{"id":258,"date":"2017-02-12T12:20:09","date_gmt":"2017-02-12T11:20:09","guid":{"rendered":"https:\/\/site.uit.no\/some\/?p=258"},"modified":"2017-02-15T21:52:40","modified_gmt":"2017-02-15T20:52:40","slug":"soringkuka-og-forbanna-mannskit","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/site.uit.no\/some\/2017\/02\/12\/soringkuka-og-forbanna-mannskit\/","title":{"rendered":"S\u00f8ringkuka og forbanna mannskit"},"content":{"rendered":"<p>Dokker f\u00e5r unnskylde spr\u00e5kbruken, men han er i teneste for faget, ogs\u00e5 n\u00e5r eg siterer spr\u00e5kbrukaren som p\u00e5 Facebook kallar norske folkevalde <em>\u00abS\u00f8ringkuka\u00bb. <\/em>Han meiner sj\u00f8lv han ikkje treng \u00e5 utdjupe det, for <em>\u00abdet dekke vel det meste\u00bb<\/em>. Ein annan skriv om dei same politikarane: <em>\u00abHut dem p\u00e5 havet\u00bb<\/em>. Ein tredje omtalar kan hende avgjerdene meir enn politikarane n\u00e5r han uttrykkjer <em>\u00abForbanna mannskit bekkola\u00bb<\/em>.<\/p>\n<div id=\"attachment_264\" style=\"width: 1034px\" class=\"wp-caption alignleft\"><a href=\"https:\/\/site.uit.no\/some\/wp-content\/uploads\/sites\/216\/2017\/02\/Orion.jpg\"><img fetchpriority=\"high\" decoding=\"async\" aria-describedby=\"caption-attachment-264\" class=\"wp-image-264 size-large\" src=\"https:\/\/site.uit.no\/some\/wp-content\/uploads\/sites\/216\/2017\/02\/Orion-1024x683.jpg\" width=\"1024\" height=\"683\" srcset=\"https:\/\/site.uit.no\/some\/wp-content\/uploads\/sites\/216\/2017\/02\/Orion-1024x683.jpg 1024w, https:\/\/site.uit.no\/some\/wp-content\/uploads\/sites\/216\/2017\/02\/Orion-300x200.jpg 300w, https:\/\/site.uit.no\/some\/wp-content\/uploads\/sites\/216\/2017\/02\/Orion-768x512.jpg 768w, https:\/\/site.uit.no\/some\/wp-content\/uploads\/sites\/216\/2017\/02\/Orion.jpg 1050w\" sizes=\"(max-width: 1024px) 100vw, 1024px\" \/><\/a><p id=\"caption-attachment-264\" class=\"wp-caption-text\">Her flyg kjerna i saka, eit av dei milit\u00e6re Orion-flya som er stasjonerte p\u00e5 And\u00f8ya. (Foto: Roy Samuelsen)<\/p><\/div>\n<p>Desse tre ytringane er fr\u00e5 den same kommentartr\u00e5den p\u00e5 <a href=\"https:\/\/www.facebook.com\/1737822063152873\/posts\/1804870529781359\">eit innlegg<\/a> i Facebook-gruppa <a href=\"https:\/\/www.facebook.com\/groups\/1737822063152873\/\">\u00abBevar And\u00f8ya Flystasjon\u00bb<\/a> tysdag 8. november 2016. Det er ikkje ofte riksmedium vier spalter, klikk og sendetid til den vesle kommunen And\u00f8y i Nordland. Denne tysdagen gjorde dei nettopp det. D\u00e5 vart fleirtalet p\u00e5 Stortinget samde om den neste langtidsplanen for Forsvaret, inkludert \u00e5 <a href=\"http:\/\/www.tv2.no\/a\/8715668\/\">legge ned flybasen med om lag 300 arbeidsplassar p\u00e5 kommunesenteret Andenes<\/a>. Debatten har g\u00e5tt h\u00f8gt, b\u00e5de f\u00f8r og etter denne avgjerda, ikkje minst mellom dei 26 366 medlemane i Facebook-gruppa \u00abBevar And\u00f8ya Flystasjon\u00bb.<\/p>\n<p>Ein treng slett ikkje vere einige om forsvarspolitikk for \u00e5 kunne sj\u00e5 at desse uttrykker eit stort engasjement. Bannskapen er berre eit av teikna p\u00e5 at det ligg sterke kjensler bak, dialekten i skriftspr\u00e5ket fortel om det same. Liv Ragnhild Evjen har unders\u00f8kt spr\u00e5ket i debattforum som er knytt til norske nettaviser. I <a href=\"http:\/\/munin.uit.no\/bitstream\/handle\/10037\/4067\/thesis.pdf?sequence=1&amp;isAllowed=y\">mastergradsoppg\u00e5va hennar<\/a> legg ho vekt p\u00e5 personleg engasjement som ein dialektfremmande faktor, og ho skriv at <em>\u00abemosjonelt innhald [kan] vere ei medvirkande \u00e5rsak til at ein skriv p\u00e5 dialekt\u00bb<\/em>.