Kvenfolkets dag 2021

Fakultet for humaniora, samfunnsvitskap og lærarutdanning (HSL-fak) og Universitetsbiblioteket (UB) ved UiT Noregs arktiske universitet ønskjer å markera Kvenfolkets dag med å offisielt lansera tidsskriftet Arina som ope tilgjengeleg nettutgåve.

Arina: Nordisk tidsskrift for kvensk forskning / Pohjoismainen kveenitutkimuksen aikakausjulkaisu blei i fjor digitalisert og er no ope tilgjengeleg gjennom UiT si publiseringsteneste Septentrio Academic Publishing: https://septentrio.uit.no/index.php/arina/issue/archive.

Tidsskriftet Arina: Nordisk tidsskrift for kvensk forskning / Pohjoismainen kveenitutkimuksen aikakausjulkaisu publiserte mellom 2002 og 2010 fem utgåver med innhald om forsking relatert til kvener og det kvenske. Redaktørar for tidsskriftet var Anitta Viinikka-Kallinen (Universitetet i Tromsø) og Egil W. Sundelin (Høgskolen i Finnmark). I alt blei det publisert rundt 30 artiklar. Alle artiklane er publisert på to språk; norsk eller svensk og finsk. Nokre få tekstar er på kvensk. Artiklane femner om fleire emne, som kulturhistorie, litteraturvitskap, samfunnsvitskap og språkvitskap. Artikkelforfattarane kjem frå Noreg, Finland, Sverige og Russland, og representerer framståande minoritetsforsking innan dei ulike fagområda. Mange av artiklane formidlar kunnskap og forskingsresultat som kom med nye perspektiv den gongen artiklane kom ut, og som framleis er aktuelle i dag.

Det er Arina-redaktør Anitta Viinikka-Kallinen, førsteamanuensis i finsk og kvensk kultur og litteratur på Institutt for språk og kultur, og Philipp Conzett, fagansvarleg for finsk og kvensk ved Universitetsbiblioteket, som har initiert og halde i trådane for digitaliseringsprosjektet. Dei har kontakta over 40 forfattar og omsetjarar for å få samtykket deira til å leggja Arina-artiklane deira ut på nett med open tilgang («Open Access»). Med seg har dei hatt eit kompetent lag på Universitetsbiblioteket.

Det overordna målet og ønsket med dette digitaliseringsprosjektet har vore å gjera kunnskap om kvensk forsking meir tilgjengeleg, også utover akademia, og dermed å bidra til den pågåande revitaliseringa av kvensk språk og kultur. Sjølv om artiklane er meir enn ti år gamle, står innhaldet seg godt, og den kvenske forskinga som har blitt publisert i Arina når no breiare ut enn nokon gang.

Dekan ved HSL-fak Sonni Olsen og UB-direktør Johanne Raade er svært glade for at Arina no er blitt tilgjengeleg for eit større publikum. UiT er den einaste høgare utdannings- og forskingsinstitusjonen som har kvensk i fagkrinsen, og vi har derfor eit særleg ansvar for kvensk. Det å gjera forskingsbasert kunnskap om kvensk ope tilgjengeleg er eit viktig samfunnsbidrag frå UiT.

 

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *