{"id":353,"date":"2017-04-06T11:10:13","date_gmt":"2017-04-06T09:10:13","guid":{"rendered":"https:\/\/site.uit.no\/some\/?p=353"},"modified":"2017-04-06T13:23:56","modified_gmt":"2017-04-06T11:23:56","slug":"nokon-gongar-er-det-greitt-a-snike-seg-unna-dugnaden","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/site.uit.no\/some\/2017\/04\/06\/nokon-gongar-er-det-greitt-a-snike-seg-unna-dugnaden\/","title":{"rendered":"Nokon gongar er det greitt \u00e5 snike seg unna dugnaden"},"content":{"rendered":"<p><em>\u00abDet var veldig merkelig [&#8230;] Den tar meg for langt tilbake\u00bb<\/em>, sa Emma Martinovic til <a href=\"http:\/\/www.aftenposten.no\/norge\/Blogg-om-Utoya-ble-til-bok-172685b.html\">Aftenposten<\/a> d\u00e5 boka hennar \u00abLever\u00bb kom ut. Slik forklarer Martinovic kvifor ho sj\u00f8lv ikkje hadde lese boka, ei trykt utg\u00e5ve av bloggen \u00abut\u00f8yahelvete\u00bb, der Martinovic har skrive om kjenslene etter terroren p\u00e5 Ut\u00f8ya 22. juli 2011. Martinovic beskriv prosessen rundt remediering av tekstane sine, alts\u00e5 \u00e5 bruke opp att eller overf\u00f8re en tekst fr\u00e5 ein kanal til ein annan, i dette h\u00f8vet fr\u00e5 blogg til bok.<\/p>\n<div id=\"attachment_354\" style=\"width: 310px\" class=\"wp-caption alignleft\"><a href=\"https:\/\/site.uit.no\/some\/wp-content\/uploads\/sites\/216\/2017\/04\/digitaloganalog.jpg\"><img fetchpriority=\"high\" decoding=\"async\" aria-describedby=\"caption-attachment-354\" class=\"size-medium wp-image-354\" src=\"https:\/\/site.uit.no\/some\/wp-content\/uploads\/sites\/216\/2017\/04\/digitaloganalog-300x200.jpg\" alt=\"\" width=\"300\" height=\"200\" srcset=\"https:\/\/site.uit.no\/some\/wp-content\/uploads\/sites\/216\/2017\/04\/digitaloganalog-300x200.jpg 300w, https:\/\/site.uit.no\/some\/wp-content\/uploads\/sites\/216\/2017\/04\/digitaloganalog-768x512.jpg 768w, https:\/\/site.uit.no\/some\/wp-content\/uploads\/sites\/216\/2017\/04\/digitaloganalog-1024x683.jpg 1024w\" sizes=\"(max-width: 300px) 100vw, 300px\" \/><\/a><p id=\"caption-attachment-354\" class=\"wp-caption-text\">Ein kan definere remediering som \u00e5 overf\u00f8re ein tekst eller anna innhold fr\u00e5 eit medium til eit anna.<\/p><\/div>\n<p>For \u00e5 finne ut av dette merkelege Martinovic kjenner p\u00e5, skal eg diskutere skilnadene mellom \u00e5 publisere tekstar i sosiale medium og i tradisjonelle trykte publikasjonar. Sp\u00f8rsm\u00e5let er interessant, b\u00e5de for ein som er mest interessert i medievitskap og kommunikasjon og for ein som er mest interessert i pedagogikk og spr\u00e5kdidaktikk.<\/p>\n<p>For \u00e5 ta det siste fyrst, er det eit pedagogisk poeng \u00e5 unders\u00f8kje kva som skjer med spr\u00e5ket gjennom \u00e5 lese og produsere ulike typar tekster. I mi korte l\u00e6rargjerning rakk eg \u00e5 seie fleire gongar, og h\u00f8yre fr\u00e5 kollegaer enno oftare: \u00abDi meir du les, di betre skriv du.\u00bb Gjeld det uansett kva for tekstar ein les?<\/p>\n<p>Sp\u00f8rsm\u00e5let er interessant ogs\u00e5 fordi det gjev oss h\u00f8ve til \u00e5 diskutere kva som skil sosiale medium fr\u00e5 dei tradisjonelle, analoge kanalane for kommunikasjon. For \u00e5 diskutere desse skilnadene tek eg utgangspunkt i nokon av dei s\u00e6rtrekka med sosial mediekommunikasjon som Cecilie Staude og Svein Tore Marthinsen gjer greie for i boka <a href=\"http:\/\/sosialkommunikasjon.no\/boka-var\/\">\u00abSosial kommunikasjon. Personlig \u2013 samtale \u2013 verdi\u00bb<\/a>.