<\/p>\n<div id=\"attachment_260\" style=\"width: 388px\" class=\"wp-caption alignleft\"><a href=\"https:\/\/site.uit.no\/some\/wp-content\/uploads\/sites\/216\/2017\/02\/Skjermbilde-2017-02-11-kl.-20.01.19.png\"><img decoding=\"async\" aria-describedby=\"caption-attachment-260\" class=\"wp-image-260\" src=\"https:\/\/site.uit.no\/some\/wp-content\/uploads\/sites\/216\/2017\/02\/Skjermbilde-2017-02-11-kl.-20.01.19-300x112.png\" width=\"378\" height=\"141\" srcset=\"https:\/\/site.uit.no\/some\/wp-content\/uploads\/sites\/216\/2017\/02\/Skjermbilde-2017-02-11-kl.-20.01.19-300x112.png 300w, https:\/\/site.uit.no\/some\/wp-content\/uploads\/sites\/216\/2017\/02\/Skjermbilde-2017-02-11-kl.-20.01.19.png 616w\" sizes=\"(max-width: 378px) 100vw, 378px\" \/><\/a><p id=\"caption-attachment-260\" class=\"wp-caption-text\">Evjen har delt materialet sitt inn i sju ulike kategoriar.<\/p><\/div>\n<p>For \u00e5 utdjupe omgrepet \u00abemosjonelt innhald\u00bb kan vi samanfatte forskinga til Evjen med at nokre tema i nettavisa skapar ein meir engasjert, og dermed meir dialektprega, debatt i kommentarfelta enn andre tema. Evjen har i sitt materiale funne at <em>bil og trafikk<\/em> er det emnet som ser ut til \u00e5 f\u00e5 spr\u00e5kbrukarane til \u00e5 bruke dialekt oftast, n\u00e6rmare bestemt i 11,91 prosent av innlegga i materialet hennar. Nedst p\u00e5 lista st\u00e5r <em>politikk<\/em>. Her er berre 3,65 prosent av innlegga p\u00e5 dialekt. Ikkje veldig mykje h\u00f8gare sk\u00e5rar samlekategorien <em>nyheiter<\/em>; i denne kategorien er 5,68 prosent av innlegga p\u00e5 dialekt.<\/p>\n<p>Evjen definerer ikkje emnekategoriane n\u00e6rmare, men det f\u00f8rste innlegget i Facebook-gruppa \u00abBevar And\u00f8ya Flystasjon\u00bb etter at avgjerda i Stortinget vart kjent, kan vanskeleg plasserast i andre av kategoriane hennar enn <em>politikk<\/em> eller <em>nyheiter<\/em>. I dette innlegget deler ein av medlemane <a href=\"https:\/\/www.blv.no\/andoy\/forsvar\/nyheter\/ap-frp-og-h-legger-ned-andoya\/s\/5-9-163244\">ein artikkel fr\u00e5 avisa Bladet Vester\u00e5len<\/a> som fortel nyheita, medan han skriv: <em>\u00ab<\/em><em>Forhandlingene er over. Beklager \u00e5 m\u00e5tte fortelle dette.<\/em><em>\u00bb<\/em>, og s\u00e5 kjem det til saman 190 kommentarar p\u00e5 innlegget. Ordbruken om <em>\u00abs\u00f8ringkuka\u00bb<\/em> og <em>\u00abforbanna mannskit\u00bb<\/em> er ikkje unike i kommentartr\u00e5den. Om eg brukar dei same kriteria som Evjen for kva ein kan rekna som eit dialektinnlegg, finn eg at 12,6 av kommentarane etter dette innlegget er skrivne p\u00e5 dialekt.<\/p>\n<p>Dette punktnedslaget i debatten i Facebook-gruppa \u00abBevar And\u00f8ya Flystasjon\u00bb kan sj\u00f8lvsagt vere unntaket fr\u00e5 m\u00f8nsteret Evjen har funne i forskinga si. Ytterlegare eit punktnedslag i Facebook-gruppa viser likevel den same tendensen. Etter innlegget der ein av gruppemedlemane <a href=\"https:\/\/www.facebook.com\/1737822063152873\/posts\/1804423433159402\">krev gransking av tala i Langtidsplanen for Forsvaret<\/a>, er 10,75 prosent av dei 372 kommentarane skrivne p\u00e5 dialekt.<\/p>\n<p>Sj\u00f8lv om det handlar om politikk, er det i det eine innlegget fleire kommentarar p\u00e5 dialekt enn for nokre av kategoriane Evjen har delt sitt materiale inn i. Det andre innlegget eg har unders\u00f8kt, skriv seg inn etter nummer tre p\u00e5 lista til Evjen, like etter dei popul\u00e6re kategoriane <em>bil og trafikk<\/em> og <em>kriminalitet<\/em>. Vi ser alts\u00e5 at kategoriane til Evjen ikkje held i m\u00f8te med den digitale diskusjonen om And\u00f8ya flystasjon, og det kan vere interessant \u00e5 dr\u00f8fte korfor.<\/p>\n<p>Eg ser fleire moglegheiter for at Evjen i studien sin sj\u00f8lv har gjeve svara p\u00e5 denne undringa. Evjen presiserer at det nettspr\u00e5ket ho har studert, har vorte skapt i ein asynkron samtalesituasjon, der kommunikasjonen ikkje g\u00e5r for seg i reell tid. Definisjonen p\u00e5 ein synkron samtalesituasjon er at innlegga blir lesne n\u00e5r dei blir produserte. Definisjonen passar sj\u00f8lvsagd ikkje heilt p\u00e5 innlegga eg har beskrive fr\u00e5 gruppa \u00abBevar And\u00f8ya Flystasjon\u00bb, men loggen for debatten gjev haldepunkt for \u00e5 seie at samtalen i denne gruppa, i alle fall i desse to h\u00f8va, ligg n\u00e6rmare ein synkron samtalesituasjon enn materialet Evjen har teke utgangspunkt i. I innlegget med 190 kommentarar, er litt meir enn halvparten av kommentarane publiserte den f\u00f8rste timen etter innlegget. Berre fem av dei 190 kommentarane er skrivne meir enn eit d\u00f8gn etter det f\u00f8rste innlegget. Det er n\u00e6rliggande \u00e5 tenkje seg at det p\u00e5verkar spr\u00e5ket om ein veit at nokon les og kan svare p\u00e5 ytringa med det same eller like etter at ho vert publisert.<\/p>\n<p>I ein samtalesituasjon som meir liknar den synkrone enn den asynkrone, kjem alts\u00e5 det f\u00f8restilte publikum n\u00e6rmare. Omgrepet har eg omsett fr\u00e5 artikkelen <a href=\"http:\/\/journals.sagepub.com\/doi\/pdf\/10.1177\/1461444810365313\"><em>I tweet honestly, I tweet passionately: Twitter users, context collapse, and the imagined audience<\/em><\/a> av Alice Marwick og danah boyd. Sj\u00f8lv om Facebook-gruppa \u00abBevar And\u00f8ya Flystasjon\u00bb har fleire enn 26 000 medlemar, er dei samla om ei felles sak. Det er difor grunn til \u00e5 tru at dei sosiale banda er sterkare, og at spr\u00e5kbrukarane i gruppedialogen med dialekten \u00f8nskjer \u00e5 vise samhald og tilh\u00f8yrsel med resten av det f\u00f8restilte publikum. Evjen er sj\u00f8lv inne p\u00e5 det same n\u00e5r ho skriv at dialekten kan ha symbolverdi og hjelpe debattantane \u00e5 vise kva for bakgrunn dei har. Vi har kan hende her eit godt d\u00f8me p\u00e5 at teorien til Marvick og boyd om symbolsk interaksjonisme gjeld for meir enn Twitter som digital plattform. Symbolsk interaksjonisme er mi eiga omsetjing av omgrepet \u00absymbolic interactionism\u00bb. Det beskriv korleis identiteten v\u00e5r stadig vert forma og uttrykt i interaksjon med andre, ikkje minst spr\u00e5kleg.<\/p>\n<p>Sosiolingvistikken seier at spr\u00e5ket vert mindre formelt n\u00e5r spr\u00e5kbrukarane er engasjerte i det dei snakkar om. Forskinga til Evjen er ikkje i konflikt med desse hypotesane. Kan hende antyder likevel mine punktnedslag i Facebook-gruppa \u00abBevar And\u00f8ya Flystasjon\u00bb at emnekategoriane til Evjen ikkje er det beste verkt\u00f8yet vi kan bruke for \u00e5 forklare engasjementet. Eg trur n\u00e6rleiken kan bety like mykje. I dette h\u00f8vet kan vi forst\u00e5 n\u00e6rleik p\u00e5 fleire m\u00e5tar. For det f\u00f8rste som tida mellom ytringane, for det andre som n\u00e6rleik mellom ytringa og viktige milep\u00e5lar i saka debatten handlar om. Ikkje minst trur eg reell, eller for ein periode, f\u00f8lt, n\u00e6rleik mellom spr\u00e5kbrukarane p\u00e5verkar bruk av dialekt.