{"id":367,"date":"2017-04-18T11:31:00","date_gmt":"2017-04-18T09:31:00","guid":{"rendered":"https:\/\/site.uit.no\/some\/?p=367"},"modified":"2017-04-18T11:31:00","modified_gmt":"2017-04-18T09:31:00","slug":"engelsk-sprak-i-den-norske-dataspel-sjargongen","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/site.uit.no\/some\/2017\/04\/18\/engelsk-sprak-i-den-norske-dataspel-sjargongen\/","title":{"rendered":"Engelsk spr\u00e5k i den norske dataspel-sjargongen"},"content":{"rendered":"<p>Engelsk spr\u00e5k er noko vi nordmenn blir utsett for kvar dag. P\u00e5 TV, i musikk, p\u00e5 Internett, p\u00e5 produkt vi kj\u00f8per, spel vi speler osv. Overalt kan ein sj\u00e5 eller h\u00f8yre engelsk. Mens eg sit her og skriv denne teksten treng eg berre \u00e5 lyfte blikket og det fyrste eg f\u00e5r auge p\u00e5 er orda \u201dyou deserve it\u201d som st\u00e5r skrive p\u00e5 ein boks med leppepomade. Ser eg meg rundt i rommet mitt, finn eg ein haug med annan engelsk tekst p\u00e5 ulike produkt. Til og med eit fleirtal av b\u00f8kene mine er engelske. Eit av dei f\u00e5 eksempla eg finn p\u00e5 norsk spr\u00e5k, er dei orda eg sit \u00e5 skriv no. Vi lever i ei verd der vi er omringa av engelsk, s\u00e5 kva gjer det med spr\u00e5ket v\u00e5rt?<\/p>\n<p>Anne Mette Sunde har unders\u00f8kt denne spr\u00e5kp\u00e5verknaden i artikkelen sin: \u201d<a href=\"http:\/\/ojs.novus.no\/index.php\/NLT\/article\/download\/1344\/1330\">Inspect kniven i inventoryen min.\u201d Spr\u00e5klig praksis i nytt domene<\/a>. Her har ho sett n\u00e6rare p\u00e5 spr\u00e5ket til spr\u00e5kbrukarar som er ein del av Counter-Strike-milj\u00f8et i Noreg. Counter-Strike: Global offensive (heretter Counter-Strike) er eit dataspel som blir spelt p\u00e5 lag mot andre over Internett, og som i dei fleste andre dataspel er spr\u00e5ket i spelet engelsk. N\u00e5r norske spelarar speler saman, snakkar dei norsk, men som vi skal sj\u00e5 vidare er det mykje innslag av engelsk i spr\u00e5kbruken deira.<\/p>\n<p>Studien til Sunde byggjer p\u00e5 eit munnleg og eit skriftleg datasett fr\u00e5 samtalar mellom norskspr\u00e5klege Counter-Strike spelarar, i tillegg til eit intervju gjort med dei same spelarane der dei blei spurt om \u00e5 kommentere p\u00e5 eigen spr\u00e5kbruk. I studien fann ho ut at dei aller fleste engelske orda brukt i datamaterialet er anten verb eller substantiv. Alt i alt fann ho 60 verbstammar og 72 substantivstammar i datamaterialet:<\/p>\n<p><a href=\"https:\/\/site.uit.no\/some\/wp-content\/uploads\/sites\/216\/2017\/04\/IMG_4035.jpg\"><img fetchpriority=\"high\" decoding=\"async\" class=\"alignnone size-large wp-image-368\" src=\"https:\/\/site.uit.no\/some\/wp-content\/uploads\/sites\/216\/2017\/04\/IMG_4035-1024x244.jpg\" alt=\"\" width=\"1024\" height=\"244\" srcset=\"https:\/\/site.uit.no\/some\/wp-content\/uploads\/sites\/216\/2017\/04\/IMG_4035-1024x244.jpg 1024w, https:\/\/site.uit.no\/some\/wp-content\/uploads\/sites\/216\/2017\/04\/IMG_4035-300x72.jpg 300w, https:\/\/site.uit.no\/some\/wp-content\/uploads\/sites\/216\/2017\/04\/IMG_4035-768x183.jpg 768w, https:\/\/site.uit.no\/some\/wp-content\/uploads\/sites\/216\/2017\/04\/IMG_4035.jpg 1491w\" sizes=\"(max-width: 1024px) 100vw, 1024px\" \/><\/a><\/p>\n<p>&nbsp;<\/p>\n<p>&nbsp;<\/p>\n<p style=\"text-align: center\"><a href=\"https:\/\/site.uit.no\/some\/wp-content\/uploads\/sites\/216\/2017\/04\/IMG_4033.jpg\"><img decoding=\"async\" class=\"alignnone size-large