{"id":299,"date":"2017-03-10T16:22:35","date_gmt":"2017-03-10T15:22:35","guid":{"rendered":"https:\/\/site.uit.no\/some\/?p=299"},"modified":"2017-03-12T15:49:09","modified_gmt":"2017-03-12T14:49:09","slug":"dialekt-i-kommentarfelt","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/site.uit.no\/some\/2017\/03\/10\/dialekt-i-kommentarfelt\/","title":{"rendered":"Dialekt i kommentarfelt"},"content":{"rendered":"<p>Liv Ragnhild Evjen skreiv i 2011<a href=\"http:\/\/munin.uit.no\/handle\/10037\/4067\"> ei MA-avhandling<\/a> om dialektbruk i kommentarfelta til nokre utvalde nettavisar. Ein av dei tinga ho kom fram til, var at bruken av dialekt varierte etter kva for tema som blei diskutert. N\u00e5r det blei diskutert politikk og \u00f8konomi, var det lite dialektbruk, mens bil og trafikk, sport og kriminalitet ga meir bruk av dialekt. Ho trekker fram fleire faktorar som kan vere orsaka til denne variasjonen, og eg skal sj\u00e5 litt n\u00e6rmare p\u00e5 desse.<br \/>\nDet f\u00f8rste ho trekker fram er kva for haldningar folk har til spr\u00e5k og spr\u00e5kstil. I hovudsak blir dei som brukar ei normrett m\u00e5lform, oppfatta \u00e5 vere av ein h\u00f8gare sosial status enn dei som brukar dialekt. Det finst ogs\u00e5 forsking som tyder p\u00e5 at eit konservativt spr\u00e5k blir oppfatta som meir seri\u00f8st, mens dialekt blir oppfatta som meir folkeleg. MA-avhandlinga til Evjen handlar ikkje f\u00f8rst og fremst om haldningar, noko ho sj\u00f8lv peiker p\u00e5. Det er alts\u00e5 ikkje grunnlag for \u00e5 seie noko sikkert om korleis haldningar speler inn p\u00e5 dialektbruk ut fr\u00e5 teksten, men det er rimeleg \u00e5 anta at det kan spele ei rolle.<br \/>\nSidan eit konservativt spr\u00e5k blir oppfatta som meir seri\u00f8st, er det sannsynleg at folk er meir truande til \u00e5 nytte ei normrett m\u00e5lform om dei skal diskutere eit \u00abseri\u00f8st\u00bb tema. D\u00f8me p\u00e5 slike seri\u00f8se tema kan vere politikk og \u00f8konomi, der ein kan sj\u00e5 at det er lite bruk av dialekt. Tilsvarande kan det sj\u00e5 ut til at folk er meir tilb\u00f8yelege til \u00e5 skrive p\u00e5 dialekt om det blir di<\/p>\n<div id=\"attachment_302\" style=\"width: 463px\" class=\"wp-caption alignright\"><a href=\"https:\/\/site.uit.no\/some\/wp-content\/uploads\/sites\/216\/2017\/03\/2043-arbeidskrav-1.png\"><img decoding=\"async\" aria-describedby=\"caption-attachment-302\" class=\"wp-image-302\" src=\"https:\/\/site.uit.no\/some\/wp-content\/uploads\/sites\/216\/2017\/03\/2043-arbeidskrav-1-300x69.png\" width=\"453\" height=\"104\" srcset=\"https:\/\/site.uit.no\/some\/wp-content\/uploads\/sites\/216\/2017\/03\/2043-arbeidskrav-1-300x69.png 300w, https:\/\/site.uit.no\/some\/wp-content\/uploads\/sites\/216\/2017\/03\/2043-arbeidskrav-1.png 761w\" sizes=\"(max-width: 453px) 100vw, 453px\" \/><\/a><p id=\"caption-attachment-302\" class=\"wp-caption-text\">Eksempel p\u00e5 dialektbruk i ein kommentar fr\u00e5 ei nyheitssak<\/p><\/div>\n<p>skutert meir \u00abuseri\u00f8se\u00bb tema, slik som fotball.<br \/>\nEg kan vere einig i at fotball, i alle fall ikkje for meg, er eit veldig seri\u00f8st tema. Derimot er det tema som m\u00e5 kunne seiast \u00e5 vere seri\u00f8se der folk tar i bruk dialekta si n\u00e5r dei diskuterer dei. Til d\u00f8mes kriminalitet og bil og trafikk, som eg meiner det blir galt \u00e5 seie ikkje er seri\u00f8st. I kommentarfeltet til ei av avisene viste det seg ogs\u00e5 at det var hyppig bruk av dialekt i kommentarane til nokre saker som hamna innanfor kategorien politikk. D\u00e5 tyder det p\u00e5 at det er noko anna enn berre det at eit tema blir oppfatta som seri\u00f8st, som avgjer om folk skriv p\u00e5 dialekt eller ikkje.<br \/>\nEvjen fant belegg for at bruken av dialekt aukar ganske drastisk der kommentatoren er engasjert i saka han eller ho kommenterer, og s\u00e6rleg i dei tilfella der han eller ho blir provosert. Slik provokasjon kjem til syne ved at spr\u00e5ket til d\u00f8mes er aggressivt, det dukkar opp banneord, bruk av store bokstavar og kreativ teiknsetting. I kommentarar til saker som handla om fartsgrense i trafikken og at folk meiner at politiet ikkje gjer ein god nok jobb, kjem dette sv\u00e6rt tydeleg fram. Dyremishandling er ogs\u00e5 ein type sak som provoserer mange. Det er ikkje noka overrasking at ein ser mykje dialektbruk i slike saker.<br \/>\nDet som kanskje var meir overraskande, var at ein kunne sj\u00e5 liknande spr\u00e5kbruk ogs\u00e5 i enkelte saker som hamna i politikkategorien. I eitt tilfelle var det ei sak som handla om eit nytt kvartal som skulle byggjast i Bod\u00f8 sentrum. Det viste seg at dette var ein omstridt byggjeplan, og mange av innbyggjarane var djupt ueinige i at det skulle byggjast noko nytt, og i m\u00e5ten det skulle byggjast p\u00e5. Her var det igjen alts\u00e5 mange som var provoserte. Som tidlegere nemnt, blir det skrive meir dialekt n\u00e5r folk blir provoserte. Det kan derfor sj\u00e5 ut til at striden rundt bygginga av det nye kvartalet bidrog til at dialektfrekvensen auka.<br \/>\nDet er ikkje berre n\u00e5r folk er ueinige og blir sinte at dialekta kjem til syne. Kjensler i si heilheit kan ogs\u00e5 f\u00f8re til at bruken av dialekt aukar. Eit sv\u00e6rt tydeleg eksempel p\u00e5 det var ein serie saker som handla om at fotballklubben Bod\u00f8\/Glimt heldt p\u00e5 \u00e5 bukke under p\u00e5 grunn av konkurs. D\u00e5 stilte mange i lokalsamfunnet opp for \u00e5 redde klubben. Lokale fotballklubbar er noko som opptek mange rundt omkring, og som kan vekke sterke kjensler hos folk. I kommentarane til desse sakene var det h\u00f8g dialektfrekvens, med store bokstavar, dialektord og teiknsetting som ikkje passa inn med skriftspr\u00e5knormane.<br \/>\nHer var det ogs\u00e5 kanskje ein viss gruppesolidaritet som spelte inn. Fotballklubbar og andre foreiningar gir samhald, og mange har mykje kjensler knytt til eit slikt samhald. Evjen peiker p\u00e5 at dialektbruk er knytt til slik gruppesolidaritet, men standardvarietet er meir knytt til status og formalitet. N\u00e5r ein kjenner gruppesolidaritet, kan nok trongen til \u00e5 vere formell for mange forsvinne, sidan det blir ein uformell situasjon. Folk tilpassar alts\u00e5 spr\u00e5ket sitt etter kva for slags situasjon dei skriv i.<br \/>\nHaldningar til spr\u00e5k, kva for tema som blir diskutert, eventuell provokasjon, kjensler og engasjement er alts\u00e5 faktorar som kan verke inn p\u00e5 om ein vel \u00e5 skrive dialekt eller ei normert m\u00e5lform. Engasjement kan til d\u00f8mes vere eit n\u00f8kkelomgrep her. Provokasjon, kjensler og tema ein er oppteken av, er alle faktorar som kan bidra til engasjement. Sj\u00f8lv om nokon tema har ein l\u00e5gare frekvens av dialektbruk enn andre, slik som \u00f8konomi og politikk, kan det ogs\u00e5 vere tema innanfor desse kategoriane som appellerer til dialektbruk. Det finst ogs\u00e5 geografiske forskjellar, fordi det som provoserer folk ein stad, ikkje n\u00f8dvendigvis gjer det ein annan stad.<\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"<p>Liv Ragnhild Evjen skreiv i 2011 ei MA-avhandling om dialektbruk i kommentarfelta til nokre utvalde nettavisar. Ein av dei tinga ho kom fram til, var at bruken av dialekt varierte etter kva for tema som blei diskutert. N\u00e5r det blei diskutert politikk og \u00f8konomi, var det lite dialektbruk, mens bil og trafikk, sport og kriminalitet [&hellip;]<\/p>\n","protected":false},"author":704,"featured_media":302,"comment_status":"open","ping_status":"open","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"footnotes":""},"categories":[3],"tags":[],"class_list":["post-299","post","type-post","status-publish","format-standard","has-post-thumbnail","hentry","category-studentinnlegg"],"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/site.uit.no\/some\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/299","targetHints":{"allow":["GET"]}}],"collection":[{"href":"https:\/\/site.uit.no\/some\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/site.uit.no\/some\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/site.uit.no\/some\/wp-json\/wp\/v2\/users\/704"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/site.uit.no\/some\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=299"}],"version-history":[{"count":3,"href":"https:\/\/site.uit.no\/some\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/299\/revisions"}],"predecessor-version":[{"id":309,"href":"https:\/\/site.uit.no\/some\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/299\/revisions\/309"}],"wp:featuredmedia":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/site.uit.no\/some\/wp-json\/wp\/v2\/media\/302"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/site.uit.no\/some\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=299"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/site.uit.no\/some\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=299"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/site.uit.no\/some\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=299"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}