Praktisk informasjon

Seminaari kainun kielen revitaliseeraamisen ympäri
Seminar om revitalisering av kvensk

Overnatting:
Her finn du informasjon om overnatting i Tromsø. Vi tilrår at du bur i sentrum eller sør på øya.

Transport:
Frå flyplassen til sentrum kan du ta flybussen, vanleg rutebuss nr 42 (går nedfor parkeringshuset; det er bussen som går frå Eidkjosen til Stakkevollan) eller drosje.

Seminaret er lagt til Institutt for lærarutdanning og pedagogikk (ILP, før: Lærarhøgskolen) på Mellomvegen 110.

Slik kjem du deg frå sentrum til seminaret:

  • Buss 37 går frå Fredrik Langes gate 19 (= F5 på dette kartet). Du går av på buss-stoppet som heiter «Lærarhøgskolen». På torsdag kan du ta bussen som går kl 09:40 frå sentrum. På fredag kan du ta bussen som går kl 08:50 frå sentrum. Ein enkeltbillett kostar 45,- kr (23,- kr for honnør).
  • Til fots tek det ca ein halv time. Her ser du ruta du kan ta.
  • Drosje: Det finst to drosjeselskap i Tromsø: Tromsø Taxi og Din Taxi. Her ser du drosjehaldeplassane i sentrum.

Dersom du kjem på seminaret rett frå flyplassen, er det enklast å ta drosje. Alternativt kan du ta buss 42 og byta til buss 37 i sentrum.

På torsdagskvelden er det ordna felles skyss til sosial samankomst med middag på Árdna, som ligg på universitetsområdet i Breivika (= nr 7 på dette kartet). Skyss tilbake til hotellet ordnar deltakarane sjølve.

Lunsj et vi i kantina på ILP.

Tilbake til hovudmenyen for seminaret