wp-image-369\" src=\"https:\/\/site.uit.no\/some\/wp-content\/uploads\/sites\/216\/2017\/04\/IMG_4033-1024x329.jpg\" alt=\"\" width=\"1024\" height=\"329\" srcset=\"https:\/\/site.uit.no\/some\/wp-content\/uploads\/sites\/216\/2017\/04\/IMG_4033-1024x329.jpg 1024w, https:\/\/site.uit.no\/some\/wp-content\/uploads\/sites\/216\/2017\/04\/IMG_4033-300x96.jpg 300w, https:\/\/site.uit.no\/some\/wp-content\/uploads\/sites\/216\/2017\/04\/IMG_4033-768x247.jpg 768w, https:\/\/site.uit.no\/some\/wp-content\/uploads\/sites\/216\/2017\/04\/IMG_4033.jpg 1450w\" sizes=\"(max-width: 1024px) 100vw, 1024px\" \/><\/a><\/p>\n<p>Dei engelske verba og substantiva blei som regel integrert som leksikalske stammar med norske b\u00f8yingsaffiks og funksjonsord lagt til (Sunde 2016: 139), med nokon f\u00e5 unntak. N\u00e5r verbet sto i infinitiv, presens eller preteritum blei norsk b\u00f8yingsaffiks lagt til, eksempelvis <i>defuse, carryer <\/i>og<i> overextenda<\/i>. Unntaket var nokon f\u00e5 tilfelle der verb i partisippform beheldt det engelske b\u00f8yingsaffikset, som i <i>banned<\/i>, men i alle tilfelle var det snakk om adjektivisk b\u00f8ying av verbet (Sunde 2016: 140). Alts\u00e5 blei norske b\u00f8yingsaffiks nesten alltid lagt til dei engelske verbstammane som vart sett inn i norsk.<\/p>\n<p>Som sagt fann Sunde 72 substantivstammar i datamaterialet. Engelsk har ikkje genus, men likevel har 38 av substantiva vorte tilordna genus n\u00e5r dei har vorte tatt opp i norsk. Dei resterande substantiva opptrer i former der genus er usynleg, feks. fleirtal (Sunde 2016: 141). Dei fleste substantiva (74%) i datamaterialet blei tilordna maskulint genus, mens 8% fikk n\u00f8ytralt genus og 5% fikk vekslande genus. Ingen av substantiva blei tilordna feminint genus. Dette seier Sunde (2016: 142) kan vere fordi informantane sj\u00f8lv har eit todelt genussystem, men ogs\u00e5 fordi engelske substantiv sv\u00e6rt sjeldan blir tilordna feminint genus i norsk. I likskap med engelske verbstammar, f\u00f8lgjer ogs\u00e5 engelske substantivstammar norske b\u00f8yingsreglar: <i>en smoke, traden, gamesene<\/i>. Unntaket er substantiv som opptrer i ubunden form fleirtal, for eksempel: <i>games, offers, smokes <\/i>og<i> maps<\/i>. I staden for \u00e5 f\u00f8lgje norske b\u00f8yingsreglar beheld dei den engelske fleirtalsmark\u00f8ren i nesten alle tilfelle (Sunde 2016: 144).<\/p>\n<p>Som ei f\u00f8rebels oppsummering kan vi seie at dei norsktalande Counter-Strike spelarane har betydeleg innslag av engelsk i spr\u00e5ket sitt n\u00e5r dei snakkar til kvarandre mens dei spelar. Dei aller fleste engelske orda som vart tatt inn i spr\u00e5ket deira er anten verb eller substantiv, og som oftast vert dei b\u00f8ygde etter norske b\u00f8yingsreglar (med nokon f\u00e5 unntak). Som Sunde skriv: \u201dNorsk er et tydelig matrisespr\u00e5k mens engelsk bidrar med leksikalske stammer som settes inn i det norske matrisespr\u00e5ket\u201d (2016: 138). Vidare i denne bloggteksten vil eg sj\u00e5 p\u00e5 den mogelege sosiale tydinga bruken av denne sjargongen har.