Påmelding

Wikipedia-akademiet 2015

Sjølve akademiet er gratis og ope for alle. Kostnader for eventuell lunsj og middag må deltakarane dekkja sjølve. Prisane finn du i registreringsskjemaet nedanfor.

Arrangørane deler ut inntil fem reisestipend (kvart på maks kr. 4000,-) som skal dekkja reise og overnatting til personar som ikkje bur i Tromsø, og som ikkje disponerer over reisemidlar frå arbeidsgjevar e.l. Søknad skjer ved å skriva inn ei kort grunngjeving (maks 5000 teikn) i feltet “Reisestipend” i registreringsskjemaet (sjå lenkje nedanfor). Vi prioriterer søkjarar som kan visa til tidlegare arbeid med Wikipedia eller framtidig behov for kunnskap om Wikipedia. Utsett frist for søknad om reisestipend er 13. april.

Vi vil gjerne få oversikt over kven som skal delta på seminaret, så ver god og registrer deg sjølv om du ikkje skal bestilla lunsj og/eller middag.

Utsett påmeldingsfrist: fredag 17. april 2015

Praktisk informasjon

Tilbake til hovudmenyen for akademiet