{"id":427,"date":"2022-02-22T17:15:20","date_gmt":"2022-02-22T16:15:20","guid":{"rendered":"https:\/\/site.uit.no\/some\/?p=427"},"modified":"2022-03-02T11:16:36","modified_gmt":"2022-03-02T10:16:36","slug":"er-vi-ikkje-venar-eller","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/site.uit.no\/some\/2022\/02\/22\/er-vi-ikkje-venar-eller\/","title":{"rendered":"Er vi ikkje venar eller?"},"content":{"rendered":"<p><em>Av Elise Bremnes og Sara Fl\u00f8tlien<\/em><br \/>\n<em>Nordiskstudentar ved lektorprogrammet UiT<\/em><\/p>\n<p>Sara sukkar. Ho ser oppgitt ned p\u00e5 mobiltelefonen. Ei ny melding fr\u00e5 Elise. Ho har ein tanke som ho har grubla p\u00e5 ei stund. No skriv ho meldinga og trykkar p\u00e5 \u00absend\u00bb:\u00a0<em>\u00abElise, \u00e5ffer skriver du ikke p\u00e5 dialekt til meg?\u00bb<\/em><\/p>\n<p>Elise kjem fr\u00e5 Troms\u00f8 by og snakkar ei \u00abpen\u00bb troms\u00f8dialekt. P\u00e5\u00a0<em>Messenger<\/em>\u00a0er ho p\u00e5 den andre sida \u00abspr\u00e5kforvirra\u00bb. I gruppechatten kor ogs\u00e5 dei nordnorske medstudentane deltek i samtalen, skriv ho mest \u00abp\u00e5 dialekt\u00bb. Unntaket er n\u00e5r Sara sp\u00f8r om noko. D\u00e5 byter Elise over til bokm\u00e5l, som er det ho brukar mest i chatten mellom berre dei to. For korleis svarar ein nokon fr\u00e5 Austlandet som skriv bortimot bokm\u00e5l, utan \u00e5 h\u00f8yrast \u00abvulg\u00e6r\u00bb ut?<\/p>\n<p>I private brev og dagb\u00f8ker skreiv dei norske polfararane lydn\u00e6rt heilt sidan 1913 (Lundeby, 2002).\u00a0<a href=\"https:\/\/www.sprakradet.no\/Vi-og-vart\/Publikasjoner\/Spraaknytt\/Arkivet\/Spraaknytt_2002\/Spraaknytt_2002_2\/Polfarernorsk\/\">\u00abPolfararnorsken\u00bb<\/a>\u00a0sine forkortingar og brot med vanleg skrivem\u00e5te, skulle vise seg \u00e5 berre vere byrjinga p\u00e5 \u00abkvardagsskrivinga\u00bb som i stor grad pregar den digitale kommunikasjonen p\u00e5 private SoMe-kanalar som <em>Facebook Messenger\u00a0<\/em>og\u00a0<em>Snapchat\u00a0<\/em>i dag.<\/p>\n<p>\u00c5 \u00abskrive dialekt\u00bb er alts\u00e5 ikkje eit nytt fenomen, og det er spesielt utbreidd i Nord-Noreg. Det siste kjem fram i gallup-unders\u00f8kinga til Spr\u00e5kr\u00e5det (2017), kor 45% av nordlendingar rapporterer at dei ofte skriv dialekt privat, og kor 53% av dei under 30 \u00e5r nasjonalt seier at dei gjer det (Vangsnes, 2019). S\u00e5 kvifor skriv 25 \u00e5r gamle Elise fr\u00e5 Troms\u00f8 p\u00e5 bokm\u00e5l til Sara, sj\u00f8lv om ho elles skriv til venar med nordnorske dialekttrekk som \u00ab\u00e6\u00bb, \u00abkor\u00bb og \u00abd\u00e5kker\u00bb?<\/p>\n<p>P\u00e5 eit spekter fr\u00e5 nesten heilt ortofon (lydn\u00e6r) skriving til \u00e5 berre bruke nokre f\u00e5 dialekttrekk, s\u00e5 er meldingane til Elise vanlegvis eit d\u00f8me p\u00e5 \u00abmindre ortofon\u00bb dialektn\u00e6r skriving (Vangsnes, 2019). Dei har eit tydeleg dialektpreg p\u00e5 grunn av at ho brukar nordnorske personlege pronomen som \u00ab\u00e6\u00bb, \u00abd\u00e6, \u00abho\u00bb, \u00abm\u00e6\u00bb og \u00abd\u00e5kker\u00bb, og sp\u00f8rjeord p\u00e5 k- som \u00abkor\u00bb, \u00abka\u00bb, \u00abkatti\u00bb, \u00abkordan\u00bb og \u00abkoffer\u00bb. I tillegg b\u00f8yer ho verb i presens utan -r\/-er som \u00absitt\u00bb (for bm: sitter), \u00abe\u00bb (for bm: er), og s\u00e5 vidare. Hybridnorma er ikkje heilt ortofon, og dreg vekslar p\u00e5 b\u00e5de skrift og tale, sidan ho til d\u00f8mes skriv stumme konsonantar som \u00abd\u00bb i preposisjonen \u00abved\u00bb,<a href=\"https:\/\/blogg.forskning.no\/oystein-a-vangsnes-blogg\/roald-amundsen-pa-polpunktet-ein-sprakleg-utadaesjaelapplevelse\/1114754\">\u00a0i motsetning til polfararen Amundsen.