<\/p>\n<p>Det f\u00f8rste s\u00e6rtrekket som Staude og Marthinsen beskriv, er at sosiale medium bringer med seg eit <strong>likeverd<\/strong>. Dette likeverdet inneber at skiljet mellom tekstprodusent og tekstkonsument vert viska ut, og det vert lettare \u00e5 gje tilbakemeldingar og respons. Dette tek forfattarane vidare n\u00e5r dei beskriv <strong>dugnads\u00e5nd<\/strong> som eit anna s\u00e6rtrekk i sosiale medium: <em>\u00abP\u00e5 nett lever dugnads\u00e5nden i beste velg\u00e5ende, vi hjelper hverandre med oppgaver som skal l\u00f8ses, svarer p\u00e5 sp\u00f8rsm\u00e5l, tipser, spiller inn ideer og utfyller hverandre. I en tradisjonell dugnad m\u00e5 du m\u00f8te et bestemt klokkeslett og jobbe sammen med andre som m\u00f8ter opp da. P\u00e5 nett kan dugnadsarbeidet foreg\u00e5 til alle d\u00f8gnets tider, og du bidrar n\u00e5r det passer deg og med den innsats du selv vil.\u00bb<\/em><\/p>\n<p>Det er lett \u00e5 tenkje seg at denne digitale dugnaden kan vere til fordel for b\u00e5de tekstprodusenten, tekstkonsumenten og teksten sj\u00f8lv. Til d\u00f8mes finn vi fleire kommentartr\u00e5dar p\u00e5 Trines matblogg der lesarane f\u00e5r hjelp av matbloggar Trine. P\u00e5 <a href=\"http:\/\/trinesmatblogg.no\/2017\/02\/23\/februarmeny-bakt-gulrotsuppe-skrei-sjokoladefondant\/#comments\">denne februarmenyen<\/a> ser vi ogs\u00e5 at bloggen vert ein arena der lesarane hjelper kvarandre uavhengig av Trine. I kommentarane under <a href=\"http:\/\/trinesmatblogg.no\/2007\/03\/01\/italienske-kj\u00f8ttboller\/#comments\">denne oppskrifta p\u00e5 italienske kj\u00f8ttbollar<\/a> har lesaren Christoffer har oppdaga ein feil i oppskrifta, og slik hjelper Trine med \u00e5 forbetre teksten.<\/p>\n<p>Ein skal heller ikkje leite lenge p\u00e5 nettet for \u00e5 finne d\u00f8me p\u00e5 denne dugnaden i dei sj\u00f8lvbiografiske sjukdomsforteljingane, dei s\u00e5kalla patografiane. Sivert Moe skriv bloggen \u00abLivet med angst, kampen for livet\u00bb. Her ser vi interaksjonen mellom menneske som identifiserer seg med kvarandre. Etter innlegget <a href=\"https:\/\/sivertmoe.no\/2015\/12\/31\/vendepunktet\/\">\u00abVendepunktet\u00bb<\/a> ser vi at lesaren Siv skriv: \u00abEr godt \u00e5 kjenne at mine opplevelser likner andres.\u00bb Det er dette Lise-Mari Lauritzen og Linda Hamrin Nesby peiker p\u00e5 i artikkelen \u00abSelvbiografiske sykdomsfortellinger i videreg\u00e5ende skole\u00bb, som vart gjeve ut i tidsskriftet Norskl\u00e6raren i 2016. For \u00e5 forklare kvifor desse forteljingane har vorte s\u00e5 popul\u00e6re og kvifor dei er viktige, skriv Lauritzen og Nesby: <em>\u00abFor det f\u00f8rste kan patografiene hjelpe andre pasienter i samme situasjon. En syk person kan finne tr\u00f8st og hjelp i fortellingen til en annen syk person med samme sykdom.\u00bb<\/em><\/p>\n<p>Desse d\u00f8ma fr\u00e5 bloggane om s\u00e5 ulike emne som mat og sjukdom kan tyde p\u00e5 at tekstar som vert produserte i ein slik digital dugnad oppfyller sin informative spr\u00e5kfunksjon betre enn om dei hadde vorte publiserte utan dialogen mellom tekstprodusent og tekstkonsument. Dette hadde ein ikkje oppn\u00e5dd om slike tekstar hadde vorte publiserte i ei bok eller annan tradisjonell trykt publikasjon, og ved remediering stoppar den digitale dugnaden opp.<\/p>\n<p>Eg vil likevel ikkje argumentere for at alle tekstar b\u00f8r publiserast i sosiale medium i staden for i b\u00f8ker, og slik viske ut skiljet mellom tekstprodusent og tekstkonsument. Dei av oss som er over gjennomsnittet opptekne av sosiale medium b\u00f8r reflektere over effekten av at tekstkonsumentar stadig oftare vert oppmoda om samstundes \u00e5 fungere som tekstprodusent. Nokon gongar er det greitt \u00e5 avlyse dugnaden og halde fram skiljet mellom tekstprodusent og tekstkonsument, og mellom ekspert og brukar. For \u00e5 vere like konkret som tidlegare: Det er fyrst og fremst ein utdanna medisinar som b\u00f8r vere legen for pasienten med ukl\u00e5re symptom, og det er ern\u00e6ringsfysiologen som b\u00f8r gjeve diabetikaren r\u00e5d. Vi gjer klokt i \u00e5 vurdere om stadig fleire digitale allmannam\u00f8te bidreg til \u00e5 svekkje autoriteten til dei som i kraft av kunnskap og erfaring b\u00f8r vere ekspertar p\u00e5 sine felt. P\u00e5 lengre sikt kan dette f\u00f8re til svekt tillit til fagskribenten og til viktige sjangrar som fagb\u00f8ker og vitskapelege artiklar.