Slottet 2026: Dag 3 – Me grev!

Heisann!

Viss du las bloggen i går, lurar du kanskje på korleis det gjekk med innmålinga av den magnetiske susceptibiliteten i går?

På kvelden fekk med prosessert dataa og teikna eit kart som viser korleis nivåa på den magnetiske susceptibiliteten varierer på delar av borgflata.

Dataa frå målinga vår av magnetisk susceptibilitet resulterte i dette kartet.

Dette kartet har vore nyttig for å avgjera kor me skulle byrja å grava. I dag starta me nemleg på to 1×1-meters ruter. Gravearbeidet er altså i gong!

I den eine ruta fann me ein lita jernklump og i den andre ein rusten spikar og nokre glasskar. Ikkje superspennande funn, men likevel utruleg gøy å vera i gong med å læra seg denne delen av det arkeologiske handverket.

Ingrid og graveruta.

Me heldt også fram med å måla den magnetiske susceptibiliteten på resten borgflata, for å laga eit endå større kart.

I tillegg brukte Johan ein drone til å fotografera flata. Dronefotoa skal brukast til å laga ein fotogrammetrisk model av terrenget – altså ein 3D-modell som viser topografien.

Fotogrammetri går ut på å ta haugevis av bilete frå ulike vinklar og med overlapp. Ein datamaskin kan dimed rekna ut plassering og form til ulike objekt og laga ein 3D-modell.

Mange av masterstudentane brukte dagen på å renska borgmuren for vegetasjonen. Seinare skal me også laga ein fotogrametrisk modell som dokumenterer sjølve borgmuren.

Masterstudentane renska muren.

Varmen og sola har vore like ille i dag som i går. Det var difor perfekt at Johan måtte dra på butikken for handla verktøy, han kjøpte nemleg med seg is til heile arbeidscrewet. Sinnsjukt godt i varmen!

Dersom bloggen har lesarar i Harstad-området, kan me opplysa om at me ikkje blir sure dersom dokker kjem me kake eller vaflar til oss. 

– Erlend og Magnus

Slottet 2026: Dag 2 – Magnetisk suscepti… kva då for noko?

Etter å ha starta å klargjera området i går, blei det i dag den store totalstasjon- og magnetisk susceptibilitet-dagen for underteikna.

No lurar du kanskje på kva ein totalstasjon og magnetisk susceptibilitet er for noko?

Ein totalstasjon er ein artig dings som me brukar til å måla strukturar, funn og sånn inn i eit koordinatsystem. Me hadde ein stav som «snakkar» med ein liten boks. Boksen, ein såkalla «teodolitt», står på ein fast plass, medan me tek staven bort til tinga me skal måla inn. På den måten blir plasseringa til interessante ting registrert.

Det fyrste me måla inn var ei merkeleg grop ytst på berget, som nokre meiner blei sprengd til under andre verdskrig.

Montering av totalstasjonen.

Magnetisk susceptibilitet er ifylgje Store norske leksikon «er et mål for hvor mye et materiale vil bli magnetisert når det befinner seg i et magnetisk felt». 

Me brukte ein anna dingseboms (sjå bilete under) for å måla den magnetiske susceptibiliteten på sjølve borgflata. Alle innmålingane blei sjølvsagt også registert inn i koordinatsystemet vårt med hjelp av totalstasjonen.

Johan med dingsebomsen som målar den magnetiske susceptibiliteten

Informasjonen om den magnetiske susceptibiliteten er interessant for avgjera kor det er best å opna graveruter. Til dømes er ofte den magnetiske susceptibiliteten negativ («diamagnetisk» på fagspråket) der kor det er mykje organisk materiale.

Totalstasjonen.

Mange av dei andre studentane heldt fram med å ryddja skog. Me fekk også hjelp av ein lokal mann med motorsag. Området kring borgmuren har no blitt utrelg fint.

Det er no mykje mindre vegetasjon på Slottet.

Det er veldig kjekt å få besøk på utgravinga. I dag dukka det opp to klassar frå vaksenopplæringa som fekk sjå og høyra om arbeidet vårt.

Elles har me hatt eit strålande vêr – masse sol og litt vel varmt. (Er det ordføraren i Harstad me tek kontakt med for å få skrudd ned temperaturen??)

– Erlend og Magnus

Slottet 2026: Dag 1 – Byrjinga på eventyret

Klokka ni i dag morgon, møtte forventingsfulle opp UiT, fem bachelorstudentar, fem masterstudentar, fire frivillige og prosjektleiarane, Johan og Stein. No var me endeleg klare for avreise til Harstad og årets feltkurs. 

Me skal grava ut lokaliteten Slottet i Harstad. Dette kulturminnet har vore kjend for arkeologar sidan 1870-åra, men tolkinga og dateringa er framleis usikker. 

Det finst to hypotesar. Enten er det snakk om ei bygdeborg frå jernalder eller eit slags forsvarsverk frå mellomalderen, byggja for å motstå russiske plyndringstokt.

Håpet vårt er å avklara kva Slottet faktisk er for noko.

Me sette oss i bilane og starta turen. 

Feltleiar Johan rekna med at me skulle vera framme i Harstad omlag klokka tolv. Då me kom fram var klokka to.

Arkeologistudentane på veg til Harstad.

Vel framme i Harstad, viste feltleiarane Johan og Stein oss rundt på Slottet. Me gjekk gjennom sikkerheitsrutinar (som var ganske kjedeleg, men sikkert viktig) og plan for utgravinga.

Trea må vekk før me kan byrja å grava.

Deretter byrja me å ryddja vegetasjon. Bygdeborga og området rundt er dekkja av mykje planter og tre, som me må fjerna før me kan byrja sjølve å utgravinga.

Dei frivillige masterstudentane gjekk i gong med å måla opp noko greier som underteikna ikkje heilt fekk med seg. I ettertid har me blitt fortalde at det dreidde seg om såkalla fastmerke til totalstasjonen.

Etter omlag halvannen times arbeid, drog me avgårde til butikken for å handla mat. Deretter til (nedlagde) Harstad Folkehøgskole, kor me skal bu dei neste to vekene.

Fasjonable fasilitetar på Harstad folkehøgskole.

Me gler oss til to kjekke veker med arkeologisk feltkurs. Fylgj med vidare på bloggen for å finna ut sanninga om Slottet!

– Kristel, Erlend og Magnus

Secret Link