<\/a>\u00a0Desse trekka kan ein sj\u00e5 i dei to f\u00f8rste meldingane (til h\u00f8gre i lilla) i chatten mellom Sara og Elise nedanfor:<\/p>\n<figure class=\"wp-block-image size-large is-resized\"><a href=\"https:\/\/strayalife.files.wordpress.com\/2022\/02\/picture-1.png\"><img decoding=\"async\" class=\"wp-image-2058\" src=\"https:\/\/strayalife.files.wordpress.com\/2022\/02\/picture-1-edited.png\" alt=\"\" width=\"380\" \/><\/a><figcaption><em>Figur\u00a01\u00a0Eit d\u00f8me p\u00e5 at Elise (til h\u00f8gre i lilla) byter fr\u00e5 dialektskriving til bokm\u00e5l i chat med Sara (til venstre)<\/em><\/figcaption><\/figure>\n<p>To d\u00f8me p\u00e5 relativt ortofon\u00a0dialektskriving (sj\u00e5 t.d. &#8220;mindre ortofon tekstpr\u00f8ve&#8221; hos Vangsnes, 2019), med ortofone innslag i <strong>feit skrift<\/strong> og standardortografisk skrivem\u00e5te som skil seg fr\u00e5 dialekta, i <em>kursiv<\/em>:<\/p>\n<p>1.\u00a0<strong>Kor<\/strong>\u00a0<em>gikk<\/em>\u00a0<strong>d\u00e5kker nu<\/strong>?<\/p>\n<p>3. Okei,\u00a0<strong>\u00e6<\/strong>\u00a0<strong>sitt<\/strong>\u00a0nede p\u00e5 biblioteket <em>rett ved<\/em> den\u00a0<strong>utstillinga<\/strong>, s\u00e5\u00a0<strong>e<\/strong>\u00a0bare \u00e5 <em>komme<\/em> hit <em>etter<\/em>p\u00e5 <em>hvis<\/em>\u00a0<strong>d\u00e5kker<\/strong> skal <em>lese<\/em><\/p>\n<p>Viss ein les vidare i samtalen, kan ein derimot sj\u00e5 eit d\u00f8me p\u00e5\u00a0<em>kodeveksling<\/em>, alts\u00e5 eit spr\u00e5kbyte, kor Elise byter fr\u00e5 \u00abdialektskriving\u00bb til standardnorm<em>.\u00a0<\/em>Det skjer midt i fjerde melding kor ho plutseleg skriv \u00aber\u00bb (i staden for \u00abe\u00bb fr\u00e5 verbet\u00a0<em>\u00e5 vere<\/em>) og -er-ending for \u00e5 markere ubestemt fleirtal av substantivet (i staden for \u00abmuligheta\u00bb):<\/p>\n<p>4. Lyst til \u00e5 g\u00e5 p\u00e5 R\u00f8dtinden ellerno\u00a0<strong>im\u00e5rra<\/strong>\u00a0tidlig\u00a0<strong>sia<\/strong>\u00a0vi har \u00abfri\u00bb og det\u00a0<strong><u>er<\/u>\u00a0<\/strong>meldt greit v\u00e6r?<\/p>\n<p>5. Styrmannstinden eller Kj\u00f8len\u00a0<strong><u>er<\/u>\u00a0<\/strong>andre mulighet<strong><u>er<\/u><\/strong><\/p>\n<p>Kodevekslinga f\u00f8rekjem ikkje ofte midt i ei og same melding, men skjer gjerne etter at Sara har svart med \u00abbokm\u00e5l\u00bb p\u00e5 ei tidlegare melding med dialekttrekk. Dei fleste meldingane som Elise har skrive p\u00e5 dialekt i chatten mellom dei to, er meldingar som startar ein samtaletr\u00e5d. Bytet til bokm\u00e5l skjer derfor f\u00f8rst etter at Sara har svart, slik som i samtalen nedanfor:<\/p>\n<figure class=\"wp-block-image size-large is-resized\"><a href=\"https:\/\/strayalife.files.wordpress.com\/2022\/02\/picture-2.jpg\"><img decoding=\"async\" class=\"wp-image-2057\" src=\"https:\/\/strayalife.files.wordpress.com\/2022\/02\/picture-2-edited.jpg\" alt=\"\" width=\"384\" \/><\/a><figcaption><em>Figur\u00a02\u00a0Eit d\u00f8me p\u00e5 Elise si kodeveksling til bokm\u00e5l (nedst) <strong>etter<\/strong> svaret <\/em><i>fr<\/i><em>\u00e5 Sara p\u00e5 bokm\u00e5l (til venstre)<\/em><\/figcaption><\/figure>\n<p>Sj\u00f8lv om samtalen er eit av fleire d\u00f8me p\u00e5 \u00abkvardagsskriving\u00bb om eitt tema over eit par timar, byter Elise fr\u00e5 dialektskriving (\u00abKor mye kl\u00e6r trengte d\u00e5kker?