<\/p>\n<p>Counter-Strike blir p\u00e5 spel nettstaden <a href=\"http:\/\/store.steampowered.com\/app\/730\"><em>Steam<\/em><\/a> omtalt som verdas mest popul\u00e6re online-actionspel, med spelarar fra heile verda. Spelet har difor eit stort internasjonalt samfunn av spelarar. Berre f\u00f8rre m\u00e5nad (februar 2017) var det if\u00f8lgje spelet sin <a href=\"http:\/\/blog.counter-strike.net\">eigen nettstad<\/a> over 11 millionar personar som spelte Counter-Strike. Sidan spelet er p\u00e5 engelsk og engelsk er eit av dei mest vanlege spr\u00e5ka i verda i dag er det naturleg at det meste av kommunikasjon i dette spelsamfunnet skjer p\u00e5 engelsk. Slik det nok er tilfelle i mange andre spelsamfunn knytte til andre popul\u00e6re dataspel. Ein m\u00e5 alts\u00e5 kunne meistre engelsk for \u00e5 spele Counter-Strike, og for \u00e5 vere ein del av det internasjonale spelmilj\u00f8et omkring Counter-Strike. Det kan difor vere mogeleg at dei norske spelarane bruker engelske ord fordi dei ynskjer \u00e5 identifisere seg med og vere ein del av den internasjonale dataspelkulturen.<\/p>\n<p>Sunde har kategorisert dei ulike verb- og substantivstammane i datamaterialet inn i <i>kulturelle l\u00e5n, kjernel\u00e5n <\/i>og<i> etablerte l\u00e5nord i norsk<\/i>. Med <i>kulturelle l\u00e5n<\/i> referer ho til ord for objekt, aktivitetar og konsept som er nye i l\u00e5netakarspr\u00e5ket (i dette tilfelle norsk), som ikkje har fullgode synonyme norske uttrykk, og som dermed blir kopiert og tatt i bruk av praktiske grunnar (for eksempel <i>nade, moneyfuck<\/i>). I denne samanhengen vil desse orda vere ord og termar knytte til Counter-Strike spelet og som vil v\u00e6re tungvint \u00e5 oversetje til norsk ettersom det ikkje finst eit fullgodt norsk erstatningsord. <i>Kjernel\u00e5n<\/i> referer til ord som erstattar allereie eksisterande ord i l\u00e5netakarspr\u00e5ket, og som i st\u00f8rre grad enn kulturelle l\u00e5n kan seiast \u00e5 vere motivert ut ifr\u00e5 eit ynske om \u00e5 assosiere seg med eller uttrykkje tilh\u00f8yrsle til eit spesifikt fellesskap, i dette tilfelle det internasjonale Counter-Strike milj\u00f8et, for eksempel <i>luck, attention, overtime<\/i> (Sunde 2016: 153). Med <i>etablerte l\u00e5nord i norsk<\/i> viser Sunde til ord som er etablerte i norsk generelt, og som dei fleste av oss kjenner til, eksempelvis <i>mail, cash, gamble<\/i> (Sunde 2016: 154). Nedanfor kan du sj\u00e5 ein tabell som viser kva for ein av desse tre kategoriane verb- og substantivstammane hamnar i:<\/p>\n<p><a href=\"https:\/\/site.uit.no\/some\/wp-content\/uploads\/sites\/216\/2017\/04\/IMG_4034.jpg\"><img decoding=\"async\" class=\"alignnone size-large wp-image-370\" src=\"https:\/\/site.uit.no\/some\/wp-content\/uploads\/sites\/216\/2017\/04\/IMG_4034-1024x240.jpg\" alt=\"\" width=\"1024\" height=\"240\" srcset=\"https:\/\/site.uit.no\/some\/wp-content\/uploads\/sites\/216\/2017\/04\/IMG_4034-1024x240.jpg 1024w, https:\/\/site.uit.no\/some\/wp-content\/uploads\/sites\/216\/2017\/04\/IMG_4034-300x70.jpg 300w, https:\/\/site.uit.no\/some\/wp-content\/uploads\/sites\/216\/2017\/04\/IMG_4034-768x180.jpg 768w, https:\/\/site.uit.no\/some\/wp-content\/uploads\/sites\/216\/2017\/04\/IMG_4034.jpg 1481w\" sizes=\"(max-width: 1024px) 100vw, 1024px\" \/><\/a><\/p>\n<p>Som vi kan sj\u00e5, s\u00e5 hamnar det store fleirtalet (77.3%) av engelske ord brukt av spelarene i kategorien <i>kulturelle<\/i> <i>l\u00e5n<\/i>. 14.4% vert rekna som etablerte l\u00e5nord i norsk og berre 8.3% av dei engelske orda vert rekna for \u00e5 vere <i>kjernel\u00e5n<\/i>. Alts\u00e5 blir det store fleirtalet av engelske ord tatt inn i spr\u00e5ket av spelarane av praktiske omsyn. Dette er ogs\u00e5 noko som spelarane sj\u00f8lv fortel i intervjuet som blei gjort med dei. Dei fortel at mange av dei engelske orda som dei bruker er ein del av den internasjonale fagterminologien til Counter-Strike og har vorte brukt av spelarane heilt sidan spelet blei lansert i 1999. Det er difor uproblematisk og praktisk \u00e5 bruke desse termane, og det ville vore tungvint og upraktisk \u00e5 skulle omsetje desse til norsk (Sunde 2016: 148).