{"id":15,"date":"2015-01-07T23:39:51","date_gmt":"2015-01-07T22:39:51","guid":{"rendered":"https:\/\/site.uit.no\/some\/?p=15"},"modified":"2015-01-09T13:52:58","modified_gmt":"2015-01-09T12:52:58","slug":"forste-samling-ein-mjuk-start","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/site.uit.no\/some\/2015\/01\/07\/forste-samling-ein-mjuk-start\/","title":{"rendered":"F\u00f8rste samling \u2013 ein mjuk start"},"content":{"rendered":"<p>Den f\u00f8rste samlinga var p\u00e5 alle m\u00e5tar ein mjuk start der vi aller f\u00f8rst kosta p\u00e5 oss \u00e5 definera kva sosiale medium er for noko \u2013 med utgangspunkt i den definisjonen ein finn p\u00e5 <a href=\"https:\/\/snl.no\/Sosiale_medier\">snl.no<\/a>. Vi brukte elles ein god del tid p\u00e5 \u00e5 presentera oss sj\u00f8lve og planen vi har lagt for kurset og andre praktisk forhold. Vi er jo tre vitskapleg tilsette som samarbeidar om dette tiltaket: ein litterat og to spr\u00e5kvitarar. Det som elles var veldig kjekt og spennande, var at sj\u00f8lv om dette i utgangspunktet er eit emne tiltenkt nordiskstudentar, dukka det opp tre studentar som tek ein grad i media- og dokumentasjonsvitskap. (Og viss eg oppfatta det rett, kjem det til \u00e5 komma end\u00e5 ein slik seinare.)<\/p>\n<p>Det som ogs\u00e5 dukka opp p\u00e5 f\u00f8rste samling, var ein journalist og ein fotograf fr\u00e5 <a href=\"http:\/\/uit.no\/nyheter\/labyrint\">Labyrint<\/a>, kunnskapsmagasinet til UiT. Journalisten hadde sendt ein e-post til meg fordi ho ville laga ei sak om sosiale medium, og ho hadde funne namnet mitt p\u00e5 ei liste. Kontakten kom alts\u00e5 heilt uavhengig av kurset, men det var jo d\u00e5 naturleg for meg \u00e5 be henne komma p\u00e5 f\u00f8rste samling, s\u00e5 kunne vi \u00abta det derifr\u00e5\u00bb som ein gjerne seier. Det skal bli spennande \u00e5 sj\u00e5 kva som kjem ut av det \u2013 no har ho jo f\u00e5tt studentar ho kan intervjua ogs\u00e5!<\/p>\n<div id=\"attachment_14\" style=\"width: 510px\" class=\"wp-caption alignright\"><img fetchpriority=\"high\" decoding=\"async\" aria-describedby=\"caption-attachment-14\" class=\"wp-image-14\" src=\"https:\/\/site.uit.no\/some\/wp-content\/uploads\/sites\/216\/2015\/01\/bilde-47-1024x765.jpg\" alt=\"bilde-47\" width=\"500\" height=\"373\" srcset=\"https:\/\/site.uit.no\/some\/wp-content\/uploads\/sites\/216\/2015\/01\/bilde-47-1024x765.jpg 1024w, https:\/\/site.uit.no\/some\/wp-content\/uploads\/sites\/216\/2015\/01\/bilde-47-300x224.jpg 300w\" sizes=\"(max-width: 500px) 100vw, 500px\" \/><p id=\"caption-attachment-14\" class=\"wp-caption-text\">Linda Nesby (nr. 2 fr\u00e5 h\u00f8gre) skisserer nokre kjenneteikn p\u00e5 bloggtekstar. Mobilfoto: \u00d8ystein A. Vangsnes<\/p><\/div>\n<p>Eit sp\u00f8rsm\u00e5l som vart dr\u00f8fta, delvis som eit sp\u00f8rsm\u00e5l fr\u00e5 journalisten, var om ein kan snakka om blogg som ein eigen sjanger. Mitt spontane svar var at bloggformatet er veldig vidt og variert \u2013 og ikkje minst fritt \u2013 s\u00e5 eg var skeptisk til om ein kan seia at det er ein eigen sjanger. Men litteraten Linda braut inn og peikte p\u00e5 tre\u00a0sentrale kjenneteikn p\u00e5 typiske bloggtekstar: <em>Hyppig<\/em>\u00a0(\u2018frequency\u2019), <em>personleg<\/em>\u00a0(\u2018personality\u2019) og <em>kort<\/em>\u00a0(\u2018brevity\u2019).