\u00bb) til bokm\u00e5l (\u00abliknende\u00bb vs. nordnorsk \u00ablignanes\u00bb).<\/p>\n<p>B\u00e5de nordnorske dialekttrekk og kodeveksling til standardnorm er alts\u00e5 sentrale trekk ved skrivepraksisen til Elise,<em>\u00a0men kva for funksjon har dei eigentleg i den sosiale konteksten?<\/em><\/p>\n<p>If\u00f8lgje Rotevatn (2014, s. 99) er kodevekslinga til ungdom avansert, og ho kallar det for \u00abeit spr\u00e5k i spagaten\u00bb. Ho poengterer at spr\u00e5ket dei skriv, ikkje berre varierer mellom dei forskjellige SoMe-kanalane. Det er ogs\u00e5 avgjerande kven mottakaren er, og d\u00e5 spelar til d\u00f8mes alderen til mottakaren og relasjonen inn. H\u00e5rstad (2021) peiker i artikkelen sin p\u00e5 at den digitale \u00abdialektskrivinga\u00bb heng tett saman med \u00abfolkem\u00e5lspraksiser\u00bb, som ei form for mellompersonleg og relasjonsfokusert spr\u00e5kbruk, og underbyggjer det med at ungdom forventar at ein saman med venar p\u00e5 same alder skriv \u00abp\u00e5 dialekt\u00bb (H\u00e5rstad, 2021, s. 29, s. 37). Som to gode venar som skriv til kvarandre p\u00e5 uformelle\u00a0<em>Messenger<\/em>, forventar derfor Sara at Elise skal skrive dialektn\u00e6rt til ho, mellom anna fordi det er eit teikn p\u00e5 ein n\u00e6r relasjon.<\/p>\n<p>Elise tilpassar derimot skriftspr\u00e5ket ho brukar p\u00e5\u00a0<em>Messenger<\/em>\u00a0etter kven ho snakkar med, og kva slags dialekt mottakaren skriv. Gjennom\u00a0<em>audience design<\/em>\u00a0(Bell, 1984) tilpassar (akkommoderer) avsendaren spr\u00e5ket sitt for \u00e5 passe betre til mottakaren (konvergens), eller for \u00e5 distansere seg fr\u00e5 mottakaren (divergens). Endringa skjer i samspel med kven ein snakkar til. I tilfellet v\u00e5rt er Sara ein s\u00e5kalla \u00abaddressee\u00bb, alts\u00e5 ein kjend, godkjent og tiltalt lyttar, b\u00e5de i chatten mellom dei to og i gruppechatten. Likevel verkar det som at Elise meir eller mindre ubevisst unng\u00e5r \u00e5 skrive p\u00e5 tydeleg nordnorsk dialekt til nokon som skriv tiln\u00e6rma bokm\u00e5l, og akkommoderer derfor skriftspr\u00e5ket sitt.<\/p>\n<p>D\u00e5 Sara la merke til at Elise ikkje skreiv p\u00e5 dialekta si til ho, men til andre venar, tolka ho det som noko negativt. For sj\u00f8lv om dei skriv meir likt n\u00e5r Elise tilpassar spr\u00e5ket sitt, opplever Sara at det skaper ein st\u00f8rre distanse mellom dei. Gjennom konvergens tilpassar Elise spr\u00e5ket sitt til Sara sitt talem\u00e5l fr\u00e5 Ringsaker og den meir bokm\u00e5lsn\u00e6re skrivestilen hennar. Dette kan i utgangspunktet fungere som ein m\u00e5te \u00e5 markere meir n\u00e6rleik til mottakaren, men i dette tilfellet oppfattar Sara det ikkje s\u00e5nn, tvert imot: \u00abEr vi ikkje venar eller?