<\/p>\n<p>Sj\u00f8lv om engelske ord fyrst og fremst vart brukt av praktiske omsyn, tyder ikkje det at engelske ord ikkje ogs\u00e5 er tatt i bruk for \u00e5 uttrykkje ein felles identitet og tilh\u00f8yrsle til det internasjonale Counter-Strike milj\u00f8et. Fleire av dei orda som Sunde reknar som kulturelle l\u00e5n har fullgode norske termar (men ofte med ei spesiell tyding innanfor Counter-Strike) og kan s\u00e5leis verte rekna for \u00e5 ligge ein stad i mellomsjiktet mellom kulturelle l\u00e5n og kjernel\u00e5n (Sunde 2016: 155). S\u00e5 sj\u00f8lv om majoriteten av engelske ord vart brukt av praktiske omsyn, kan det hende at dei i tillegg blir brukt (ubevisst?) av spelarane for \u00e5 uttrykkje tilh\u00f8yrsle med det internasjonale Counter-Strike milj\u00f8et. Det er jo faktisk slik at dei er n\u00f8ydd til \u00e5 meistre engelsk og ogs\u00e5 den engelske terminologien brukt i Counter-Strike for i det heile tatt \u00e5 kunne spele spelet.<\/p>\n<p>Referansar:<br \/>\nSunde, A. M. (2016). Inspect kniven i inventoryen min.\u201d Spr\u00e5klig praksis i nytt domene.\u201d <em>Norsk Lingvistisk<\/em> <i>Tidsskrift<\/i>, 34, 133-160. Hentet fra http:\/\/ojs.novus.no<\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"<p>Engelsk spr\u00e5k er noko vi nordmenn blir utsett for kvar dag. P\u00e5 TV, i musikk, p\u00e5 Internett, p\u00e5 produkt vi kj\u00f8per, spel vi speler osv. Overalt kan ein sj\u00e5 eller h\u00f8yre engelsk. Mens eg sit her og skriv denne teksten treng eg berre \u00e5 lyfte blikket og det fyrste eg f\u00e5r auge p\u00e5 er orda [&hellip;]<\/p>\n","protected":false},"author":682,"featured_media":371,"comment_status":"open","ping_status":"open","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"footnotes":""},"categories":[3],"tags":[],"class_list":["post-367","post","type-post","status-publish","format-standard","has-post-thumbnail","hentry","category-studentinnlegg"],"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/site.uit.no\/some\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/367","targetHints":{"allow":["GET"]}}],"collection":[{"href":"https:\/\/site.uit.no\/some\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/site.uit.no\/some\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/site.uit.no\/some\/wp-json\/wp\/v2\/users\/682"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/site.uit.no\/some\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=367"}],"version-history":[{"count":1,"href":"https:\/\/site.uit.no\/some\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/367\/revisions"}],"predecessor-version":[{"id":372,"href":"https:\/\/site.uit.no\/some\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/367\/revisions\/372"}],"wp:featuredmedia":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/site.uit.no\/some\/wp-json\/wp\/v2\/media\/371"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/site.uit.no\/some\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=367"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/site.uit.no\/some\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=367"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/site.uit.no\/some\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=367"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}