergens). Endringa skjer i samspel med kven ein snakkar til. I tilfellet vårt er Sara ein såkalla «addressee», altså ein kjend, godkjent og tiltalt lyttar, både i chatten mellom dei to og i gruppechatten. Likevel verkar det som at Elise meir eller mindre ubevisst unngår å skrive på tydeleg nordnorsk dialekt til nokon som skriv tilnærma bokmål, og akkommoderer derfor skriftspråket sitt.
Då Sara la merke til at Elise ikkje skreiv på dialekta si til ho, men til andre venar, tolka ho det som noko negativt. For sjølv om dei skriv meir likt når Elise tilpassar språket sitt, opplever Sara at det skaper ein større distanse mellom dei. Gjennom konvergens tilpassar Elise språket sitt til Sara sitt talemål frå Ringsaker og den meir bokmålsnære skrivestilen hennar. Dette kan i utgangspunktet fungere som ein måte å markere meir nærleik til mottakaren, men i dette tilfellet oppfattar Sara det ikkje sånn, tvert imot: «Er vi ikkje venar eller?»
I gruppechatten med fem nordlendingar, og Sara som einaste austlending, svarar Elise stort sett på dialekt. Ho akkommoderer skriftspråket sitt til å passe best mogleg til fleirtalet av mottakarane. Unntaket frå dialektbruken hennar er når Sara stiller eit spørsmål, for då kjem svaret på bokmål. Elise blir truleg påverka av kven som har adressert ho og justerer svaret sitt etter det. Dette skjer trass i at dei fire andre nordlendingane held fast på den dialektnære skrivemåten sin, både før og etter:


Avslutningsvis kan vi gje Rotevatn (2014) rett i ein ting, og det er at kodevekslinga til ungdom er avansert. Kanskje er ho så avansert at vi ikkje ein gong forstår ho sjølv. I alle fall er det fint for «språkforvirra» personar som Elise, at ein ikkje berre kommuniserer via SoMe-kanalar, for då treng ein ikkje å teke stilling til så mange uskrivne normer og skrivemåtar til kvar ei tid.
Etter at Sara konfronterte Elise med å ikkje «dialektskrive» til ho, blei ho hoppande glad då ho seinare venta på venninna for å dra på tur og fikk meldinga: «e utfor om 15 min». Kven veit når Elise plutseleg byter til bokmål igjen, men no er ho i alle høve bevisst på kodevekslinga – og Sara og Elise har blitt enda betre venar.
Referansar:
Hårstad, S. (2020). Språk på nettet – tilnærmingsmåtar til digital språkbruk. I L.I. Aa & R. Neteland (red.), Master i norsk: Metodeboka 1 (s. 140–157). Oslo: Universitetsforlaget. Postprintversjon tilgjengeleg her: https://ntnuopen.ntnu.no/ntnu-xmlui/handle/11250/2646881
Hårstad, S. (2021). Digital skriving under den sosiolingvistiske lupen: Har det skjedd en språklig revolusjon? I H. Otnes, L. Jølle, A.-S. Larsen & L.I. Aa (red.), Morsmålsfaget som fag og forskningsfelt i Norden (s. 21–45). Oslo: Universitetsforlaget. https://doi.org/10.18261/9788215050997-2021-03
Lundeby, E. (2002). «Polfarernorsk». Språknytt 2/2002. Henta 26. januar 2022 frå https://www.sprakradet.no/Vi-og-vart/Publikasjoner/Spraaknytt/Arkivet/Spraaknytt_2002/Spraaknytt_2002_2/Polfarernorsk/
Rotevatn, A.G. (2014). Språk i spagaten. Facebook-språket. Om normert språk og dialekt blant vestlandselevar. Masteroppgave i nynorsk skriftkultur. Høgskulen i Volda.
Vangsnes, Ø. (2011). Roald Amundsen på polpunktet: ein språkleg «utadæsjælåpplevelse». Bloggtekst på forskning.no. Publisert 14.12.2011. Henta 26. januar 2022 frå https://blogg.forskning.no/oystein-a-vangsnes-blogg/roald-amundsen-pa-polpunktet-ein-sprakleg-utadaesjaelapplevelse/1114754
Vangsnes, Ø. (2019). Dialekt i sosiale medium – det norske perspektivet. Språk i Norden, 2019, 94–109. https://tidsskrift.dk/sin/article/view/114949