<\/p>\n<p>For \u00e5 kome vidare i denne diskusjonen vender eg attende til Staude og Marthinsen og s\u00e6rtrekka dei legg vekt p\u00e5 i utgreiinga om sosiale medium. Eit anna slikt trekk er <strong>den raske publiseringa<\/strong> og <strong>den raske spreiinga<\/strong>. Samanlikna med publisering i tradisjonelle publikasjonar er det i sosiale medium kort veg fr\u00e5 tanke til tekst. N\u00e5r teksten slik vert eit augneblinksbilete utan omfattande omarbeiding, er det mogleg \u00e5 argumentere for at han vert meir truverdig. Spesielt gjeld dette tekstar som har ein ekspressiv funksjon, til d\u00f8mes sjukdomsbloggar av den typen Lauritzen og Nesby kallar \u00abkaosforteljingar\u00bb. Den same korte vegen fr\u00e5 tekst til tanke kan ogs\u00e5 ha uheldige konsekvensar, og eg skal kort nemne eit par slike. Den eine handlar om tekstprodusenten, den andre handlar om teksten sj\u00f8lv.<\/p>\n<p>Pressa har heilt sidan den tredje revideringa av det pressetiske dokumentet Ver varsam-plakaten i 1975 hatt eit bevisst forhold til farane ved dei spontane ytringane. I <a href=\"http:\/\/presse.no\/pfu\/etiske-regler\/vaer-varsom-plakaten\/vvpl-nynorsk\/\">den siste versjonen av Ver varsam-plakaten<\/a> som gjeld fr\u00e5 2015, heiter det: <em>\u00abOpptre omsynsfullt i den journalistiske arbeidsprosessen. Vis s\u00e6rleg omsyn overfor personar som ein ikkje kan vente er klar over verknaden av det dei uttaler til pressa. Misbruk ikkje andres kjensler, kunnskapsl\u00f8yse eller sviktande d\u00f8mmekraft. Hugs at menneske i sjokk eller sorg er meir s\u00e5rbare enn andre.\u00bb<\/em> Det er denne formuleringa som p\u00e5 folkemunne vert omtalt som at pressa i nokon h\u00f8ve beskyttar menneske mot seg sj\u00f8lve, ved at dei spontane ytringane ikkje vert publisert direkte.\u00a0 Den same aktsemda b\u00f8r vi ha med oss n\u00e5r vi snakkar om sosiale medium, som tilbyr ein kanal utan filter eller moderatorar f\u00f8r ytringa vert publisert og ofte raskt spreidd. Denne \u00e5tvaringa kjem ogs\u00e5 Lauritzen og Nesby med i sin artikkel om patografiane. Her minner dei om at <em>\u00abgjennom \u00e5 forfatte en patografi vil man kunne bli et offentlig menneske, og gjennom dagens \u00e5pne, sosiale plattformer kan dette ogs\u00e5 bli en stor belastning for den syke.\u00bb<\/em> Ein treng likevel ikkje vere alvorleg sjuk for \u00e5 vere ein ubeskytta tekstprodusent som publiserer tekstar ein kan kome til \u00e5 angre p\u00e5 seinare. Mariann Johansen fekk mykje merksemd d\u00e5 ho i innlegget <a href=\"http:\/\/www.aftenposten.no\/meninger\/debatt\/Jeg-er-mammabloggeren-som-angret--Mariann-Johansen-603466b.html\">\u00abJeg er mammabloggeren som angret\u00bb<\/a> tok eit oppgjer med sin eiga vurderingsevne og det ho sj\u00f8lv kallar utleverande tekstar. N\u00e5r ho ser attende p\u00e5 bileta av borna sine som ho har delt, skriv ho at <em>\u00abi dag er de allemannseie i sanntid og spres ikke bare til familie og venner, men til perifere mennesker man p\u00e5 et eller annet tidspunkt har funnet kvalifisert til \u00e5 legges til vennelisten p\u00e5 Facebook.\u00bb<\/em> Med det beskriv ho godt det som Alice Marwick og danah boyd kallar kontekstkollaps i artikkelen <a href=\"http:\/\/journals.sagepub.com\/doi\/pdf\/10.1177\/1461444810365313\"><em>I tweet honestly, I tweet passionately: Twitter users, context collapse, and the imagined audience<\/em><\/a>. Kontekstkollaps oppst\u00e5r i sosiale medium n\u00e5r fleire grupper ein vanlegvis ikkje kommuniserer med samstundes, vert samla til eit felles publikum for ytringane v\u00e5re. Refleksjonane fr\u00e5 mammabloggar Johnsen er spesielt interessante fordi dei antydar at vi ikkje kan ta for gitt, slik Marvick og boyd gjer, at spr\u00e5kbrukaren finn strategiar for \u00e5 handtere dette.