\u00bb<\/p>\n<p>I gruppechatten med fem nordlendingar, og Sara som einaste austlending, svarar Elise stort sett p\u00e5 dialekt. Ho akkommoderer skriftspr\u00e5ket sitt til \u00e5 passe best mogleg til fleirtalet av mottakarane. Unntaket fr\u00e5 dialektbruken hennar er n\u00e5r Sara stiller eit sp\u00f8rsm\u00e5l, for d\u00e5 kjem svaret p\u00e5 bokm\u00e5l. Elise blir truleg p\u00e5verka av kven som har adressert ho og justerer svaret sitt etter det. Dette skjer trass i at dei fire andre nordlendingane held fast p\u00e5 den dialektn\u00e6re skrivem\u00e5ten sin, b\u00e5de f\u00f8r og etter:<\/p>\n<figure class=\"wp-block-image size-large is-resized\"><a href=\"https:\/\/strayalife.files.wordpress.com\/2022\/02\/picture-3.jpg\"><img fetchpriority=\"high\" decoding=\"async\" class=\"wp-image-2017\" src=\"https:\/\/strayalife.files.wordpress.com\/2022\/02\/picture-3.jpg?w=698\" alt=\"\" width=\"380\" height=\"557\" \/><\/a><\/figure>\n<figure class=\"wp-block-image size-large is-resized\"><a href=\"https:\/\/strayalife.files.wordpress.com\/2022\/02\/picture-4.jpg\"><img decoding=\"async\" class=\"wp-image-2018\" src=\"https:\/\/strayalife.files.wordpress.com\/2022\/02\/picture-4.jpg?w=825\" alt=\"\" width=\"380\" height=\"393\" \/><\/a><figcaption><em>Figur\u00a03\u00a0Gruppechat (delt med tillating) kor Elise (til h\u00f8gre i lilla) svarer p\u00e5 bokm\u00e5l p\u00e5 meldinga fr\u00e5 Sara<\/em>(\u00f8vst)<\/figcaption><\/figure>\n<p>Avslutningsvis kan vi gje Rotevatn (2014) rett i ein ting, og det er at kodevekslinga til ungdom er avansert. Kanskje er ho s\u00e5 avansert at vi ikkje ein gong forst\u00e5r ho sj\u00f8lv. I alle fall er det fint for \u00abspr\u00e5kforvirra\u00bb personar som Elise, at ein ikkje<em>\u00a0berre\u00a0<\/em>kommuniserer via SoMe-kanalar, for d\u00e5 treng ein ikkje \u00e5 teke stilling til s\u00e5 mange uskrivne normer og skrivem\u00e5tar til kvar ei tid.<\/p>\n<p>Etter at Sara konfronterte Elise med \u00e5 ikkje \u00abdialektskrive\u00bb til ho, blei ho hoppande glad d\u00e5 ho seinare venta p\u00e5 venninna for \u00e5 dra p\u00e5 tur og fikk meldinga: \u00abe utfor om 15 min\u00bb. Kven veit n\u00e5r Elise plutseleg byter til bokm\u00e5l igjen, men no er ho i alle h\u00f8ve bevisst p\u00e5 kodevekslinga \u2013 og Sara og Elise har blitt enda betre venar.<\/p>\n<p>&nbsp;<\/p>\n<p>&nbsp;<\/p>\n<p>Referansar:<\/p>\n<p>H\u00e5rstad, S. (2020). Spr\u00e5k p\u00e5 nettet \u2013\u00a0tiln\u00e6rmingsm\u00e5tar til digital spr\u00e5kbruk. I L.I. Aa &amp; R.\u00a0Neteland (red.),\u00a0<em>Master i norsk: Metodeboka 1\u00a0<\/em>(s. 140\u2013157). Oslo: Universitetsforlaget. Postprintversjon tilgjengeleg her:\u00a0https:\/\/ntnuopen.ntnu.no\/ntnu-xmlui\/handle\/11250\/2646881<\/p>\n<p>H\u00e5rstad, S. (2021). Digital skriving under den sosiolingvistiske lupen: Har det skjedd en spr\u00e5klig revolusjon? I H. Otnes, L. J\u00f8lle, A.-S. Larsen &amp; L.I. Aa (red.),\u00a0<em>Morsm\u00e5lsfaget som fag og forskningsfelt i Norden<\/em>\u00a0(s. 21\u201345). Oslo: Universitetsforlaget.\u00a0<a href=\"https:\/\/doi.org\/10.18261\/9788215050997-2021-03\" target=\"_blank\" rel=\"noreferrer noopener\">https:\/\/doi.org\/10.18261\/9788215050997-2021-03<\/a><\/p>\n<p>Lundeby, E. (2002). \u00abPolfarernorsk\u00bb. Spr\u00e5knytt 2\/2002.\u00a0Henta 26. januar 2022 fr\u00e5\u00a0<a href=\"https:\/\/www.sprakradet.no\/Vi-og-vart\/Publikasjoner\/Spraaknytt\/Arkivet\/Spraaknytt_2002\/Spraaknytt_2002_2\/Polfarernorsk\/\">https:\/\/www.sprakradet.no\/Vi-og-vart\/Publikasjoner\/Spraaknytt\/Arkivet\/Spraaknytt_2002\/Spraaknytt_2002_2\/Polfarernorsk\/<\/a><\/p>\n<p>Rotevatn, A.G. (2014).