<\/p>\n<p>S\u00e5, kva interesse har det eigentleg, korfor og korleis ein uttrykkjer seg om politikk i sosiale medium? Svaret p\u00e5 det er at det s\u00e5 langt har hatt for lite interesse, etter mitt syn. I boka <a href=\"http:\/\/www.slideshare.net\/samfunnsforsker\/presentasjoner-boklanserin14032013\"><em>Liker, liker ikke. #sosiale medier, samfunnsengasjement og offentlighet<\/em><\/a> skriv Bernard Enjolras, Rune Karlsen, Kari Steen-Johnsen og Dag Wolleb\u00e6k at dei <em>\u00abforventer at sosiale medier vil bli en stadig viktigere og mer integrert del av samfunnspolitisk engasjement framover\u00bb<\/em>. Etter at dei skreiv dette, har mellom anna Susanne Kaluza gjeve dei rett med \u00e5 nytte sosiale medier i <a href=\"http:\/\/www.dagbladet.no\/kultur\/susanne-kaluza-33-kjempet-i-ni-maneder---mens-hun-var-gravid---mot-regjeringens-reservasjonssak-og-vant\/60893624\">kampen mot reservasjonsretten<\/a> for legar til \u00e5 henvise til abort. Eit nyare d\u00f8me er <a href=\"http:\/\/www.vg.no\/nyheter\/innenriks\/kristoffer-joner-til-frontalangrep-paa-listhaug\/a\/23852986\/\">oppgjeret<\/a> som skodespelaren Kristoffer Joner hadde med innvandrings- og integreringsminister Sylvi Listhaug p\u00e5 Facebook. Anten ein har politikk eller spr\u00e5k som forskingsfelt, held ein seg med ein farleg stor blindsone om ein ikkje studerer sosiale medium som spr\u00e5kbruksarena om ein er spr\u00e5kforskar, og som offentlegheit om ein studerer politikk og samfunn.<\/p>\n<p>Faren med blindsonar er at du kan verte r\u00e5ka av noko stort og tungt, om du ikkje ser kva som r\u00f8rer seg i det ukjente feltet. Verken tradisjonelle medium, \u00f8konomar og valforskarar evna \u00e5 sj\u00e5 Brexit og Trump f\u00f8r begge deler var eit faktum. Hadde nokon sjekka blindsonen?<\/p>\n<p>&nbsp;<\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"<p>Dokker f\u00e5r unnskylde spr\u00e5kbruken, men han er i teneste for faget, ogs\u00e5 n\u00e5r eg siterer spr\u00e5kbrukaren som p\u00e5 Facebook kallar norske folkevalde \u00abS\u00f8ringkuka\u00bb. Han meiner sj\u00f8lv han ikkje treng \u00e5 utdjupe det, for \u00abdet dekke vel det meste\u00bb. Ein annan skriv om dei same politikarane: \u00abHut dem p\u00e5 havet\u00bb. Ein tredje omtalar kan hende avgjerdene [&hellip;]<\/p>\n","protected":false},"author":678,"featured_media":264,"comment_status":"open","ping_status":"open","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"footnotes":""},"categories":[3],"tags":[],"class_list":["post-258","post","type-post","status-publish","format-standard","has-post-thumbnail","hentry","category-studentinnlegg"],"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/site.uit.no\/some\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/258","targetHints":{"allow":["GET"]}}],"collection":[{"href":"https:\/\/site.uit.no\/some\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/site.uit.no\/some\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/site.uit.no\/some\/wp-json\/wp\/v2\/users\/678"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/site.uit.no\/some\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=258"}],"version-history":[{"count":8,"href":"https:\/\/site.uit.no\/some\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/258\/revisions"}],"predecessor-version":[{"id":271,"href":"https:\/\/site.uit.no\/some\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/258\/revisions\/271"}],"wp:featuredmedia":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/site.uit.no\/some\/wp-json\/wp\/v2\/media\/264"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/site.uit.no\/some\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=258"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/site.uit.no\/some\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=258"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/site.uit.no\/some\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=258"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}