<\/p>\n<p>Motsetnaden til den spontane tekstproduksjonen for publisering i sosiale medium er den skrivinga som skjer med tanke p\u00e5 seinare publisering i tradisjonelle analoge kanalar. Denne langsamare tekstproduksjonen har fleire innebygde stoppestadar i prosessen, som endrar spr\u00e5ket og strukturen i teksten. Skal teksten til d\u00f8mes publiserast av eit forlag, vert teksten lesen av andre auge. Ikkje sjeldan g\u00e5r han d\u00e5 gjennom omfattande endringar, og vi m\u00e5 anta at teksten vert betra gjennom slike prosessar. Den same vona ligg truleg \u00f2g til grunn for m\u00e5la i <a href=\"https:\/\/www.udir.no\/kl06\/NOR1-05\/Hele\/Grunnleggende_ferdigheter\">l\u00e6replanen i norsk<\/a>, der evna til \u00e5 omarbeide eigne tekstar vert nemnd b\u00e5de som ei grunnleggande ferdigheit og som eit kompetansem\u00e5l p\u00e5 fleire \u00e5rstrinn. Sameleis har <a href=\"http:\/\/www.skrivesenteret.no\/\">nasjonalt senter for skriveoppl\u00e6ring og skriveforsking<\/a> rettleiingar om skrivestrategiar. Desse rettleiingane inkluderer b\u00e5de h\u00f8gtlesing, samskriving, og for oss er det spesielt interessant at skrivesenteret legg stor vekt p\u00e5 modelltekstar og eksempeltekstar i denne samanhengen. Det gjer det interessant for oss \u00e5 reflektere over kva for skrivekompetanse ein utviklar om ein les stadig fleire spontant produserte tekstar i sosiale medium og stadig f\u00e6rre tekstar som er eit resultat av ein lengre prosess. Dette sp\u00f8rsm\u00e5let h\u00e5par eg den pedagogiske forskinga vil unders\u00f8ke meir i tida framover.<\/p>\n<p>&nbsp;<\/p>\n<p>&nbsp;<\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"<p>\u00abDet var veldig merkelig [&#8230;] Den tar meg for langt tilbake\u00bb, sa Emma Martinovic til Aftenposten d\u00e5 boka hennar \u00abLever\u00bb kom ut. Slik forklarer Martinovic kvifor ho sj\u00f8lv ikkje hadde lese boka, ei trykt utg\u00e5ve av bloggen \u00abut\u00f8yahelvete\u00bb, der Martinovic har skrive om kjenslene etter terroren p\u00e5 Ut\u00f8ya 22. juli 2011. Martinovic beskriv prosessen rundt [&hellip;]<\/p>\n","protected":false},"author":678,"featured_media":354,"comment_status":"open","ping_status":"open","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"footnotes":""},"categories":[3],"tags":[],"class_list":["post-353","post","type-post","status-publish","format-standard","has-post-thumbnail","hentry","category-studentinnlegg"],"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/site.uit.no\/some\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/353","targetHints":{"allow":["GET"]}}],"collection":[{"href":"https:\/\/site.uit.no\/some\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/site.uit.no\/some\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/site.uit.no\/some\/wp-json\/wp\/v2\/users\/678"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/site.uit.no\/some\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=353"}],"version-history":[{"count":1,"href":"https:\/\/site.uit.no\/some\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/353\/revisions"}],"predecessor-version":[{"id":355,"href":"https:\/\/site.uit.no\/some\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/353\/revisions\/355"}],"wp:featuredmedia":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/site.uit.no\/some\/wp-json\/wp\/v2\/media\/354"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/site.uit.no\/some\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=353"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/site.uit.no\/some\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=353"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/site.uit.no\/some\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=353"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}