<\/p>\n<p>Som nemnt gjekk vi gjennom planen for kurset, og den omfattar i beste fall opptil fleire gjestef\u00f8relesarar (som enno ikkje er p\u00e5 plass). Men dei tre neste gongane kjem eg, \u00c5se Mette og Linda til \u00e5 halda kvar v\u00e5r f\u00f8relesing (i den rekkjef\u00f8lgja). Neste veke (tysdag 13.) kjem eg til \u00e5 snakka om talem\u00e5l og skriftspr\u00e5k i sosiale medium, alts\u00e5 om korleis grensa mellom munnleg og skriftleg spr\u00e5k blir mindre tydeleg og ogs\u00e5 om bruk av dialekt i skrift. Eg kjem nok heller ikkje til \u00e5 motst\u00e5 freistinga \u00e5 visa korleis ein n\u00e6rmast kan driva dialektforsking p\u00e5 nett. Veka etterp\u00e5 (tysdag 20.) kjem nok \u00c5se Mette til \u00e5 f\u00f8lgja opp nokre tr\u00e5dar fr\u00e5 mitt f\u00f8redrag, men ogs\u00e5 leggja ut nye, n\u00e5r ho skal snakka om \u00abSosiolingvistisk forsking i sosiale medium: Moglegheiter, utfordringar, eksempel\u00bb. Linda skal s\u00e5 tysdag 27. januar\u00a0snakka om forholdet mellom digital og skriftleg litteratur.<\/p>\n<p>S\u00e5 der har de opptakten! Dersom det er nokon utanfor den registrerte studentgruppa som \u00f8nskjer \u00e5 komma p\u00e5 eit eller fleire av f\u00f8redraga, g\u00e5r det heilt fint. (Tidspunktet er tysdagar 14.15-16.00 i E0.104.)<\/p>\n<p>Eit av arbeidskrava i kurset er \u00e5 skriva eit blogginnlegg med utgangspunkt i ei f\u00f8relesing\/f\u00f8redrag, anten eit resym\u00e9 eller ein tekst som tek utgangspunkt i emnet og spinn vidare p\u00e5 det. Desse studenttekstane skal publiserast p\u00e5 denne bloggen! S\u00e5 f\u00f8lgj med!<\/p>\n<p>&#8211; \u00d8ystein<\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"<p>Den f\u00f8rste samlinga var p\u00e5 alle m\u00e5tar ein mjuk start der vi aller f\u00f8rst kosta p\u00e5 oss \u00e5 definera kva sosiale medium er for noko \u2013 med utgangspunkt i den definisjonen ein finn p\u00e5 snl.no. Vi brukte elles ein god del tid p\u00e5 \u00e5 presentera oss sj\u00f8lve og planen vi har lagt for kurset og [&hellip;]<\/p>\n","protected":false},"author":63,"featured_media":0,"comment_status":"closed","ping_status":"closed","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"footnotes":""},"categories":[1],"tags":[],"class_list":["post-15","post","type-post","status-publish","format-standard","hentry","category-laerar"],"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/site.uit.no\/some\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/15","targetHints":{"allow":["GET"]}}],"collection":[{"href":"https:\/\/site.uit.no\/some\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/site.uit.no\/some\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/site.uit.no\/some\/wp-json\/wp\/v2\/users\/63"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/site.uit.no\/some\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=15"}],"version-history":[{"count":5,"href":"https:\/\/site.uit.no\/some\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/15\/revisions"}],"predecessor-version":[{"id":20,"href":"https:\/\/site.uit.no\/some\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/15\/revisions\/20"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/site.uit.no\/some\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=15"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/site.uit.no\/some\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=15"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/site.uit.no\/some\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=15"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}