Klokka ni i dag morgon, møtte forventingsfulle opp UiT, fem bachelorstudentar, fem masterstudentar, fire frivillige og prosjektleiarane, Johan og Stein. No var me endeleg klare for avreise til Harstad og årets feltkurs.
Me skal grava ut lokaliteten Slottet i Harstad. Dette kulturminnet har vore kjend for arkeologar sidan 1870-åra, men tolkinga og dateringa er framleis usikker.
Det finst to hypotesar. Enten er det snakk om ei bygdeborg frå jernalder eller eit slags forsvarsverk frå mellomalderen, byggja for å motstå russiske plyndringstokt.
Håpet vårt er å avklara kva Slottet faktisk er for noko.

Me sette oss i bilane og starta turen.
Feltleiar Johan rekna med at me skulle vera framme i Harstad omlag klokka tolv. Då me kom fram var klokka to.

Vel framme i Harstad, viste feltleiarane Johan og Stein oss rundt på Slottet. Me gjekk gjennom sikkerheitsrutinar (som var ganske kjedeleg, men sikkert viktig) og plan for utgravinga.

Deretter byrja me å ryddja vegetasjon. Bygdeborga og området rundt er dekkja av mykje planter og tre, som me må fjerna før me kan byrja sjølve å utgravinga.

Etter omlag halvannen times arbeid, drog me avgårde til butikken for å handla mat. Deretter til (nedlagde) Harstad Folkehøgskole, kor me skal bu dei neste to vekene.

Me gler oss til to kjekke veker med arkeologisk feltkurs. Fylgj med vidare på bloggen for å finna ut sanninga om Slottet!
– Kristel, Erlend og Magnus