\u00a0<em>Spr\u00e5k i spagaten. Facebook-spr\u00e5ket. Om normert spr\u00e5k og dialekt blant vestlandselevar<\/em>. Masteroppgave i nynorsk skriftkultur. H\u00f8gskulen i Volda.<\/p>\n<p>Vangsnes, \u00d8. (2011). Roald Amundsen p\u00e5 polpunktet: ein spr\u00e5kleg \u00abutad\u00e6sj\u00e6l\u00e5pplevelse\u00bb. Bloggtekst p\u00e5 forskning.no. Publisert 14.12.2011. Henta 26. januar 2022 fr\u00e5\u00a0<a href=\"https:\/\/blogg.forskning.no\/oystein-a-vangsnes-blogg\/roald-amundsen-pa-polpunktet-ein-sprakleg-utadaesjaelapplevelse\/1114754\">https:\/\/blogg.forskning.no\/oystein-a-vangsnes-blogg\/roald-amundsen-pa-polpunktet-ein-sprakleg-utadaesjaelapplevelse\/1114754<\/a><\/p>\n<p>Vangsnes, \u00d8. (2019). Dialekt i sosiale medium \u2013\u00a0det norske perspektivet.\u00a0<em>Spr\u00e5k i Norden<\/em>,\u00a0<em>2019<\/em>, 94\u2013109.\u00a0<a href=\"https:\/\/tidsskrift.dk\/sin\/article\/view\/114949\" target=\"_blank\" rel=\"noreferrer noopener\">https:\/\/tidsskrift.dk\/sin\/article\/view\/114949<\/a><\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"<p>Av Elise Bremnes og Sara Fl\u00f8tlien Nordiskstudentar ved lektorprogrammet UiT Sara sukkar. Ho ser oppgitt ned p\u00e5 mobiltelefonen. Ei ny melding fr\u00e5 Elise. Ho har ein tanke som ho har grubla p\u00e5 ei stund. No skriv ho meldinga og trykkar p\u00e5 \u00absend\u00bb:\u00a0\u00abElise, \u00e5ffer skriver du ikke p\u00e5 dialekt til meg?\u00bb Elise kjem fr\u00e5 Troms\u00f8 by [&hellip;]<\/p>\n","protected":false},"author":123533,"featured_media":433,"comment_status":"open","ping_status":"open","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"footnotes":""},"categories":[3],"tags":[],"class_list":["post-427","post","type-post","status-publish","format-standard","has-post-thumbnail","hentry","category-studentinnlegg"],"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/site.uit.no\/some\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/427","targetHints":{"allow":["GET"]}}],"collection":[{"href":"https:\/\/site.uit.no\/some\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/site.uit.no\/some\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/site.uit.no\/some\/wp-json\/wp\/v2\/users\/123533"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/site.uit.no\/some\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=427"}],"version-history":[{"count":6,"href":"https:\/\/site.uit.no\/some\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/427\/revisions"}],"predecessor-version":[{"id":437,"href":"https:\/\/site.uit.no\/some\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/427\/revisions\/437"}],"wp:featuredmedia":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/site.uit.no\/some\/wp-json\/wp\/v2\/media\/433"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/site.uit.no\/some\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=427"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/site.uit.no\/some\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=427"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/site.uit.no\/some\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=427"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}